Velkommen! | Om Stordal sogelag | Om Stordal | Sogelagsarbeidet | Langseterdagane | På tur | Portrettet | Bildearkiv | Kontakt |

Fjord Fjell og Friluftsparken

FJORD FJELL FRILUFTSPARKEN
I MØRE OG ROMSDAL

Det er skreve mange hefter i mange samanhenger om dette prosjektet. I det etterfølgende tek vi med nokre sentrale punkt frå eit av disse hefta.

 

Her introduserer vi prosjekta:
* Fjord – Fjell – Friluftsparken i Møre og Romsdal Fylke og
* LANGSÆTERDAGANE som ledd i utviklinga av FFF i MRF

Etterfølgende er ei orientering om disse prosjekta.
Fjord – Fjell – Friluftsparken er eit langsiktig prosjekt som det vil ta mange år å utvikle og vil bero på stor deltaking frå mange om dette prosjektet skal bli ein realitet.

Langsæterdagane er eit ledd i denne utviklinga og Langsæterdagane 2005 er eit konkret arrangement som vil gå føre seg i tida 26. – 27. – og 28. august 2005. Disse arrangementa vil vi i Stordal lage til ein tradisjon kvart år i siste veka i august.

Den første dagen i disse arrangementa, Trollkyrkjegardsdagen, FREDAGEN, vil bli spesielt via til å ta opp att tradisjonen med møtestaden på fjellet mellom omliggande bygdelag. Etterfølgende er ei framstilling av dei aktivitetane som så langt er lagt til rette i utviklinga av disse prosjekta og tiltaka.

Intersogelagssamarbeidet prosjekt
Dei Store Hesteferdene 2005

* INTERSOGELAGSSAMARBEIDET

Dette var eit samarbeid mellom mange bygdelag og sogelag som starta med eit møte på Langsætrane hausten 2002. Dette samarbeidet utvikla seg svært positivt og resulterte i DEN STORE HESTEFERDA 2004 og NRK-filmen Vegen mot Romsdals Marked som vart vist i jula same året.

Frå dei store Evalueringshefta som blei skrivne av Stordal Sogelag, temahefte nr. 6.8. datert 12. oktober 2004, tek vi med etterfylgjande. Dette var mellom anna skrive som innleiing – hovedoppsummering i dette heftet.

Intersogelagssamarbeidet Den Store Hesteferda 2004.
INNLEIING – HOVEDOPPSUMMERING.

Det er bøkene til Ragnar Standal, Vegar før Vegar Var, som er inspirasjonskilda til INTERSOGELAGSSAMARBEIDET og Den Store Hesteferda 2004. Disse bøkene inneheld oversikter over kvar folk og dyr tok seg fram før våre vegar og fergesamband. Dei inneheld informasjon om slike samband mellom bygdene i Nordfjord, på Sunnmøre og i Romsdal. Hesteferdene frå Nordfjord tvers over Sunnmøre til Romsdalsmarknadene var ei svært viktig ferdalei, men bøkene inneheld mykje meir interessant stoff.

Ragnar Standal og Einar J. Hove møttest sommaren 2002 og vart samde om at dei ville prøve å blåse liv i eit samarbeid mellom bygdene langs denne ferdaleia. Etter innbyding til mange lag og organisasjoner møttest representanter frå Hjørundfjord, Stranda, Stordal, Tresfjord, Innfjord, Kulturetaten i Rauma og Fortidsminneforeninga på Sunnmøre til eit innleiande møte på Toreselet på Langsætrane den 12. oktober 2002. Etter dette møtet vart det første heftet skrive og sendt ut. Dette starta framveksten av INTERSOGELAGSSAMARBEIDET og seinare konkretiseringa av Den Store Hesteferda 2004.

I 2003 vart det halde 2 store møter og skrive tre hefter som dokumentasjon på tiltaket si utvikling. Hausten 2003 vart det teke kontakt med hestemiljøa i Fylket då representert ved Hans Kolbein Dahle og Bjørn Kjersem. Skulle ein få synleg-gjort dei store hesteferdene måtte sjølvsagt eit større antal hester førast gjennom disse til dels strabasiøse ferdavegane.

 

Det store hestefølget passerer steingjerdet nedanfor Kvitlanestølen på Langsætrane

Etter invitasjon frå Intersogelags-samarbeidet takka NRK i februar 2004 ja til å lage ein film frå ei konkret hesteferd hausten 2004. Eit stort møte vart halde den 14. februar 2004 og eit hefte frå dette møtet dokumenterte den dåverande status.

