Dette notatet var skreve av Einar J. Hove der han også hadde konsultert Ragnar Standal. Notatet omhandlar litt om dette tiltaket og bakgrunn for prosjektet Det er skreve frå møtet på Toreselet den 12. oktober 2002, kven som deltok, innlegg som vart haldne, ulike synspunkt som dei frammøtte kom fram med og kva ein gjer vidare. Reidun Hove hadde kokt Toreselsuppe, Vigdis Lien og Bjørg Hjelmset stod for serveringa. Dette blei eit hyggeleg og nyttig møte på Toreselet. Notatet fører prosjektet eit steg framover og oppmodar dei mest aktuelle bygdelagsorganisasjonane å ta formelle standpunkt til vidareføring av prosjektet. PC-skriving og bildebehandling er gjort av John Kåre Hove. |
TILTAKET OG BAKGRUNN FOR PROSJEKTET.
Det konkrete utgangspunkt for dette prosjektet er
bøkene til Ragnar Standal med den litt spesielle
benemninga VEGAR FØR VEGAR VAR. Disse bøkene
nærmast ber om at ein tek fatt i dette stoffet og
vidarefører dette gode grunnlaget på ein eller
annan måte.
MØTET PÅ TORESELET, LANGSÆTRANE, STORDAL DEN 12. OKTOBER 2002
På ulikt vis vart det teke kontakt med personer i
alle aktuelle bygdelag og
sendt kopier frå bøkene til Ragnar Standal for
det som omhandlar ferda-
leia til Romsdalsmarknadene. Det vart også skreve
noko om idegrunnlaget
for eit muleg INTERBYGDELAGSSAMARBEID. Dette resulterte i
det
møtet som vart halde den 12. oktober 2002.
Bildet viser nokre av dei personane som deltok
på Toreselmøtet, her |
INNKALLINGA TIL MØTET, MØTEPROGRAM OG
DELTAKARAR
Bak i dette notatet er kopi av innkallinga lagt ved.
Møteprogram var sett opp og innkallinga sendt ut.
Bilda nedanfor viser deltakarar frå
møtet.
På dette møtet deltok Ragnar Standal,
Oddbjørn Langlo, Ole Gjerde, Line Gjerde, Judith
Muster, Jacob Kjersem, Harald Krøvel, Einar Gridset,
Ottar Slettevold, Alf Overøye, Vigdis Lien,
Bjørg Hjelmseth, Reidun Hove, og Einar J. Hove.
Disse to bilda viser deltakarane på møtet. |
INNLEIING OG OVERSIKTSINNLEGGA
NOKRE INNLEIANDE TANKAR VED EINAR J. HOVE
Einar J. Hove ynskte velkomen og gjennomgjekk ein del
tankar som han hadde om eit muleg SAMARBEID OVER
BYGDEGRENSENE basert på Ferdaleiene frå
Nordfjord gjennom mange bygder til Romsdalsmarknadene.
Bilde av Toreselet slik det var før 1942 |
VEGAR FØR VEGAR VAR
Ragnar Standal fortalde litt om seg sjølv og kva han
har gjort. Vidare kom han litt inn på ferdaleia
frå Nordfjord og gjennom mange bygder og kryssing av
fleire fjordar.
ROMSDALSMARKNADEN VED EINAR GRIDSET
Einar Gridset har skreve detaljert og omfattande om
Romsdalsmarknaden. Han las opp dette, ei avhandling
på 10-11 sider.
SYLTEMARKNADEN VED JAKOB KJERSEM
Jakob Kjersem fortalde om Syltemarknaden og samkvemet med
grannebygdene. Det er skreve utførleg om
Syltemarknaden i BYGDEBOK FOR TRESFJORD. Etter disse
innlegga vart det servert kaffe og kjeks i sola på
terassen på Toreselet.
Kaffe og kaker i sola på terrassen på Toreselet |
SYNSPUNKT OG MEININGSUTVEKSLINGAR
ORDSTYRAR ODDBJØRN LANGLO
Etter kaffepausen blei ordet fritt til å kome med
synspunkt knytt til dette tema under leiing av ordstyrar
Oddbjørn Langlo. Det er ikkje skreve noko referat
frå dette ordskiftet, men vi har lista opp dei
forskjellige tema, idear og tankar som kom fram.
KVA GJER VI NO VIDARE. OPPMODING OM OPPFYLGJING
TIL
RAGNAR STANDAL OG EINAR J. HOVE
Ordstyrar Oddbjørn Langlo summerte opp frå
framanforståande meiningsutveksling.
Hovedkonklusjonen var at dette var eit godt prosjekt
å arbeide vidare med. Forsamlinga slutta seg til
å oppmode Ragnar Standal og Einar J. Hove å
skrive ut eit grunnlag som kunne sendast til dei aktuelle
lag og organisasjonar til formell handsaming.
