Velkommen! | Om Stordal sogelag | Om Stordal | Sogelagsarbeidet | Langseterdagane | På tur | Portrettet | Bildearkiv | Kontakt |

Den Store Hesteferda 2004

 

 

Dette notatet var skreve av Einar J. Hove der han også hadde konsultert Ragnar Standal. Notatet omhandlar litt om dette tiltaket og bakgrunn for prosjektet Det er skreve frå møtet på Toreselet den 12. oktober 2002, kven som deltok, innlegg som vart haldne, ulike synspunkt som dei frammøtte kom fram med og kva ein gjer vidare. Reidun Hove hadde kokt Toreselsuppe, Vigdis Lien og Bjørg Hjelmset stod for serveringa. Dette blei eit hyggeleg og nyttig møte på Toreselet.

Notatet fører prosjektet eit steg framover og oppmodar dei mest aktuelle bygdelagsorganisasjonane å ta formelle standpunkt til vidareføring av prosjektet. PC-skriving og bildebehandling er gjort av John Kåre Hove.

 

 

TILTAKET OG BAKGRUNN FOR PROSJEKTET.
Det konkrete utgangspunkt for dette prosjektet er bøkene til Ragnar Standal med den litt spesielle benemninga VEGAR FØR VEGAR VAR. Disse bøkene nærmast ber om at ein tek fatt i dette stoffet og vidarefører dette gode grunnlaget på ein eller annan måte.

MØTET PÅ TORESELET, LANGSÆTRANE, STORDAL DEN 12. OKTOBER 2002

På ulikt vis vart det teke kontakt med personer i alle aktuelle bygdelag og
sendt kopier frå bøkene til Ragnar Standal for det som omhandlar ferda-
leia til Romsdalsmarknadene. Det vart også skreve noko om idegrunnlaget
for eit muleg INTERBYGDELAGSSAMARBEID. Dette resulterte i det
møtet som vart halde den 12. oktober 2002.

 

Bildet viser nokre av dei personane som deltok på Toreselmøtet, her
framfor Huldra på Toreselet.

INNKALLINGA TIL MØTET, MØTEPROGRAM OG DELTAKARAR
Bak i dette notatet er kopi av innkallinga lagt ved. Møteprogram var sett opp og innkallinga sendt ut.

Bilda nedanfor viser deltakarar frå møtet.
På dette møtet deltok Ragnar Standal, Oddbjørn Langlo, Ole Gjerde, Line Gjerde, Judith Muster, Jacob Kjersem, Harald Krøvel, Einar Gridset, Ottar Slettevold, Alf Overøye, Vigdis Lien, Bjørg Hjelmseth, Reidun Hove, og Einar J. Hove.

 

Disse to bilda viser deltakarane på møtet.

INNLEIING OG OVERSIKTSINNLEGGA
NOKRE INNLEIANDE TANKAR VED EINAR J. HOVE
Einar J. Hove ynskte velkomen og gjennomgjekk ein del tankar som han hadde om eit muleg SAMARBEID OVER BYGDEGRENSENE basert på Ferdaleiene frå Nordfjord gjennom mange bygder til Romsdalsmarknadene.

 

Bilde av Toreselet slik det var før 1942

VEGAR FØR VEGAR VAR
Ragnar Standal fortalde litt om seg sjølv og kva han har gjort. Vidare kom han litt inn på ferdaleia frå Nordfjord og gjennom mange bygder og kryssing av fleire fjordar.

ROMSDALSMARKNADEN VED EINAR GRIDSET
Einar Gridset har skreve detaljert og omfattande om Romsdalsmarknaden. Han las opp dette, ei avhandling på 10-11 sider.

SYLTEMARKNADEN VED JAKOB KJERSEM
Jakob Kjersem fortalde om Syltemarknaden og samkvemet med grannebygdene. Det er skreve utførleg om Syltemarknaden i BYGDEBOK FOR TRESFJORD. Etter disse innlegga vart det servert kaffe og kjeks i sola på terassen på Toreselet.

