Fjord Fjell Friluftsparken i MRF
og
Beskrivelse av Ideen til dette prosjektet kom naturleg fram som eit vidareføringstiltak etter DEN STORE HESTEFERDA 2004 og NRK-filmen Vegen mot Romsdals Marked. Midt inne på fjellet mellom Langsætrane i Stordal og Bøstølen i Innfjorden ligg Trollkyrkjegarden. Hesteferdene som kom frå Nordfjord og gjekk opp gjennom Stordal passerte Trollkyrkjegarden. Det gjorde også hesteferdene som kom frå Tresfjord og Valldal. Alle gjekk dei så vidare via Litlevatnet til Bøstølen i Innfjorden. Trollkyrkjegarden danner såleis også i denne samanheng eit midtpunkt på fjellet mellom mange omliggande bygder på Indre Sunnmøre og Romsdal. Tanken om å utvikle dette felles fjellområdet, er såleis svært naturleg sett i eit historisk perspektiv, men dertil minst like vesentleg sett med notidas auge. Gamle ferdselsvegar og kulturminner gror igjen og historiske og kulturelle verdiar går tapt for alltid.
Ein kan sjå på eit slikt vern som eit
tiltak for ny aktiv bruk av disse områda.
Utkantbygdene som er truga av fråflytting kan
få nytt liv og nye arbeidsplassar gjennom nye
UTMARKSNÆRINGAR. Dette kan skje ved langsiktig
og målretta tiltak og prosjekter. Dette er det
som i kortheit er idegrunnlaget for prosjektet Fjord
Fjell Friluftsparken i MRF.
Vi skal så her på framanforståande
bakgrunn kort prøve å beskrive
Først og fremst er dette eit avansert
dataprosjekt der siktemålet er å
presentere ei mengd interssante opplysningar knytt
til det fysiske fjellområdet som vi har kalla
FFF i MRF.
Dette skal så systematiserast og leggast inn
i Sentrale informasjonsobjekt vil vere sæterstølar, stadnamn, gamle bygninger, tufter og andre kulturminner, historiske hendinger, geologi og biologisk mangfald. Disse dataene vil vere tilgjengelege på Internett. På denne måten kan alle turar i heile området få ein ny dimensjon. Ein vil ikkje berre kunne gå ein merka tur, men vil få tilgang til ei mengd interessant informasjon om turen.
DET ER ALLEREIE ARBEIDD MED DETTE PROSJEKTET EIT PAR
ÅRS TID. |