ETTER OPPMODING FRÅ DEI FRAMMØTTE HAR RAGNAR
STANDAL OG EINAR
J. HOVE GJEVE ETTERFYLGJANDE TILBAKEMELDING OM VIDARE
TILTAK
Dette er skreve som eit grunnlag for styra i dei aktuelle
laga til å handsame som formell sak.
HISTORISK OG KULTURELL AKSE
Hovedleia som hesteferdene til Romsdalsmarknaden fylgde
gjekk gjennom Bondalen, Habbostadalen, Stordalen,
Stordal/Innfjordfjellet og Innfjorden. Men her var
også viktige bileier. Dette prosjektet vil arbeide
med soge- og kulturelt stoff knytt til disse bygdelaga
etter denne aksen.
TILTAKSANSVAR SOM KVILER PÅ KVAR ENKELT
LAG/ORGANISASJON
Ein vil søkje å skape eit fellesprosjekt, men
den viktigaste delen av arbeidet må skje i dei
enkelte lag/organisasjonar sin eigen regi.
ORGANISASJONSSTRUKTUR OG
SAMARBEIDSMØNSTER.
Det vil vere opp til det enkelte lag/organisasjon å
beslutte om kva og korleis ein vil engasjere seg. Eit
fellesorgan bør etablerast, f.eks med ein
representant eller to frå dei laga som vil vere med i
det vidare arbeid.
TYPE STOFF SOM DET KAN VERE AKTUELT Å ARBEIDE
MED I PROSJEKTET.
Det bør vere stor fridom til å arbeide med
mange slags typer stoff i prosjektet. Dette kan vere:
- sjølvsagt alt som har direkte tilknytning til
marknadsferdene, men også:
- kulturminner i terrenget, eksempelvis bogesteller,
dyregraver, gamle bustader, tufter, gamle hus o.s.v.
- lokalhistorisk stoff av generell interesse
- historier/forteljinger/anekdoter
- ferdamat, ferdaklær og utstyr som blei brukt
- samkvem mellom bygdene
- friluftsturar og naturopplevingar
- frilufts- og kulturarrangement
Etter dette møtet vart det halde 6 møter og skrive 7 hefter om framveksten av Den Store Hesteferda 2004 og NRK-filmen Vegen mot Romsdals Marked. I det etterfølgende tek vi med nokre få sider frå dei siste hefta som blei laga.
FRÅ OPPSUMMERINGS- OG EVALUERINGSHEFTA TEK VI HER MED:
INNLEDNING
Dette er eit VEDLEGG til
EVALUERINGS- / OPPSUMMERINGSRAPPORTEN
FRÅ
Den Store Hesteferda 2004
SOM NO ER GJENNOMFØRT OG KOMEN I MÅL
DATERT STORDAL, 12. OKTOBER 2004
I dette vedlegget har dei enkelte laga og gruppene etter beste evne prøvd å liste opp navn på alle dei personane som har delteke i ei eller anna form for dugnadsarbeid før, under og etter Den Store Hesteferda 2004. Dette har ikkje vore berre lett då antalet dugnadsfolk har vore utruleg stort. Dertil har dugnadsarbeidet gått over lang tid – ein må rekne 6 – 7 månader – og bestått i ei lang rekke aktivitetar leia av mange forskjellige personar.
Dugnadsarbeidet har omfatta minst fylgjande typer aktivitetar:
Vi ber om at hvis ein einaste person måtte mangle
på etterfylgjande lister, så blir dette meddelt
og vedkomande vil også få sin velfortjente
DIPLOM og bli ajourført på listene i
heftet.
TOTALT ER 476 PERSONER REGISTRERT I DETTE HEFTET SOM
DELTAKARAR
I DENNE GIGANTISKE DUGNADSOPERASJONEN.
TIL SLUTT - TUSEN TAKK FOR KJEMPEINNSATSEN
FOR DEN STORE HESTEFERDA 2004 - EINAR J. HOVE
OVERSIKT OVER DUGNADSGRUPPENE
1. Haualeite - Volda Bygdetun Side
3
2. Hjørundfjord Sogelag Side
4
3. Stranda Sogelag Side 6
4. Stordal Sogelag Side 8
5. Vestnes Sogelag / Tresfjord Side
10
6. INTERESSEGRUPPE INNFJORDEN Side
11
7. HESTEKARAR SOM VAR MED Side
12
8. SUNNMØRE MUSEUM Side
13
9. VALLDAL SOGELAG / NORDDAL Side
13
10. Landbruksmuseet FOR MRF, Gjermundnes
Side 14
11. Fortidsminneforeninga på
Sunnmøre Side 14
12. Rauma, Grytten Bygdekvinnelag og
Devold Gard Side 15