Velkommen! | Om Stordal sogelag | Om Stordal | Sogelagsarbeidet | Langseterdagane | På tur | Portrettet | Bildearkiv | Kontakt |

Årsmelding for 2007

 

 

Frå Årsmeldinga for 2007 skreve i mars 2007, tek vi først med Forord, Minneord for Einar J. Hove og Leiarens side.
Vidare har vi teke med her innhaldsfortegnelsen og frå kapitla 4, 7, 8 og 9.

I N N H A L D

1. Stordal Sogelag og vedtektene for laget.
2. Rekruttering av medlemer og medlemstalet ved utgangen av året 2007
3. Temahefter som er utgjevne gratis til alle medlemer av laget
4. Langsæterdagane 2007
5. Fiske i Stordal og utanskjers
6. Holmebygda
7. Andre tiltak som Sogelaget har delteke i
8. Planer for 2008
9. Informasjon frå Årsmøte på Nilsgardstunet 10. mars 2008

FORORD

Stordal har eit rikt og svært mangearta sogemateriale. Ein god del har gått tapt, men mykje kan enno bevarast. Dette må vi gå saman om å ta vare på, men også gjere det kjent for både eldre og yngre.
Lokalhistorisk materiale er svært mykje knytt til gard, grend og slekt, men for berre få generasjonar sidan gjekk slektsbanda på kryss og tvers over heile bygda. Ein bør difor i prinsippet sjå det på den måten at alt kan høyre til eit fellesskap og ein felles kulturarv.
Men det er ikkje berre viktig å samle og ta vare på dette materialet. Ein bør like mykje legge vekt på å presentere og å vise fram denne felles kulturarven til både eldre og yngre. Det er viktig for alle å ha kjennskap til sine røter og å få oppleve tilhørigheit til ein stad, til ei slekt, ein kultur og ei soge.

Sjølv om sogelagsarbeid såleis må utførast både med eit alvor og med respekt for farne generasjonar, bør det likevel vere mykje humor, hygge og sosialt samvær knytt til sjølve arbeidet.

Sogelagsarbeid bør engasjere flest mogleg av folket i bygda, men det er eit frivillig arbeid og må tilpassast den tid og arbeidskapasitet som einskildpersonar har til rådvelde.

Det skal ikkje vere noko stresspreg over dette arbeidet, men tvert imot vere utøvd i glede, lyst og triveleg samvær.

Ein må ta i bruk mykje av det teknologiske utstyr og dei moderne datateknologiske metodar som ein rår over i dag. På denne måten blir arbeidet lettare og ein kan koble yngre folk inn i sogearbeid slik at generasjonskløftene også blir mindre.

Det er også viktig at den generasjon som veks opp no kan få eit bilde av folks livsvilkår berre for eit par generasjonar sidan.

Ein bør også søke å sjå lokalhistorisk stoff i eit større perspektiv – også over eit større geografisk område.

Stordal Sogelag tok initiativet til Intersogelagssamarbeidet og var svært aktiv i gjennomføringa av prosjektet Den Store Hesteferda 2004 som gjekk tvers over heile Sunnmøre. NRK var med og filmen Vegen mot Romsdals Marked vartvist i jula 2004. Dette blei eit svært positivt prosjekt og Stordal blei godt profilert med mange fine scener. Ein viser til bilda i det store evalueringsheftet.

Eit anna svært vellukka tiltak som Stordal Sogelag har gjennomført i samarbeid med andre i Stordal er dei årlege Langsæterdagane. Langsæterdagane 2007 måtte diverre avlysast grunna vèret, men dette tiltaket vil bli ført vidare i 2008.

Eit viktig tiltak i bygdene og heile Stordal Kommune var skipinga av Stordal Turlag. Sogelaget spela her ei aktiv rolle. Som vist til seinare i dette skrivet, har sogelaget også i 2007 utgjeve temahefter. Stordal Sogelag har elles delteke aktivt i mange tiltak i bygda.

I året 2007 har desse vore medlemer av styret i Stordal Sogelag:
Einar J. Hove, Bjørg Hjelmseth, Kristian Almås, John Kr. Hjelle og Magda Staurset.