Ein skal vere klar over at på dette tidspunkt hadde mange lag og enkeltpersoner allereie arbeidd i eit og eit halvt år med grunnlaget for prosjektet. Men frå mars av blei det sterk fokus i arbeidet med sikte på å førebu og legge til rette for NRK – filmen. Kvart lag og bygd starta å gå gjennom det som dei meinte kunne høve best å vise fram frå sin stad. DUGNADSPERIODEN i prosjektet strekte seg såleis over ein periode på 7 månader framover i tid.

Det ligg ein utruleg dugnadsinnsats på ei lang rekke områder bak dette prosjektet. Dette er det berre å ta av seg hatten for. NRK-filmen som blei vist i jula 2004 blei ein svært sjåverdig film.
Vi må imidlertid ikkje tape av syne fylgjande:
- Ei side ved saka er denne formidable dugnadsinnsatsen. Ei anna sak er den
historiske og kulturelle kunnskapen som blei greve fram og ligg til grunn for
denne autentiske filmen.
- Prosjektet ville vise noko frå ei tid då det ikkje fanst vegar eller ferger og samtidig
gi ulike glimt frå ei tid som ligg 100 til 200 år før oss.
- Dette er eit forsøk på å gjere levande noko frå vår relativt nære historie, som
no er i ferd med å bli gløymd.
- Prosjektet hadde imidlertid ei målsetting utover dette.
- I dag er kulturminner og historie knytt til dei såkalla utkantane i ferd med å
bli så og seie overgrodd og gjengrodd. Vi er i ferd med å tape svært viktige
historiske og kulturelle verdier som er knytt til disse utkantane.

- Prosjektet ville vise korleis ein konkret kan verne og bruke felles kulturelle og historiske verdiar i bygdene våre.
- Det store positive engasjement som blei vist i dette prosjektet og som er representert ved ”grasrota” i bygde-Norge ber fram eit klart signal om at ikkje alt dreier seg om billegare handelsprodukt.
- Vi vil ta i bruk att utkantane av bygdene våre og bruke dei store kulturelle og historiske verdiane som ligg der i ein ny giv for bygdene. Sentraliseringstankegangen har allereie gått for langt.
Det er ei utfordring for alle deltakarane i prosjektet å sjå korleis det grunnlaget som blei lagt kan vidareførast mot disse målsettingane.

Eit konkret tiltak og prosjekt har sprunge ut frå Intersogelagssamarbeidet og Den Store Hesteferda 2004. Dette er:

* FJORD FJELL FRILUFTSPARKEN
i Møre og Romsdal Fylke
Ideen til dette prosjektet kom naturleg fram som eit vidareføringstiltak etter DEN STORE HESTEFERDA 2004 og NRK-filmen Vegen mot Romsdals Marked. Midt inne på fjellet mellom Langsætrane i Stordal og Bøstølen i Innfjorden ligg Trollkyrkjegarden. Hesteferdene som kom frå Nordfjord og gjekk opp gjennom Stordal passerte Trollkyrkjegarden. Det gjorde også hesteferdene som kom frå Tresfjord og Valldal. Alle gjekk dei så vidare via Litlevatnet til Bøstølen i Innfjorden. Trollkyrkjegarden danner såleis også i denne samanheng eit midtpunkt på fjellet mellom mange omliggande bygder på Indre Sunnmøre og Romsdal.

Tanken om å utvikle dette felles fjellområdet, er såleis svært naturleg sett i eit historisk perspektiv, men dertil minst like vesentleg sett med notidas auge. Gamle ferdselsvegar og kulturminner gror igjen og historiske og kulturelle verdiar går tapt for alltid.

Ein kan sjå på eit slikt vern som eit tiltak for ny aktiv bruk av disse områda. Utkantbygdene som er truga av fråflytting kan få nytt liv og nye arbeidsplassar gjennom nye UTMARKSNÆRINGAR. Dette kan skje ved langsiktig og målretta tiltak og prosjekter. Dette er det som i kortheit er idegrunnlaget for prosjektet Fjord Fjell Friluftsparken i MRF.

Det regionale prosjektet Fjord Fjell Friluftsparken i MRF er kome i stand etter initiativ og deltaking frå bygdene Stordal, Valldal, Innfjorden, Måndalen og Tresfjord som etablerte eit godt samarbeid under Hesteferdåret 2004. Som ei synleggjering også via Internett – arbeides det aktivt for å realisere Konseptet Tur med Oppleving og Læring. Undersøkingane av Trollkyrkjegardstreffet i september 2005 var eit ledd i prosessen med å realisere ovanståande prosjekter.


Stordalsportalen.no Stordal Sogelag 2014 - Alle rettigheter forbeholdt Admin

Stordal Sogelag