Velkommen! | Om Stordal sogelag | Om Stordal | Sogelagsarbeidet | Langseterdagane | På tur | Portrettet | Bildearkiv | Kontakt |

Tur med Oppleving og Læring

Fjord Fjell Friluftsparken i MRF og
Konseptet: Tur med Oppleving og Læring
Stordal, 10. november 2007

Beskrivelse av
KONSEPTET TUR MED OPPLEVING OG LÆRING
Dette er eit prosjekt som har sitt utgangspunkt i Bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal som Stordal Sogelag har arbeidd med sidan 2002. Det reelle grunnlaget for prosjektet er Intersogelagssamarbeidet og Den Store Hesteferda 2004.
Kort om:
Fjord Fjell friluftsparken i Møre og Romsdal

Ideen til dette prosjektet kom naturleg fram som eit vidareføringstiltak etter DEN STORE HESTEFERDA 2004 og NRK-filmen Vegen mot Romsdals Marked. Midt inne på fjellet mellom Langsætrane i Stordal og Bøstølen i Innfjorden ligg Trollkyrkjegarden. Hesteferdene som kom frå Nordfjord og gjekk opp gjennom Stordal passerte Trollkyrkjegarden. Det gjorde også hesteferdene som kom frå Tresfjord og Valldal. Alle gjekk dei så vidare via Litlevatnet til Bøstølen i Innfjorden. Trollkyrkjegarden danner såleis også i denne samanheng eit midtpunkt på fjellet mellom mange omliggande bygder på Indre Sunnmøre og Romsdal.

Tanken om å utvikle dette felles fjellområdet, er såleis svært naturleg sett i eit historisk perspektiv, men dertil minst like vesentleg sett med notidas auge. Gamle ferdselsvegar og kulturminner gror igjen og historiske og kulturelle verdiar går tapt for alltid.

Ein kan sjå på eit slikt vern som eit tiltak for ny aktiv bruk av disse områda. Utkantbygdene som er truga av fråflytting kan få nytt liv og nye arbeidsplassar gjennom nye UTMARKSNÆRINGAR. Dette kan skje ved langsiktig og målretta tiltak og prosjekter. Dette er det som i kortheit er idegrunnlaget for prosjektet Fjord Fjell Friluftsparken i MRF.
Det regionale prosjektet Fjord Fjell Friluftsparken i MRF er kome i stand etter initiativ og deltaking frå bygdene Stordal, Valldal, Innfjorden, Måndalen og Tresfjord som etablerte eit godt samarbeid under Hesteferdåret 2004. Som ei synleggjering også via Internett – arbeides det aktivt for å realisere Konseptet Tur med Oppleving og Læring. Tiltaka Trollkyrkjegardsdagen og Lang-sæterdagane er ledd i prosessen med å realisere ovanståande prosjekt.

Vi skal så her på framanforståande bakgrunn kort prøve å beskrive
KONSEPTETTUR MED OPPLEVING OG LÆRING

Først og fremst er dette eit avansert dataprosjekt der siktemålet er å presentere ei mengd interssante opplysningar knytt til det fysiske fjellområdet som vi har kalla FFF i MRF.
Utgangspunktet for dette er:
EIT OMFATTANDE TURSTINETT
i fjellområda mellom bygdene Stordal, Valldal, Innfjorden, Måndalen og Tresfjord. Dette turstinettet skal vere rydda, merka og skilta.
I heile dette fjellområdet skal ein så:
REGISTRERE ALLE SLAGS KULTUTRMINNER OG ANNA SOM KAN VERE GRUNNLAG FOR OPPLEVING OG LÆRING.

Dette skal så systematiserast og leggast inn i
EIN AVANSERT DATABASE
som også inneheld koblingar mellom dei registrerte turane knytt opp mot digitale kart og opplevings- og læreelementa.

Sentrale informasjonsobjekt vil vere sæterstølar, stadnamn, gamle bygninger, tufter og andre kulturminner, historiske hendinger, geologi og biologisk mangfald. Disse dataene vil vere tilgjengelege på Internett. På denne måten kan alle turar i heile området få ein ny dimensjon. Ein vil ikkje berre kunne gå ein merka tur, men vil få tilgang til ei mengd interessant informasjon om turen.

DET ER ALLEREIE ARBEIDD MED DETTE PROSJEKTET EIT PAR ÅRS TID.
Etter kvart vil Stordal Sogelag presentere meir informasjon frå det vidare arbeid med dette prosjektet.


Stordalsportalen.no Stordal Sogelag 2014 - Alle rettigheter forbeholdt Admin

Stordal Sogelag