Varamedlemer til styret har vore:
Karl Øvrebust, Steinar Lamo og Kristin Dybdal.

MINNEORD

20. november 2007 gjekk initiativtakar, primus motor og leiar i Stordal Sogelag sidan oppstarten i 2001, Einar J. Hove bort, 69 år gammal.

Hans innsats og stå-på-vilje i arbeidet for Stordal Sogelag kan ikkje skattast høgt nok, og vi som skal føre dette arbeidet vidare må berre gå til verket med audmjuk respekt for alt han greidde å få sett i gang og gjennomført gjennom desse åra. Einar var ein kraftfull person med eit stort engasjement og som sette all si evne og arbeidskraft inn for å organisere og fullføre det han hadde påbyrja.

Savnet av Einar vil bli stort, både som person, men også som den drivkrafta han var innan det å bringe Stordalen si soge og sine kulturminne fram i lyset.

Vi lyser fred over Einar sitt minne.

Leiarens side

Eg vil som nyvalgt leiar for Stordal Sogelag ikkje kome med noko årsmelding for året som er gått, men sjå litt på kva som har skjedd sidan sogelaget vart skipa.

Einar J. Hove hadde nok lenge tenkt på kva som burde gjerast for å ta vare på segn og soger frå gamle dagar, og då han selde Hove Møbler så fekk han tid til å sette tankane og ideane ut i livet.

Eg ser for meg mange timar friviljug arbeid med skipinga av sogelaget, prosjekt Øvre Stordal, Stordalsportalen og Stordal Turlag. Det er det eg kan komme på av ting han hadde ei hand med i. Han har lagt ned eit stort arbeid med desse prosjekta, og vi er han stor takk skuldig. La håpe at vi som skal arbeide videre med desse tinga, klarer å føre arven videre.

Oppgavene er mange og eg håper at bygda i samla flokk vil være med på dette arbeidet.

Eg har sidan eg vart medlem i sogelaget hatt stor glede og lærdom av å lese alle dei skriftene som er kome ut frå sogelaget. For ein innflyttar som meg og mange med meg, har desse skriftene gjeve meg ein godsjanse til å bli kjend i bygda vår.

Eg vil på det varmaste anbefale alle å lese desse skriftene. Du vil på den måten få eit stort innsyn i kva som har skjedd i Stordal i farne tider.

Eg går til oppgaven som leiar i sogelaget med ærefrykt og audmjukheit. Det er ingen lett oppgåve å gjøre ein så stor innsats, som den som er lagt ned sidan starten.

Eg er glad for at eg har gode støttespelarar med meg i styret, og veit også at det blant bygdefolket er mange som eg kan be om støtte frå.

Langsæterdagane som skal avviklast til hausten er eit prosjekt som sogelaget treng mange av bygdefolket med på å dra i gang.

Kjære vener i bygda vår. La oss saman gå inn for at dette arbeidet som Einar J. Hove sette igang skal vi føre videre i framtida.

Med venleg helsing
Jonas

4. LANGSÆTERDAGANE 2007

Dei planlagde Langsæterdagane 2007 måtte diverre avlysast grunna vèret. Det var mange som hadde lagt ned eit stort arbeid med forskjellige førebuingar, og alt låg klart for gjennomføring då ein på kort varsel måtte avlyse. Desse førebuingane og opplegga med alle programpostane vil vi prøve å overføre til 2008, til dagane 29., 30. og 31 august. Verken Stordal Sogelag eller dei enkelte aktørane kan sjølvsagt garantere at alt blir nøyaktig som sett opp for 2007, men alle aktørar vart i samband med avlysinga i 2007 tekne kontakt med, og invitert til å bli med på dei oppførte dagane i 2008 med same opplegg som planlagt for 2007.

Stordal Sogelag tok i 2002 initiativ til å etablere eit samarbeid mellom fleire sogelag som låg langs leia der dei store hesteferdene gjekk frå Nordfjord til Romsdalsmarknadene.

