Velkommen! | Om Stordal sogelag | Om Stordal | Sogelagsarbeidet | Langseterdagane | På tur | Portrettet | Bildearkiv | Kontakt |

Protokoll frå skipingsmøtet

FRÅ SKIPINGSMØTE I STORDAL SOGELAG

År 2001 den 5. mai blei det halde skipingsmøte for Stordal Sogelag.

Einskildpersoner har ved ulike høve vore inne på tanken om skiping av eit sogelag i Stordal. I mars i år blei det teke eit nytt initiativ i denne samanheng og det blei dels sendt ut skriv, teke telefoniske kontakter og samtala direkte om moglegheiter for eit slikt tiltak.
Det synte seg at interessa var svært stor.

Ein viser til ei rekkje informasjonsskriv utsendt i tida mars-april og lister over personer som støtter denne tanken. Som tilretteleggarar for dette stiftelsesmøte har stått fylgjande personer:
Alf Overøye, Paul Stavseng, Leif E. Heggen, Einar J. Hove.

Disse tilretteleggarane hadde sytt for fylgjande annonsering i samband med dette stiftelsesmøtet:

  • Innbyding sendt til alle husstandar i kommunen
  • Innbyding sendt direkte til ca. 70 navngjevne personar (dei som til nyleg har støtta tanken om sogelag i Stordal)
  • Annonsering i Storfjordnytt
  • Plakatar rundt om i bygda

Det framkom ingen merknader til innkallinga til møtet.

På vegne av tilretteleggarane ynskte Paul Stavseng dei frammøtte velkomne og foreslo Olav Bratland som ordstyrar for møtet. Olav Bratland tok så over leiinga av møtet og etter innstilling frå tilretteleggargruppa blei det innleiingsvis gjort fylgjande val:

Til å undertegne protokollen frå stiftelsesmøtet blei valgt:

  • Alf Overøye
  • Olav Bratland
  • Kristian Almås

Til å registrere personleg frammøtte og personar representerte ved fullmakter blei valgt:

  • Paul Stavseng
  • Bjørnar Midtbust

Ifylgje disse var :

  • 46 personer tilstades personleg
  • 24 personer hadde gitt fullmakt

Fullmaktene var slik utforma at dei 24 personane som hadde gitt fullmakt kan betraktast som stiftarar og medlemer. Såleis står tilsaman 70 personar bak skipinga av Stordal Sogelag. Forsamlinga godkjende oversiktene over disse listene. Listene over dette er vedlagt protokollen.

Til spesielt å handsame gjennomgang av utkast til lagets vedtekter blei valgt:

  • Leif E. Heggen
  • Kristian Almås

Til å handsame dei ulike val som skal gjerast på dette stiftelsesmøtet blei valgt:

  • Olav Bratland
  • Ole Johan Vidhammer

Ein viser til SAKLISTE ifylgje innkallingane. Etter dette var det kome til tre nye punkt som er særskilt angjeve nedanfor. Etter dette blei det satt opp fylgjande:

SAKLISTE

  1. Orientering ved Tilretteleggargruppa Alf Overøye, Paul Stavseng, Leif E. Heggen, Einar J. Hove
  2. Vedtekter for Sogelaget
  3. Litt om korleis ein tenkjer seg organiseringa av Sogelaget
  4. Meiningsutveksling, synspunkt og spørsmål frå dei frammøtte.
  5. Val av:
    1. Styremedlemer, leiar, nestleiar og sekretær/kasserar Hertil skal velgjast varamedlemer (nytt punkt)
    2. Rekneskapsførar
    3. Revisorar
    4. Arbeidsutval og temagrupper.
    5. I tillegg skal det velgjast: Valnemnd (nytt punkt)
    6. EventueltUnder eventuelt blei det sett opp:Fastsetjing av medlemskontingent for 2001. (nytt punkt)Saklista blei einstemmig godkjend.

Ein gjekk deretter gjennom alle punkt på denne saklista

  1. OrienteringarDiverse orienteringar blei gjevne av tilretteleggargruppa v/Einar J. Hove
  2. Vedtekter. v/Leif E. HeggenUtkast til vedtekter var på førehand sendt ut til ei lang rekkje personer for eventuelt å få attende forslag til endringar.Endringsforslag er ikkje mottekne.Dei foreslegne VEDTEKTENE for Stordal Sogelag blei lesne opp. Det framkom ingen endringsforslag og vedtektene blei einstemmig godkjende. Disse er vedlagt protokollen.
  3. Organisering v/Einar J. HoveDen foreslegne organisering av laget blei godkjend.
  4. MeiningsytringarDet valde styret har notert seg dei meiningsytringar som kom fram under møtet.
  5. Val.Ein gjekk så over til val.Valnemnd i samband med dette skipingsmøtet har vore Olav Bratland og Ole Johan Vidhammer i samarbeid med tilretteleggargruppa.