 

Kaffe og kaker i sola på terrassen på Toreselet

SYNSPUNKT OG MEININGSUTVEKSLINGAR
ORDSTYRAR ODDBJØRN LANGLO
Etter kaffepausen blei ordet fritt til å kome med synspunkt knytt til dette tema under leiing av ordstyrar Oddbjørn Langlo. Det er ikkje skreve noko referat frå dette ordskiftet, men vi har lista opp dei forskjellige tema, idear og tankar som kom fram.

KVA GJER VI NO VIDARE. OPPMODING OM OPPFYLGJING TIL
RAGNAR STANDAL OG EINAR J. HOVE
Ordstyrar Oddbjørn Langlo summerte opp frå framanforståande meiningsutveksling. Hovedkonklusjonen var at dette var eit godt prosjekt å arbeide vidare med. Forsamlinga slutta seg til å oppmode Ragnar Standal og Einar J. Hove å skrive ut eit grunnlag som kunne sendast til dei aktuelle lag og organisasjonar til formell handsaming.

ETTER OPPMODING FRÅ DEI FRAMMØTTE HAR RAGNAR STANDAL OG EINAR
J. HOVE GJEVE ETTERFYLGJANDE TILBAKEMELDING OM VIDARE TILTAK
Dette er skreve som eit grunnlag for styra i dei aktuelle laga til å handsame som formell sak.

HISTORISK OG KULTURELL AKSE
Hovedleia som hesteferdene til Romsdalsmarknaden fylgde gjekk gjennom Bondalen, Habbostadalen, Stordalen, Stordal/Innfjordfjellet og Innfjorden. Men her var også viktige bileier. Dette prosjektet vil arbeide med soge- og kulturelt stoff knytt til disse bygdelaga etter denne aksen.

TILTAKSANSVAR SOM KVILER PÅ KVAR ENKELT LAG/ORGANISASJON
Ein vil søkje å skape eit fellesprosjekt, men den viktigaste delen av arbeidet må skje i dei enkelte lag/organisasjonar sin eigen regi.

ORGANISASJONSSTRUKTUR OG SAMARBEIDSMØNSTER.
Det vil vere opp til det enkelte lag/organisasjon å beslutte om kva og korleis ein vil engasjere seg. Eit fellesorgan bør etablerast, f.eks med ein representant eller to frå dei laga som vil vere med i det vidare arbeid.

TYPE STOFF SOM DET KAN VERE AKTUELT Å ARBEIDE MED I PROSJEKTET.
Det bør vere stor fridom til å arbeide med mange slags typer stoff i prosjektet. Dette kan vere:
- sjølvsagt alt som har direkte tilknytning til marknadsferdene, men også:
- kulturminner i terrenget, eksempelvis bogesteller, dyregraver, gamle bustader, tufter, gamle hus o.s.v.
- lokalhistorisk stoff av generell interesse
- historier/forteljinger/anekdoter
- ferdamat, ferdaklær og utstyr som blei brukt
- samkvem mellom bygdene
- friluftsturar og naturopplevingar
- frilufts- og kulturarrangement

Etter dette møtet vart det halde 6 møter og skrive 7 hefter om framveksten av Den Store Hesteferda 2004 og NRK-filmen Vegen mot Romsdals Marked. I det etterfølgende tek vi med nokre få sider frå dei siste hefta som blei laga.

FRÅ OPPSUMMERINGS- OG EVALUERINGSHEFTA TEK VI HER MED:

 

INNLEDNING

Dette er eit VEDLEGG til
EVALUERINGS- / OPPSUMMERINGSRAPPORTEN
FRÅ
Den Store Hesteferda 2004
SOM NO ER GJENNOMFØRT OG KOMEN I MÅL
DATERT STORDAL, 12. OKTOBER 2004

I dette vedlegget har dei enkelte laga og gruppene etter beste evne prøvd å liste opp navn på alle dei personane som har delteke i ei eller anna form for dugnadsarbeid før, under og etter Den Store Hesteferda 2004. Dette har ikkje vore berre lett då antalet dugnadsfolk har vore utruleg stort. Dertil har dugnadsarbeidet gått over lang tid – ein må rekne 6 – 7 månader – og bestått i ei lang rekke aktivitetar leia av mange forskjellige personar.

