Velkommen! | Om Stordal sogelag | Om Stordal | Sogelagsarbeidet | Langseterdagane | På tur | Portrettet | Bildearkiv | Kontakt |

Samarbeid med Stordal Bondelag

STIAR OG RÅSER
STORDAL SOGELAG OG STORDAL BONDELAG
har lagt opp til eit omfattande samarbeid om rydding, merking, skilting og anna informasjon om stiar og råser i Stordal Kommune. Frå dette samarbeidet som har gått over mange år, tek vi med her dei mange viktige grunngjevingane for dette samarbeidet.

GRUNNGJEVNINGAR FOR DETTE TILTAKET

 

NOKRE BILDER FRÅ VÅRE TUROMRÅDER

Tilrettelegge mange fine turar for mange typer brukarar, yngre, eldre, handycappa, skuleklassar, innanbygda så vel som utanbygds.

Der er mange og mange typer kulturminner langs disse vegane og stiane. Disse vil då bli betre tilgjengelege.

Ved disse turane kan viktige typer plantar og tre (biologisk mangfold) bli tilgjengeleg for f.eks skuleklassar og andre interesserte.

Disse kulturminna og biologisk mangfold kan – når vegar og stier gjer dei meir tilgjengelege – mykje lettare kunne vernast, samtidig som dei kan brukast av ulike typer brukarar og såleis kome til nytte.

Dess meir utmarka blir brukt, dess større sjanse for vern av kulturlandskapet.

Det kan då vidare leggjast planer for best muleg vern av kulturlandskapet

Mange av vegane og stiane representerer kulturminner i seg sjølv fordi her gjekk dei gamle ferdselsvegane gjennom bygda, og her gjekk folk i gamle dager til sætrane og utmarka

Vegane og stiane langs Storelva frå Kvamen til Langhaug på Sydsida av elva blei mykje brukt i eldre tider.

Det er svært få bygder som kan gjenskape gamle vegar i heile bygda si lengde. I Stordal er dette muleg. Dette kan gjerast til svært populære turstier med oppleving og læring knytt til turene.

Disse vegane og stiane kan også gjerast tilgjengeleg for riding og nokre for sykling og offroad-sykling. Nokre av disse bør også kunne gjerast tilgjengeleg for handycappa.

Betre stier langs Storelva vil også bidra til auka verdi for utleige av lakseelva. Utbetring og istandsetting av stiar til og mellom sæterstølar vil betre tilhøva for friluftsliv og vil gjere utleige av jakt meir attraktivt m/hensyn til tilgjengelegheit. Om mogeleg kan dette også føre til restaurering av nokre sæterhus for overnatting i jakt-samanheng. Summen av dette vil bidra til å fokusere på og muleg auka tilboda i Stordal innanfor utmarksnæring og turisme.

Ved å ta eit krafttak no i heile bygda med tilstøtande utmarksområder, kan ein også bidra til at heile landskapet kan kome inn på ein total kommunal plan.

Ved at Stordal Sogelag og Stordal Bondelag samarbeider om dette områdetiltaket, vil det kome mykje positivt ut av dette tiltaket, både for grunneigarane og mange andre brukarar.

Alle vegane og stiane det her er snakk om, er tegna inn på kartet over kvar STØLANE I STORDAL ligg / låg. Derved vil disse viktige kulturminna bli fokusert på og få større betydning. Ein viser her til Stordal Sogelag sitt store temahefte STØLANE I STORDAL.

Dette prosjektet støtter også kraftig opp om bygdemobiliseringsprosjektet ØVRE STORDAL.

Dette er fortsatt svært viktige grunngjevingar for mykje arbeid som Stordal Sogelag gjer og arbeider med.

Ein viser her også til konseptet TUR MED OPPLEVING OG LÆRING som er eit svært viktig prosjekt som Sogelaget har prioritert å arbeide med.

 

Nilsselet på Hovsnakken

Oversiktsbilde Jøsvollstølen

Bilde av sel/fjøs Stavdalsstølen

Idyll frå Stølesætra

Bilda under er tekne i Hove, Vinje og Dyrkornstølsområda


Stordalsportalen.no Stordal Sogelag 2014 - Alle rettigheter forbeholdt Admin

Stordal Sogelag