Velkommen! | Om Stordal sogelag | Om Stordal | Sogelagsarbeidet | Langseterdagane | På tur | Portrettet | Bildearkiv | Kontakt |

Årsmelding for 2006

 

 
 

FRÅ DEI STORE ARRANGEMENTA Langsæterdagane 1. 2. og 3. september 2006

 
 

 

Frå Årsmeldinga for 2006 skreve i mars 2007, tek vi her med Innhaldsfortegnelsen og frå kapitla 10, 11, 13 og 14. Vi tek også her med eit oversyn over alle skriva og temahefta som sogelaget har gjeve ut gratis til alle medlemene frå starten av og ut året 2006.

I N N H A L D

1. Stordal Sogelag og vedtektene for laget.
2. Organisasjonen for Stordal Sogelag i 2006.
3. Rekruttering av medlemer og medlemstalet ved utgangen av året 2006.
4. Temahefter som er utgjevne gratis til alle medlemer av laget
5. Langsæterdagane 2006
6. Handel og handtverk i Stordal
7. Arbeidsliv på Stordalsgardar i eldre tid
8. Gardane øvst i Stordal
9. Prosjekt Synleggjering
10. Andre tiltak som Sogelaget har delteke i
11. Planer for 2007
12. Styremøte den 14. mars og førebuing til Årsmøtet som skal haldast i Grendasalen den 22. mars 2007.
13. Informasjon frå Årsmøtet i Grendasalen den 22. Mars 2007
14. Korleis kan ein gå fram for å rekruttere nye medlemer til Stordal Sogelag.

10. ANDRE TILTAK SOM SOGELAGET HAR DELTEKE I UNDER ÅRET 2006.

Vi refererer her kort til følgende som Stordal Sogelag har delteke aktivt i under året 2006.

STORDALSPORTALEN.
Stordal Sogelag var ein av initiativtakarane til nettstanden Stordalsportalen:
http://www.stordalsportalen.no
Stordalsportalen kan du no sjå ved å gå inn på ovanståande internettadresse. Dette er eit omfattande prosjekt som det har teke lang tid og mykje dugnadsarbeid å få etablert. Vidareutvikling og innlegging av nytt stoff vil pågå ut gjennom heile 2007. Stordal Idrettslag med undergrupper og fleire landbruksrelaterte organisasjoner og verksemder finn du etter kvart no på Stordalsportalen. Stordal Sogelag si eiga heimeside vil bli mykje oppdatert ut gjennom 2007.

STORDAL TURLAG
Stordal Sogelag spela ei aktiv rolle i skipinga av Stordal Turlag.

PROSJEKT SYNLEGGJERING
Det blei utført omfattande arbeid under prosjekt Synleggjering. Dette skal vidareførast i 2007.

UNDERSØKINGER AV TROLLKYRKJEGARDEN.
Stordal Sogelag tok initiativet til å foreta vitenskapelege undersøkelser av Trollkyrkjegarden i 2005. Dette er det skreve om i mange samanhenger. Alle Sogelaget sine medlemer er blitt grundig informert om dette. Vi ventar å få svaret på undersøkingane i løpet av 2007. Sogelaget har spesiell fokus på Trollkyrkjegarden.

RYDDING AV FOKHAUGTUFTENE
I 2006 blei det ikkje utført meir ryddearbeid, men dette legg Sogelaget opp til for året 2007.

RESTAURERING AV ANDERSSELET PÅ KVITLANE
Arbeidet med vidare restaurering av Andersselet er utført og mange dugnadstimer er også her nedlagt av medlemer av Sogelaget. Selet er no fullt ut restaurert. Forskjellig sikringsarbeid skal utførast i 2007.

SOGELAGSPORTRETTET
Stordal Sogelag har starta å presentere ein serie av portretter av personer frå Stordal. Først ute i denne serien var sogeportrettet av Ruth Vinje. Det er laga fleire sogeportrett i 2006 som vil bli presentert i 2007.

11. PLANER FOR ÅRET 2007

Stordal Sogelag har mykje og omfattande arbeid og aktiviteter på gang som skal vidareførast og nye prosjekter og tiltak for 2007. Vi reknar med at det blir eit svært aktivt år for Sogelaget i året 2007.
Først her lister vi opp dei tiltaka som er på gang og som skal vidareførast. Dette er ikkje nødvendigvis i prioritert rekkefølge.