Som styremedlemer blei valgt:

  • Einar J. Hove
  • Espen Remme
  • Peder Holt
  • Arna Øvrebust
  • Gunnar Vinje

Som varamedlemer blei valgt:

  • Magnar Skjellum
  • Jan Petter Korsadal
  • Torbjørn Hove

Som styreleiar blei valgt:

  • Einar J. Hove

Som styrenestleiar blei valgt:

  • Espen Remme

Som sekretær/kasserar blei valgt:

  • Vigdis Lien

Som revisorar blei valgt:

  • Gunnar Stavseng
  • Karl Johan O. Nygård

Som rekneskapsførar blei valgt:

  • Leif E. Heggen

Som valnemnd blei valgt:

  • Ingrid Løset, leiar
  • Paul Stavseng, nestleiar
  • Nelly Tøsse, medlem

Møteleiaren foreslo at ein med visning til § 5b alt no ved loddtrekning fekk klarlagt kven av 4 styremedlemer som skal stå på val ved fyrste årsmøte. Utfallet av denne loddtrekninga blei:
Espen Remme og Arna Øvrebust

Det blei nedsett tre arbeidsutval og gjort fylgjande val:

  • Arbeidsutval kalla: KILDENE
    • Peder Holt, leiar
    • Alf Overøye, nestleiar
    • Bjørn Langlo, medlem/PC/Sekretær
  • Arbeidsutval kalla: KILDEBRUK
    • Arna Øvrebust, leiar
    • Eva Hove, nestleiar
    • Hallgeir Øvrebust, medlem/PC/Sekretær
  • Arbeidsutval kalla: DATA
    • Gunnar Vinje, leiar
    • Bjørnar Midtbust, nestleiar
    • Leif Dybdal, nestleiar

For å få til ei best mogeleg koordinering mot det praktiske daglege arbeid er leiarane for disse arbeidsutvala dei same som dei valde styremedlemene.

Det blei nedsatt tre temagrupper og gjort fylgjande val:

  • Temagruppe kalla: "UTE"
    • Magnar Skjellum, leiar
    • Tora Åmodt Moe, nestleiar
    • Gunn Busengdal, medlem/PC/Sekretær
  • Temagruppe kalla: "INNE"
    • Jan Petter Korsadal, leiar
    • Leif E. Heggen, nestleiar
    • Hildur Vinje, medlem/PC/Sekretær
  • Temagruppe kalla: "ANNA"
    • Torbjørn Hove, leiar
    • Olaus Overøye, nestleiar
    • Tor Midtbust, medlem/PC/Sekretær

For å få til ei best mogeleg koordinering mot det praktiske daglege arbeid er leiarane for disse temagruppene dei same som dei valde styrevaramedlemene.

Samstundes med val av arbeidsutval og temagrupper blei det også vald medlemer til disse. Listene over personane vald i disse gruppene blei lesne opp og vald ved akklamasjon. Oversikt over dette er teke inn som vedlegg til protokollen.

Vedlagt protokollen: Arbeidsoppgåver til arbeidsutvala og temagruppene.

Etter at personane i dei enkelte gruppene var lesne opp og vald, ba Einar J. Hove om ordet og kom med fylgjande informasjon:

  • Når vi i tilretteleggargruppa har snakka med folk om dei støttar tanken om å skipe eit sogelag i Stordal, har vi samstundes eller ved seinare kontakt spurt om kva for ei gruppe dei kunne tenkje seg å vere med i. Dei som då på denne måten har stadfesta positivt at dei kunne tenkje seg å vere med i ei gruppe, er då blitt plassert i denne gruppa. I denne samanheng er det då viktig å vere klar over fylgjande:
    • I bygda finst det sikkert svært mange andre som også kunne tenkje seg å vere med i ei eller anna gruppe i Stordal Sogelag.
    • Vi i tilretteleggargruppa har naturleg nok arbeidd tildels nokså usystematisk i rekrutteringsfasen og har ikkje fått tid til å nå alle som burde ha vore kontakta.
    • Derfor må det vere ei viktig oppgåve for dei enkelte gruppene snarast råd å spørje mange andre i bygda om dei vil vere med.
    • Vi ynskjer at alle i bygda skal få eit direkte tilbod om å vere med i dette arbeidet og gjerne vere tilslutta ei eller fleire grupper alt etter eige ynskje.

Under punkt eventuelt blei fylgjande vedteke:

  • Kontingent for året 2001:
    • Kr 75,00 for einskildmedlemer
    • Kr.115,00 for lag/org./bedrifter
  • Dette er basert på ein årskontingent på Kr. 130,00 og Kr. 170,00

Det kom fram eit forslag om å innføre familiekontingent. Det blei vedteke å gi styret fullmakt til å vurdere ein familiekontingent.

Deretter blei foreninga einstemmig erklærd for stifta.

Møtet heva

Stordal, 5. mai 2001

Alf Overøye

Olav Bratland

Kristian Almås

sign.

sign.

sign.


Stordalsportalen.no Stordal Sogelag 2014 - Alle rettigheter forbeholdt Admin

Stordal Sogelag