Velkommen! | Om Stordal sogelag | Om Stordal | Sogelagsarbeidet | Langseterdagane | På tur | Portrettet | Bildearkiv | Kontakt |

Tiltaket Synleggjering

Skrive av: Einar J. Hove 25.10. 2007.

BAKGRUNN FOR DETTE PROSJEKTET

Øvre Stordal og Stordal Sogelag
har teke initiativet til å SYNLEGGJERE dei store verdiane som vi har i utkantane av bygdene våre - Stordal, Dyrkorn og Bortomfjorden. Det har vore arbeidd etter ein TRE - TRINNS - PLAN.

FØRSTE TRINN:

Første trinn har vore å dokumentere skriftleg og gjere kjent ei masse saker som vi reknar som store historiske og kulturelle verdiar. Vi gjengir her kort kva slags verdiar og tiltak vi meiner i denne samanheng:

Stordal Sogelag har skrive følgende hefter som er gitt ut gratis til Sogelaget sine 230 medlemer:

Stølane i Stordal ( 32 stølar )
Dette er ei registrering, ein informasjon med tekst og bilder og ei kartfesting av alle stølane i heile Stordal Kommune. Dette er heile 32 stølar når vi også tek med tuftene etter dei aller eldste. Dei eldste som vi har informasjon om, er frå 1600 - talet. Stordal Sogelag har også klargjort alle stiane som gjekk fram til og mellom alle disse stølane.

Langsætrane
Dette er dei store sommarsætrane til dei 40 nederste bruka i Stordal. Dei består av to stølar; Pusken og Kvitlane og var dei største samla stølane på Vestlandet. Stordal Sogelag har skreve utførleg om disse stølane i eit stort temahefte med ei mengd gamle bilder frå stølslivet i eldre tider.

Klyngetunet på Jøsvoll
Stordal Sogelag har i dette heftet også registrert og skrive om dei mange kulturminna som knyter seg til dette klyngetunet.

Sogelaget har på gang skriving av to store hefter om dei fremste gardane i Nøre-dalen i Stordal. Slik som i heftet om klyngetunet på Jøsvoll, vil vi dokumentere kva slags kulturminner som finnest på gardane i den øvre del av Nøredalen.

Øvre Stordal og Stordal Sogelag har vidare engasjert seg i følgende tiltak:

1. Vitenskapelege undersøkingar av Trollkyrkjegaren

2. Rydding av tuftene etter garden Fokhaug og historisk dokumentasjon

3. Vi har skrive om disse gamle kulturminna i Langsæterområdet:
Fantehammaren
Kamb - Ola
Bogestellet i Dyrdalen
Andre mindre merker etter folk i utmarka i dette området

Framanforståande er ganske omfattande dokumentasjon av Kulturminna i utkantane av bygdene våre. Ein del bildemateriell frå ovanståande finn du under Heimesida til Stordal Sogelag under Stordalsportalen. Sjå Bildearkiv og underpunkta til venstre.

Øvre Stordal og Stordal Sogelag arbeider også med eit stort tiltak som går ut på å lage ei samanfatning av alle kulturminne i Øvre Stordal.

ANDRE TRINN:

Stordal Sogelag tok for tre år sidan kontakt med Stordal Bondelag for å få til eit samarbeid om:

RYDDING AV GAMLE STIER / RÅSER FRAM TIL ALLE FRAMANFORSTÅANDE KULTURMINNER.

I forkant av dette hadde Stordal Sogelag skissert på eigne kart kvar disse gamle stiane / råsene gjekk. Stordal Bondelag har fått støtte frå Landbruksavdelinga på Molde til å rydde alle ovanståande stier og råser, og dette arbeidet skal vere avslutta i år 2006.

TREDJE TRINN:

Det tredje trinnet går så ut på å synleggjere dette og det er dette prosjekt SYNLEGGJERING handler om.

Vi skal her beskrive kva dette prosjektet går ut på:

PROSJEKT SYNLEGGJERING

Vi deler dette inn i følgende typer tiltak:

Oppsetting av Informasjonstavler

Det er no i starten under produksjon 3 informasjonstavler.

Ei stor informasjonstavle på Overøye. Dette er ein konstruksjon som er bygt på eit historisk korrekt grindbygg. Her vil stå informasjon både på utsida og innvendig i dette bygget.

Tegninga av denne grindkonstruksjonen er vist nedanfor.
Mykje av dette arbeidet er gjort på dugnad av medlemer av Stordal Sogelag. Nedanfor viser vi nokre bilder frå ein del av arbeidet med denne konstruksjonen. Den røynde byggmesteren Per Kjell Holtleite har vore leiar for dette arbeidet og delteke mykje i sjølve arbeidet også. Men fleire andre har også delteke i stort mon.
Dette informasjonsbygget er no sett opp.

 

 

Einar Midtbust, Kåre Kleiven, Einar J. Hove, Johan Vinje, Harald Jøsvoll

I tillegg til denne store tavla skal det setjast opp to meir konvensjonelle informasjonstavler. Ei øverst oppe på Kvitlanestølen og ei relativt stor tavle ved brua nedanfor Puskenstølen. I tillegg til spesialproduserte turstikart, vil her kome mykje interessant informasjon av historisk og kulturell art. Vi vil gi meir informasjon om disse tavlene når arbeidet med dei er kome litt lenger.

Oppsetting av retningsskilt.

Stordal Sogelag arbeider også med å lage ei mengd med retningsskilt som skal gi god informasjon om kvar du skal gå for å kome fram til dei forskjellige turmåla.

Kart og informasjon på Internett.

Stordal Sogelag rår over digitale kart der vi sjølve kan sette inn all den informasjon vi vil og få disse karta produsert for oppsetting på våre informasjonstavler. I tillegg til dette kan vi presentere disse karta for visning på Internett. Det er dette vi etter kvart vil utvikle som Konseptet: Tur med Oppleving og Læring.

Stordal Sogelag har laga eit flott hefte om arbeidet med Grindbygget i Overøye. Den store informasjonstavla der.


Stordalsportalen.no Stordal Sogelag 2014 - Alle rettigheter forbeholdt Admin

Stordal Sogelag