Langsætrane er fellesnavnet for stølane Pusken og Kvitlane. Tilsaman 40 av dei nederste bruka i Stordal hadde tidlegare sommarsæter her. Dette var truleg dei største samla sæterstølane på Vestlandet.
Langsæterdagane er eit arrangement der Stordal
Sogelag ønskjer å formidle kultur, historie og
kunnskap om stølslivet og anna frå eldre
tider, og vart første gong skipa over tre dagar i
august 2005. Året etter i byrjinga av september
2006.
Dei siste åra har arrangementet gått over to
dagar. Ein grunnmal for Langseterdagane har sidan vorte
fulgt, der ein på laurdag har stølsdagen, med
fokus på tillaging av mat i tillegg til vising av
gammalt handverk og gamle bruks- og nyttegjenstandar,
bondens marked og sal av lokal mat. Denne dagen har tilhald
på Kvitlanestølen. På stølen er
det ysting av ost, kjinning av smør, separering,
koking av søst, mysebrøm o.s.v. og det blir
servert smaksprøver av ulike produkt. Grupper med
handarbeid og handtverk er i sving og viser
framgangsmåtar og gjenstandar, og det er ulike
aktivitetar som hesteriding og konkurransar. Fleire gamle
sel er opne for at ein kan komme inn og kikke seg rundt.
Det er også utstillarar som tilbyr ulike varer for
sal, både handarbeid og matprodukt. Søndag har
ein tilhald ved Toreselet på Puskenstølen, med
Gudsteneste og undehaldning i form av hovedsakleg musikk og
song, og sal av middag, kaffi og kaker.
Langsæterdagane 2014 vert avvikla laurdag 30. og søndag 31. august.