Velkommen! | Om Stordal sogelag | Om Stordal | Sogelagsarbeidet | Langseterdagane | På tur | Portrettet | Bildearkiv | Kontakt |

Samarbeid mellom Sogelaget, ØS, og Tur og Trimgruppa

Samarbeid mellom Stordal Sogelag, Øvre Stordal og Tur og Trim gruppa

Vi tek i det etterfølgande her med 3 turar som var arrangert så tidleg som i 2002.
Disse turane var til:
- TROLLKYRKJEGARDEN
- BOTNASTØLEN og
- GAMLEVEGEN MELLOM VAD OG LANGHAUG

Tur til Fokhaugane og Trollkyrkjegarden

Storfjordnytt skreiv følgende frå denne turen under tittelen
Historie i trimtempo

Allidrettsgruppa i Stordal idrettslag la turen til Fokhaugen og
Trollkirkegarden måndag kveld.

Skrive av: Ingunn Myklebust - Storfjordnytt
Ved eit elveskille, på ei slette omkransa av fjellheimen med toppen Kamben som majestetisk tyngdepunkt, sit ein liten gjeng vandrarar inne i ein sirkel. Sirkelen er Trollkirkegarden, forma er oppmura av torv som no er overgrodd, og inngangen markert med ein port av to steinheller. Tåka tetnar til og sender nokre vassperler over turgåarane. Men merksemda er retta mot Jan Helland idet han gjenfortel historia om drapet av ei kvinne som skjedde i dette området i 1758.

Gruppa av vandrarar har fått utdelt informasjon om turen, lagt til rette av Stordal Sogelag og Prosjekt Øvre Stordal. Om Trollkirkegarden kan ein lese at det truleg var ein stemnestad for folket i bygdene ikring. Staden er eit knutepunkt for fleire stader i Romsdalen, Valldal og Stordal, og kanskje var det også ein forbindingsstad mellom middelaldermenneska og dei norrøne gudane?. Teksten antyder at sirkelen gøymer gamle gudebilete og at han kan ha vorte nytta til blotingsrituale.

 

På vegen opp i fjellet gjekk turen innom Fokhaugstova. Historievandrarane fekk omvisning av Jan Helland i den delen av huset som er utleigd til turistforeininga. To-, tre-og firemannsrom har namn som Jolbotn, Storlihorn og Kamben. Inst inne finn ein kjøkkenet og eit koseleg opphaldsrom. Historia om Ola og Kirsti som dreiv gard på Fokhaugane for over to hundre år sidan, er også fasinerande lesnad. Sjølv om garden var veldreven, fekk dei til slutt nok av slitet til fjells, og flytte derifrå med heile buskapen. Medan dei budde der, var Fokhaugen ein stad der marknadsfolk og andre reisande vart tekne imot.

Dette er berre første av fleire trim/historie-turar som vert arrangerte i Stordal i haust. Neste tur går til Jøssvollbotn og Botnastølen.

Tur til Botnastølen i Jøsvollbotn

I 2002, den 23. august, arrangerte Bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal
og Stordal Sogelag i samarbeid med Tur og Trimgruppa tur til Botnastølen.
I forkant annonserte dei følgende:

SAMARBEID MELLOM ALLIDRETTSGRUPPA I STORDAL IL,
PROSJEKTET ØVRE STORDAL OG STORDAL SOGELAG

Allidrettsgruppa i Stordal IL og prosjekt ØVRE STORDAL samarbeider basert
på målsettingane:
Aktivisere folk til å kome meir ut i skog, mark og fjell- trimme.
Arbeide for å tilrettelegge bedre turløyper ved rydding av råser og merking av disse.
Skrive historier / forteljingar om turmåla. ( Utføres av Stordal Sogelag og Prosjekt Øvre Stordal )
I denne samanheng startar TUR og TRIM opp haustsesongen med ei aktiv giv - få fleire folk med på tur.

TUR TIL BOTNASTØLEN ( JASVOLLBOTN )
MED RETUR OM MOSÆTRA

Dette er ein fin tur som du bør henge deg på. Til turen har Stordal Sogelag ved
Peder Holt laga eit interessant hefte om Stavdals-og Jasvollsætrane.

Du får dette heftet ved start av turen. Frammøte på Stordal Skule mandag den
26. august kl. 18.00.

BLI MED DÅ VEL
TUR OG TRIM SIL OG ØVRE STORDAL

 

Sogelaget og Tur og Trimgruppa på tur:

Gamlevegen mellom Vad og Langhaug.

Dei annonserte denne turen då slik:

BLI MED PÅ
MANDAGSTRIMMEN

MANDAG DEN 19.8.
TUREN GÅR
GAMLEVEGEN
VAD - LANGHAUG
Arrangør:
TUR og TRIM SIL,
PROSJEKT ØVRE STORDAL OG
STORDAL SOGELAG

Du har kanskje lagt merke til ei stripe i skogen frå Nakken og heimover til Talberg.
Dette ser ein berre vår og haust. Dette er ein svært gamal veg som vi veit lite om.
STORDAL SOGELAG OG PROSJEKT ØVRE STORDAL
vil gjerne gjere noko med dette. Kva for ein veg er dette ?
Kor gamal er vegen ? Kjentfolk blir med på turen.
Møt opp på Stordal skule mandag 19.8. kl. 19.00


Stordalsportalen.no Stordal Sogelag 2014 - Alle rettigheter forbeholdt Admin

Stordal Sogelag