Velkommen! | Om Stordal sogelag | Om Stordal | Sogelagsarbeidet | Langseterdagane | På tur | Portrettet | Bildearkiv | Kontakt |

Bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal

I april 2002 vart dette prosjektet igangsett. Det vart då halde ei rad med møter og som oppsummering frå disse møta vart det laga ei PROSJEKTUTGREIING. Denne vart bygt opp ved to store hefter; eit Teksthefte og eit Bilagshefte. Disse hefta vart så sendt ut til rundt 80 navngjevne personer.

Vi tek nedanfor med nokre få sider frå disse to hefta – først kjem her framsida på tekstdelen. Denne talar mykje for seg sjølv om kva Bygdeutviklingsprosjektet ØVRE STORDAL går ut på.

 

FORORD

Folket i Stordal vil ikkje akseptere at området ØVRE STORDAL skal bli fråflytta og lagt øyde. Riktig nok er her mange hytter – og fleire er planlagt – i området. Men fast busetjing er ein svært vesentleg faktor for å oppretthalde aktivitet og liv i området, bevare kulturelle og historiske verdiar, ta vare på kulturlandslkapet generelt og gje basis for nye næringar og utvikling.

Dessutan er dette området unikt på svært mange måtar:

Her var for kort tid sidan eit av dei største felles stølsområda i Noreg – Langsætrane.

Her har vore fast busetjing svært langt attende i tida.

I området er her eit stort vassdragsystem med ei rekkje vatn og elvar.

Området er interessant så vel frå ein geologisk, biologisk som ein botanisk synsvinkel.

Øvre Stordal er også interessant geografisk då Langsæterområdet var og er sentralt for kommunikasjon mellom mange omliggjande bygdelag på indre Sunnmøre og Romsdal.

Området er eit perfekt utfartsområde for dei tettare busette områda vestover i Ålesundsregionen.

Øvre Stordal kan utviklast til å bli eit stort opplevings- og læringssenter innan historie, kultur, idretts- og friluftsliv så vel som innan naturfagområda.

Her er basis for studium og forsking innan geologi, biologi, botanikk, arkeologi, historie, kultur og andre spesielle fagområde.

I tillegg til rein oppleving kan området utviklast til eit unikt senter for opplæring knytte til skulesystemet, ungdom og eldre som ynskjer grunnopplæring i ulike emne.

Området kan også gje inspirasjon til bildande kunstnarar og andre skapande og kreative personar.

Med innsats og engasjement trur vi at her kan skapast fleire nye arbeidsplassar knytt så vel til opplevingsaktivitetane som til meir jordbruksrealaterte aktivitetar. Dette notatet er ei prosjektutgreiing av korleis vi meiner å få dette til.

 

Utgangspunktet for dette prosjektet er Stordal Kommune sin IDE-DUGNAD i Grendasalen den 11. oktober 2001. På dette møtet presenterte Einar J. Hove ei ide’skisse til prosjektet ØVRE STORDAL. Denne ide’skissa blei godt motteken.

Det første utkastet til prosjektutgreiing blei gjort av Einar J. Hove, som i tillegg til eigne vurderingar, hadde basert seg på synspunkt så vel frå landbruksnæringa sine representantar som andre bygdefolk.

Det fyrste utkastet, datert 18.01., blei sendt ut i 60 eksemplar til ”høyring” og tilbakemelding og synspunkt. Landbrukskontoret, ved landbrukssjef Toralv Klokkehaug, har vore ein engasjert medspelar når no denne utgåva av prosjektutgreiinga, datert 15.04. blir sendt ut.

Eit stort og representativt tal av alt folket i Stordal Kommune støtter NO DETTE PROSJEKTET MED SINE UNDERSKRIFTER. DETTE ER VIST I BILAG 13.

STORDAL 15. APRIL 2002

Skriving og redigering av denne utgåva av prosjektutgreiinga er gjort ved eit samarbeid mellom underteikna.

