Velkommen! | Om Stordal sogelag | Om Stordal | Sogelagsarbeidet | Langseterdagane | På tur | Portrettet | Bildearkiv | Kontakt |

På tur

Stordal Sogelag har frå starten vore oppteken av det fine turterrenget som vi har rundt oss på alle kanter i Stordal. Dette gjeld både i områda nede i bygda, bortomfjorden, Dyrkorn og ikkje minst i det flotte Langsæterområdet. Vi beskriv i det etterfølgande kort om ulike tiltak Stordal Sogelag har vore og er engasjert i når det gjeld dette. Meir detaljar finn ein under menyvalga i menyen til venstre.

Sogelaget tok i 2002 initiativet til Bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal (ØS). Ein viktig del av dette tiltaket er også å utvikle dette området til eit attraktivt friluftsområde for turer og oppleving. Dette området grenser innover til nabobygdene våre; Tresfjord, Måndalen, Innfjorden og Valldal. Her var gamle ferdavegar i eldre tid.

I disse områda finn vi også ei mengd med Kulturminner av mange slag med Trollkyrkjegarden som eit naturleg midtpunkt.

Sogelaget tok tidleg kontakt med Tur og Trimgruppa ( Allidrettsgruppa SIL ) i Stordal og mellom anna eksempelvis arrangerte fleire turar saman.

Stordal Sogelag har samarbeidd med Bondeorganisasjonane og då spesielt med Stordal Bondelag om å rydde dei mange gamle råsene som var i bruk i eldre tid. Dette er både for å få folk ut på tur, men også for å få rydda og gjere kjent Kulturminner og Stadnamn i utmarka.

Sogelaget var også svært aktiv i samband med skipinga av Stordal Turlag.

Stordal Sogelag var ein av hovedarrangørane for Den Store Hesteferda i 2004 som også blei filma av NRK.

Ei naturleg vidareføring av dette prosjektet var arbeidet som er lagt ned under prosjektet Fjord Fjell og Friluftsparken. Her samarbeider sogelaget aktivt med fleire av nabobygdene våre.

Stordal Sogelag har vidare engasjert seg sterkt i å gå opp ei mengd med stiar i heile kommunen og mellom nabobygdene våre med GPS-apparat.
Det blir samtidig arbeidt for å rydde, merke og registrere Kulturminner, Stadnamn og ta foto frå det flotte turterrenget vårt.

Vi viser også til tiltaket Synleggjering. Her engasjerer sogelaget seg i merking, skilting og ved å sette opp informasjonstavler.

Ei av Stordal Sogelag sine ambisiøse målsettinger er knytt til konseptet Tur med Oppleving og Læring. Dette er, som det ligg i benevnelsen, å få til eit system der Læring og Oppleving er nær knytt opp til Den fysiske turen. Sogelaget er oppteken av å bruke aktivt kunnskaps- og læreelement opp mot eit positivt og aktivt friluftsliv.


Dokument Bygdeutviklingsprosjektet Øvre StordalDokument Samarbeid mellom Sogelaget, ØS, og Tur og TrimgruppaDokument Samarbeid med Stordal BondelagDokument Stordal TurlagDokument Den Store Hesteferda 2004Dokument Fjord Fjell og FriluftsparkenDokument GPS-registrering av turerDokument Tiltaket SynleggjeringDokument Tur med Oppleving og Læring
Stordalsportalen.no Stordal Sogelag 2014 - Alle rettigheter forbeholdt Admin

Stordal Sogelag