Dette sogelagssamarbeidet har utvikla seg verkeleg positivt. Den Store Hesteferda 2004 blei svært positivt gjennomført etter planane og NRK – filmen frå Hesteferda blei vist i jula 2004. Under hesteferdene blei det teke ei mengd vanlege bilder. Av desse har Stordal Sogelag laga eit Stillbilde Multimedia Show. Alt i alt meiner vi at dette blei og blir fortsatt ei svært god profilering av Stordal, Øvre Stordal prosjektet og Langsæterområdet.

Under Langsæterdagane er Trollkyrkjegardsdagen, som alltid er på fredag, ein viktig dag for å bygge opp igjen samkvemet mellom våre grannebygder. Ei mengd skuleklasser har tidlegare delteke.

7. ANDRE TILTAK SOM SOGELAGET HAR DELTEKE I UNDER ÅRET 2007.

Vi refererer her kort til følgende som Stordal Sogelag mellom anna har delteke aktivt i under året 2007.

STORDALPORTALEN
Stordal Sogelag var ein av initiativtakarane til nettstaden Stordalsportalen:
http://www.stordalsportalen.no
Stordalsportalen kan du no sjå ved å gå inn på ovanståande internettadresse. Dette er eit omfattande prosjekt som det har teke lang tid og mykje dugnadsarbeid å få etablert. Vidareutvikling og innlegging av nytt stoff vil pågå ut gjennom heile 2008.

UNDERSØKINGER AV TROLLKYRKJEGARDEN
Stordal Sogelag tok initiativet til å foreta vitenskapelege undersøkelser av Troll-kyrkjegarden i 2005. Dette er det skreve om i mange samanhenger. Alle Soge-laget sine medlemer er blitt grundig informert om dette. Sogelaget har spesiell fokus på Trollkyrkjegarden.

PROSJEKT SYNLEGGJERING
Det blei i 2007 arbeidd vidare under prosjekt synleggjering, og dette skal vidareførast i 2008.

STORDAL SOGELAG SI NETTSIDE I STORDALSPORTALEN
Utover hausten og fram mot jul 2007 vart Stordal Sogelag sitt nettside i Stordalsportalen oppdatert, først designmessig og sidan vidare med innhald. Innhald vart lagt ut regelmessig med annonsering for kvar veke i Stordalsportalen. Dette arbeidet vart gjort av John Hove og Jon Erik Hove.

UTMARKSLØE OG KOLVINGSBRUA I RØDSETDALEN
Desse to objekta er istandsett.

8. PLANER FOR ÅRET 2008

Stordal Sogelag har mykje og omfattande arbeid og aktiviteter på gang som skal vidareførast. Vi reknar med at det blir eit svært aktivt år for Sogelaget i året 2008.
Her lister vi opp ein del av tiltaka som er på gang. Dette er ikkje nødvendigvis i prioritert rekkefølge.

Eit høgt prioritert prosjekt er Kartlegging av alle kulturminner i Øvre Stordal.
Dette er eit prosjekt som Stordal Sogelag har fått støtte til av Landbruksavdelinga på Molde. Dette store prosjektet skal sluttførast og rapport skrivast i løpet av 2008. Det har vore arbeidd med mange delprosjekter som ligg under dette hovedprosjektet, herunder :
* Fokhaugtuftene
* Trollkyrkjegarden
* Dei fremste gardane i Stordal ( hefte i 2006 )
* Stølane i Stordal ( ref. hefte )
* Langsætrane ( ref. hefte )
* Andersselet
* Langsæterdagane
* Klyngetunet på Jøsvoll
* Kolvingsbrua, Utmarksløa
* Dei aller eldste kulturminna i Øvre Stordal

Det totale prosjektet vil no i 2008 bli vidareført, herunder eksempelvis:
* Grenda Stavdal / Stølane / Lianeset / Talberg / Nakken
* Grendene i Rødsetdalen og / eller Kulturminnene i Rødsetdalen.

Det er også planlagt vidareføring av tradisjonen med Langsæterdagane med store arrangement over tre dagar. Disse dagane er i 2008 bestemt til 29., 30. og 31. august.

Vidare arbeid og engasjement i dei viktige kulturminna Fokhaugtuftene og Trollkyrkjegarden. Dette er eit kontinuerlig arbeid.