VIDAREFØRING AV IGANGSETTE / ETABLERTE TILTAK

  • Sluttføring av restaureringsarbeidet vedkomande Andersselet på Kvitlane. Restaureringsarbeidet er fullført. Det står igjen litt sikringsarbeid.
  • Gjennomføring av to konkrete objekt som Sogelaget har fått støtte til:
    • Utmarksløe på Rødsetsæter vil bli fullført i 2007.
    • Kolvingsbrua er på det aller meste ferdig
  • Deltaking i vidareutvikling av Stordalsportalen og herunder:
    • Vidare arbeid med Stordal Sogelag si Interne Heimeside i Stordalsportalen vil bli intensivert i 2007.
  • Vidare arbeid og engasjement i dei viktige kulturminna:
    • Fokhaugtuftene. Det planlegges eit større arbeid på tuftene i 2007.
    • Trollkyrkjegarden. Dette er eit kontinuerlig arbeid.
  • Stordal Bondelag skal i året 2007 sluttføre sin del av Råsryddingsprosjektet som var eit samarbeidsprosjekt med Stordal Sogelag: Sogelaget vil vedkomande dette:
    • Dokumentere alle disse gamle stiane og råsene i Stordal på digitale kart og;
    • Presentere dei på nettet og på papir. Dette blir eit unikt turstinett. Dette arbeidet vil strekke seg over både 2007 og 2008.

STORE HØGT PRIORITERTE PROSJEKT

  • Eit høgt prioritert prosjekt er:
    • Kartlegging av alle kulturminner i Øvre Stordal. Dette er eit prosjekt som Stordal Sogelag har fått støtte til av Landbruksavdelinga på Molde. Dette store prosjektet skal sluttførast og rapport skrivast i løpet av 2007. Det har vore arbeidd med mange delprosjekter som ligg under dette hovedprosjektet herunder :
      • Fokhaugtuftene
      • Trollkyrkjegarden
      • Dei fremste gardane i Stordal blei det skrive eit hefte om i 2006.
      • Stølane i Stordal ( ref hefte )
      • Langsætrane ( ref hefte )
      • Andersselet
      • Langsæterdagane
      • Klyngetunet på Jøsvoll
      • Kolvingsbrua, Utmarksløa
      • Dei aller eldste kulturminna i Øvre Stordal
  • Svært viktig i denne samanheng er også arbeidet med digitale kart og GPS – posisjonsbestemmelser. Det totale prosjektet vil no i 2007 bli vidareført med stor fokus, herunder eksempelvis:
    • Grenda Stavdal / Stølane / Lianeset / Talberg / Nakken
    • Grendene i Rødsetdalen og / eller Kulturminnene i Rødsetdalen.
  • Det planlegges også vidareføring av tradisjonen med Langsæterdagane med store arrangement over tre dagar. Disse dagane er i 2007 bestemt til 31.8. 1. 9. og 2.9.
  • Det regionale prosjektet Fjord Fjell Friluftsparken i Møre og Romsdal vil bli fulgt opp ut gjennom heile 2007. I dette prosjektet inngår også dei store Langsæterområda med Trollkyrkjegarden som sentrum. Det er etablert eit samarbeid med alle bygder og grender som dette området omfatter med delområder frå 6 kommuner.

ARBEID MED ULIKE TEMAHEFTER

Det er sett i gang følgende arbeid som skal gjevast ut som temahefter.

  • Tidleg organisert fiske
  • Stordalingar som deltok på fiske i fjerne farvatn.
  • Gamle mattradisjoner i Stordal
  • Holmebygda (Prosjekt starta av Atle Ringset, Ivar Holmen, Olav Dybdal)
  • Vidare store arbeid under prosjekt Synleggjering skal utførast.
  • Store arbeid med turregistreringer med GPS – apparater skal utførast i 2007 Deltaking også av folk frå omliggande bygder og grender frå både Sunnmørs- og Romsdalssida.Noko av framanforståande arbeid vil også bli gitt ut som temahefter.

ANDRE MULIGE OPPGÅVER I 2007 og 2008.

