Velkommen! | Om Stordal sogelag | Om Stordal | Sogelagsarbeidet | Langseterdagane | På tur | Portrettet | Bildearkiv | Kontakt |

    Langseterdagane

    Langsætrane er fellesnavnet for stølane Pusken og Kvitlane. Tilsaman 40 av dei nederste bruka i Stordal hadde tidlegare sommarsæter her. Dette var truleg dei største samla sæterstølane på Vestlandet.

    Langsæterdagane er eit arrangement der Stordal Sogelag ønskjer å formidle kultur, historie og kunnskap om stølslivet og anna frå eldre tider, og vart første gong skipa over tre dagar i august 2005. Året etter i byrjinga av september 2006.
    Dei siste åra har arrangementet gått over to dagar. Ein grunnmal for Langseterdagane har sidan vorte fulgt, der ein på laurdag har stølsdagen, med fokus på tillaging av mat i tillegg til vising av gammalt handverk og gamle bruks- og nyttegjenstandar, bondens marked og sal av lokal mat. Denne dagen har tilhald på Kvitlanestølen. På stølen er det ysting av ost, kjinning av smør, separering, koking av søst, mysebrøm o.s.v. og det blir servert smaksprøver av ulike produkt. Grupper med handarbeid og handtverk er i sving og viser framgangsmåtar og gjenstandar, og det er ulike aktivitetar som hesteriding og konkurransar. Fleire gamle sel er opne for at ein kan komme inn og kikke seg rundt. Det er også utstillarar som tilbyr ulike varer for sal, både handarbeid og matprodukt. Søndag har ein tilhald ved Toreselet på Puskenstølen, med Gudsteneste og undehaldning i form av hovedsakleg musikk og song, og sal av middag, kaffi og kaker.

    Langsæterdagane 2014 vert avvikla laurdag 30. og søndag 31. august.


    Stordalsportalen.no Stordal Sogelag 2014 - Alle rettigheter forbeholdt Admin

    Stordal Sogelag