__________________

Einar J. Hove

________________

Toralv Klokkehaug

I N N H A L D

1. BAKGRUNN
2. IDEGRUNNLAG
3. STORDAL OG ØVRE STORDAL GEOGRAFISK PLASSERT
4. ØVRE STORDAL LITT MEIR DETALJERT BESKRIVE
5. ØVRE STORDAL EIT UNIKT OMRÅDE
6. GRUNNLEGGJANDE MÅLSETJINGAR, BASISFØRESETNADER OG PREMISSER
7. TO HOVUDMÅLSETJINGAR
7.1 BEVARE OG AUKE FAST BUSETJING
7.2. SKAPE EIT OPPLEVING- OG LÆRINGSSENTER
8. NATURFAGLEG INNFALLVINKEL
8.1 GEOLOGI
8.1.1 FRÅ DEI FØRSTE FOTEFAR
8.1.2 KVAR KOM DEI FØRSTE STORDALINGAR FRÅ
8.2. BIOLOGI, BOTANIKK OG STORDALSVASSDRAGET
8.3. KLIMA OG VEGETASJONSSTUDIUM
8.4. ARKEOLOGI
8.5. ARBEIDSOPPGÅVER KNYTTE TIL NATURFAGLEGE OMRÅDE
9. KULTUR OG HISTORISK INNFALLSVINKEL
10. FRILUFTSMESSIG OG IDRETTSMESSIG INNFALLVINKEL
10.1 FJELLOVERGANGANE
10.2 FJELLTOPPAR I OMRÅDET
10.3 TURAR I TILKNYTNING TIL FJELLOVERGANGAR OG FJELLTOPPAR
10.4 SPESIELLE TURAR KNYTTE TIL NATURFAGOMRÅDA, KULTUR OG HISTORIE
10.5 ETABLERING AV NYE IDRETTAR I OMRÅDET
11. NOKRE SPESIELLE ARRANGEMENT OG DELPROSJEKT
11.1 TIL TOPPS I ØVRE STORDAL
11.2 ARRANGERT TUR MED UTGANGSPUNKT FRÅ OMLIGGJANDE BYGDER TIL
LANGSÆTRANE
11.3 GUDSTENESTE OG KULTURARRANGEMENT PÅ LANGSÆTRANE
11.4 VILLMARKSAFARI I ØVRE STORDAL
11.5 NATURFAGLEGE OBSERVASJONAR, DIGITAL VIDEO OG EIGNE MULTI-
MEDIEPRODUKSJONAR
11.6 GAMLE MATTRADISJONAR I STORDAL – OG MERKEVARA STORDALSMAT
PÅ ALLE FAT
11.7 SENTRALISERT ELLER DESENTRALISERT ”GARDSMUSEUM” I ØVRE STORDAL
11.8 TO SPESIELLE PROSJEKT I STORDALSVASSDRAGET
11.9 VI I ØVRE STORDAL
11.10 BYGGJE EI HEILT SPESIELL FJELLSTOVE
12. ANDRE TILTAK, AKTIVITETAR, DELPROSJEKT OG IDE’AR
13. TILKOMST, VEGAR, PARKERINGSPLASSAR OG FINT TILRETTELADE
ENDESTASJONAR
14. TYPAR ARBEID SOM SKAL GJERAST OG PLANLAGT KORLEIS FÅ DETTE
UTFØRT
15. PROSJEKTORGANISASJONEN
16. PROSJEKTETS MÅLGRUPPER OG MARKNADSFØRING
17. BUDSJETT

1. BAKGRUNN

Svært mange vil kjenne igjen nedanforståande karakteristikkar av utviklingstrekk frå dei siste 10-åra:

- Fråflytting og avfolking av utkantane og inn til sentrum i dei enkelte bygdelaga.
- Bygdelaga avfolkast også og folk flyttar til byområder.
- Kulturelle og historiske verdiar går tapt
- Røter til historie, slekt og andre tilhørigheitsfaktorer tapes for alltid
- Ungdom og oppveksande slekter misser viktig forankring og identitet
- For lite friluftsliv, fysiske aktivitetar og naturopplevingar.

I staden får vi:

- Skadeverknader frå tette befolkningssentra.
- For einsidig fokus på materielle verdiar
- Tom livsnyting og lettvint underhaldning
- Oppjaga tempo og stressa befolkning.
- Mellommenneskeleg samkvem minkar sterkt.

Ovanståande er kjende beskrivingar frå vår moderne tid

Dette prosjektet vil motverke denne utviklinga og sette fokus og tiltak inn i ei markert ny utviklingsretning i vårt eige nærmiljø

2. IDEGRUNNLAG

Vi trur at svært mange ser og synes ille om den utviklinga av samfunnet som er beskrive framanfor.

Vi trur at svært mange vil gjere ein innsats som kan motverke disse nega-tive utviklingstrekka – dersom nokon kan vise til ein måte, ein metode eller ei organisasjonsform som kan utløyse dei nødvendige drivkreftene i ynskjeleg retning.

Vi trur at politikarar og offentlege instansar vil støtte opp om dette pilotpro-sjektet med midlar som er avsette for slike formål.

Dette prosjektet vil forsøke å få i gang omfattande og positive prosessar mot ålmenne og ideelle målsettingar for og i vårt eige nørmiljø.

Dette prosjektet ynskjer å engasjere så mange enkeltpersonar og grupper som mogeleg i eit felles tiltak for nødvendige og ideelle målsetjingar for bygda vår og nærdistriktet.


Stordalsportalen.no Stordal Sogelag 2014 - Alle rettigheter forbeholdt Admin

Stordal Sogelag