Stordal Sogelag vil arbeide vidare med å dokumentere dei gamle stiane og råsene i Stordal på digitale kart og presentere dei på nettet og på papir. Dette er eit arbeid som vil strekke seg ut over 2008. Ein viktig del av dette er turregistrering med GPS-apparater. Dette blir eit unikt turstinett.

Det er sett i gang arbeid for dokumentering av fleire ulike tema:
* Gamle mattradisjoner i Stordal
* Bruk av vatn som drivkraft i eldre tider / vasskraft
* Vidare arbeid under prosjekt Synleggjering

ANDRE MULIGE OPPGÅVER I 2008 OG 2009.

Oppstart med å dokumentere frå dei mange lag og organisasjoner som var i Stordal i eldre tider, så som:
* Ungdomslaget
* Skyttarlaget
* Song og musikk i Stordal
* Andre lag og organisasjoner i Stordal
* Tidleg oppstart av industri i Stordal
Noko av framanforståande arbeid vil også bli gitt ut som temahefter.

SOM DU SER – KJÆRE MEDLEM AV STORDAL SOGELAG – HER ER OPPGÅVER NOK Å TA AV – OG VI PLANLEGG EIT SVÆRT AKTIVT ÅR FOR 2008. SOM MEDLEM AV STORDAL SOGELAG VIL DU FÅ MYKJE INTERESSANT STOFF I 2008, OG DU KAN DELTA MYKJE SJØLV OGSÅ. MELD FRÅ OM KVA DU KAN VERE INTERESSERT Å DELTA I!

9. INFORMASJON FRÅ ÅRSMØTET DEN 10. MARS 2008.

Frå Årsmøtet refereres det her:

Kristian Almås opna møtet med å ynskje velkomen til dei frammøtte. Han tok så eit tilbakeblikk på historia til laget, frå oppstarten i 2001 og fram til i dag.
Årsmøtet mintest så Einar J. Hove med eit minutts stillheit.
Innkallinga og sakliste til møtet blei godkjent og ein gjekk over til det oppsette program.

* Etter innstilling frå styret blir medlemskontingenten for 2008 den same som for 2007, Kr. 200,- for enkeltmedlemer og Kr. 260,- for lag, organisasjoner og bedrifter.

* Rekneskapsførar Leif Heggen gjekk gjennom rekneskapen for 2007 og las revisorane si melding. Det blei konkludert med at Sogelaget sin økonomiske status er sunn og Årsmøtet godkjente Årsrekneskap og Revisjonsmeldinga.

* Det var frå styret lagt fram forslag om ei endring i vedtektene. I vedtektene § 5 punkt e), siste avsnitt, står det at: ”Styret skal utpeike arbeidsutval og temagrupper til å ta seg av spesielle arbeidsoppgåver”. Dette vart samrøystes vedteke endra til: ”Styret kan utpeike arbeidsutval og temagrupper til å ta seg av spesielle arbeidsoppgåver”. (Sjå endra vedtekter under "Frå skipingsdokumentet/Vedtekter").

Årsmøtet godkjende det som er referert i det framanforståande.

Ein gjekk så over til val:

Valnemnda la fram innstilling og Årsmøtet godkjende følgande som styre for Stordal Sogelag for året 2008:
- Styreleiar: Jonas Falch, valt for 1 år
- Styremedlem: John Kristian Hjelle (ikkje på val)
- Styremedlem: Kristian Almås (ikkje på val)
- Styremedlem: Arna Øvrebust, valt for 2 år
- Styremedlem: Hildur Vinje, valt for 2 år

Som varamenn blei valt:
- Kjell Arne Midtbust, valt for 2 år
- Karl Øvrebust (ikkje på val)
- Kristin Dybdal, valt for 2 år (attval)

Som revisorar blei valt:
- Tor Midtbust (ikkje på val)
- Johan Vinje, valt for 2 år (attval)

Til valnemnd blei valt for 1 år:
Leiar: Vigdis Lien (attval), Leif E. Heggen (attval) og Magda Staurset.


Stordalsportalen.no Stordal Sogelag 2014 - Alle rettigheter forbeholdt Admin

Stordal Sogelag