Lokalhistorisk materiale høyrer til eit fellesskap og ein felles kulturarv som må tas vare på og presentere og vise fram til både eldre og yngre. Det er viktig for alle å ha kjennskap til sine røter og å få oppleve tilhørigheit til ein stad, til ei slekt, ein kultur og ei soge. Sogelagsarbeidet bør engasjere flest mogeleg av folket i bygda.
Skipinga av Sogelaget er ei erkjenning av behovet for å få til meir organiserte tiltak kring det å
kartlegge, beskrive og gjere kjent vår felles lokale kulturarv. Du oppfordres herved til å støtte disse
målsettingane ved å melde deg inn i Stordal Sogelag.
For å melde deg inn som medlem kan kontakte:
Styresekretær Vigdis Lien, Dyrkorn, 6250 Stordal
Tlf. 41 76 45 75 // e-post: liengaard@mimer.no
eller fylle ut vårt online innmeldingsskjema.
PS: Ved betaling med giro i bank - pass på å fylle ut med namn og adresse.
I menyen til venstre finn du også generell informasjon om medlemskap i Stordal Sogelag, oversyn over medlemer, medlemskontingent og anna informasjon.