Dugnadsarbeidet har omfatta minst fylgjande typer aktivitetar:

  • Gå opp og merke av ridetrasear, stier og gamle vegar
  • Rydde og utbetre disse og andre aktuelle sceneområder
  • Ulike typer arbeid knytt til tufter, hus og bygningar
  • Ulikt arbeid knytt til ”skjerming” av tak, bygningar og andre innretninger
  • Gå opp og identifisere fotopunkt, interessante områder for filming, kome med forslag til og delta i synfaringer saman med NRK
  • Gjennomsøke ”heile bygda” etter klær og kostymer og legge disse fram for kostymekunnige i historisk samanheng – utvelging og retur
  • Kjøpe og låne kostymer / klær, kjøpe stoff og sy ein heil del klær
  • Delta i ”utlånsaktivitetar” og frakte klær og kostymer frå plass til plass
  • Skaffe deltakarar / statister til alle tablåa, passe klær på konkrete personer og halde oversikt over klær mot personer
  • Sørge for å få klær tilbake, rense, vaske og levere klær tilbake
  • Finne tidsriktig utstyr av mange slag, låne dette, levere til dei enkelte scenene, hente utstyret tilbake og levere tilbake til eigar
  • Bygge opp scener og tilrettelegge for filming
  • Skrive ut replikker, finne folka som skulle delta, iscenesetting, instruere disse og få dei på plass til rett tid i rette klær og sminka for filminga
  • Utføre transportoppdrag av personer, klær, kostymer og utstyr av mange slag
  • Sørge for dugnadsmat til mange folk og til rett tid
  • Tilrettelegge for og bistå filmfolka på forskjellig vis frå scene til scene og frå dag til dag gjerne til langt på kveld
  • Skaffe og utstyre Sunnmørsåttringen og frakte denne til og frå 4 opptaksstader, trene hester på land og om bord,sette opp elektriske gjerder for hestane, forflytning av hestevogner og sørge for mat og overnatting for 15 sentrale hestekarer som deltok på full tid i 10 døgn
  • Delta på ulike nivå med hensyn til å organisere, administrere og planlegge / følge opp heile prosjektet på mange slags områder langsiktig og frå dag til dag over 10 døgn kontinuerleg
  • Utføre ei mengd etterarbeid på mange arbeidsfelt

Vi ber om at hvis ein einaste person måtte mangle på etterfylgjande lister, så blir dette meddelt og vedkomande vil også få sin velfortjente DIPLOM og bli ajourført på listene i heftet.
TOTALT ER 476 PERSONER REGISTRERT I DETTE HEFTET SOM DELTAKARAR
I DENNE GIGANTISKE DUGNADSOPERASJONEN.

TIL SLUTT - TUSEN TAKK FOR KJEMPEINNSATSEN
FOR DEN STORE HESTEFERDA 2004 - EINAR J. HOVE

OVERSIKT OVER DUGNADSGRUPPENE

1. Haualeite - Volda Bygdetun Side 3
2. Hjørundfjord Sogelag Side 4
3. Stranda Sogelag Side 6
4. Stordal Sogelag Side 8
5. Vestnes Sogelag / Tresfjord Side 10
6. INTERESSEGRUPPE INNFJORDEN Side 11
7. HESTEKARAR SOM VAR MED Side 12
8. SUNNMØRE MUSEUM Side 13
9. VALLDAL SOGELAG / NORDDAL Side 13
10. Landbruksmuseet FOR MRF, Gjermundnes Side 14
11. Fortidsminneforeninga på Sunnmøre Side 14
12. Rauma, Grytten Bygdekvinnelag og Devold Gard Side 15


Stordalsportalen.no Stordal Sogelag 2014 - Alle rettigheter forbeholdt Admin

Stordal Sogelag