Oppstart med å dokumentere frå dei mange lag og organisasjoner som var i Stordal i eldre tider, så som:

  • Ungdomslaget
  • Skyttarlaget
  • Song og musikk i Stordal
  • Andre lag og organisasjoner i Stordal

Vidare er ei oppgåve å få dokumentert:

  • Tidleg oppstart av industri i Stordal

13. INFORMASJON FRÅ ÅRSMØTET DEN 22. MARS 2007.

Forut for Årsmøtet blei gjennomgått info om turregistrering, infotavler, og skilting m.m.

Frå Årsmøtet refereres det her:

Styreformannen ynskte velkomen og opplyste at innkalling til Årsmøte blei gjort ved annonsering i begge bygdeblada, ved annonse i Stordalsportalen ved oppslag i bygda og også ved diverse e-postutsendinger.

Innkallinga til møtet blei godkjent og ein gjekk over til det oppsette program. Frå dei faste Årsmøtepostane refereres her:

  • Etter innstilling frå styret blir medlemskontingenten for 2007 den same som for 2006, Kr. 200,- for enkeltmedlemer og Kr. 260,- for lag, organisasjoner og bedrifter.
  • Styrets formann gjennomgjekk grundig regnskapet for 2006 og las revisorane si melding. Det blei konkludert med at Sogelaget sin økonomiske status er sunn og Årsmøtet godkjente Årsregnskap og Revisjonsmeldinga.
  • Årsmeldinga som Styret har arbeidd med, blei gjennomgått. Mykje er gjort i 2006, men ein legg opp til eit aktivt år for 2007.
  • Årsmøtet godkjende det som er referert i det framanforståande.

Val for året 2007:

Valnemnda la fram innstilling og Årsmøtet godkjende følgende som styre for Stordal Sogelag for året 2007:

  • Styreformann: Einar J. Hove, valgt for 1 år (attval)
  • Nestleiar: Bjørg Hjelmseth (ikkje på val)
  • Styremedlem: Kristian Almås, valgt for 2 år (attval)
  • Styremedlem: John Kristian Hjelle, valgt for 2 år (attval)
  • Styremedlem: Magda Staurset (ikkje på val)

Som varamenn og leiarar for temagruppene blei valgt:

  • Steinar Lamo - temagruppe UTE (ikkje på val)
  • Karl Øvrebust - temagruppe INNE
  • Kristin Dybdal - temagruppe ANNA (ikkje på val)

Som revisorar blei valgt:

  • Tor Midtbust, valgt for 2 år (attval)
  • Johan Vinje (ikkje på val)

Styret foreslo gjenvalg av valnemnda. Dette blir då:
Jon Helge Larsen ( leiar ), Leif E. Heggen og Vigdis Lien. Disse blei av Årsmøtet gjenvalde til valnemnd fram til Årsmøtet i 2008.

14. Korleis kan ein gå fram for å rekruttere nye medlemer til Stordal Sogelag

Det kan tenkjast disse situasjonane.

A. Du som allereie er medlem kjenner nokon som ynskjer å bli medlem
I DETTE TILFELLE GIR DU VEDKOMANDE NEDANFORSTÅANDE KONTAKTMULEGHEITER

B. Du veit om nokon som ikkje er medlem enno, men som du trur kan ynskje å bli medlem.
DÅ KAN DU GI STYRESEKRETÆREN BESKJED – SÅ VIL HO TA KONTAKT MED VEDKOMANDE.

C. Du ynskjer å gi nokon eit årsmedlemskap som gåve. Merk at 2007 vil bli eit svært interessant år i Sogelaget si historie. Det vil bl.a. kome mykje interessant stoff om eit stort arrangement på Trollkyrkjegarden kombinert med Langsæterdagane i siste halvdel av august.
I EIT SLIKT TILFELLE TA KONTAKT MED STYRESEKRETÆREN SÅ VIL HO TA SEG AV SAKA; DVS ORDNE OPP KORLEIS BETALINGA SKAL SKJE OG SØRGE FOR EI HYGGELEG MELDING TIL VEDKOMANDE.

STYRESEKRETÆR VIGDIS LIEN, DYRKORN, 6250 STORDAL
Tlf. 70277036, e-mail: vklien@online.no

Du kan sjølvsagt også kontakte alle som sit i styret og be om deira assistanse til å ordne med formalitetane for å bli medlem. Styret for Stordal Sogelag er: Styreleiar Einar J. Hove, Nestleiar Bjørg Hjelmseth, Kristian Almås, John Kristian Hjelle og Magda Staurset.

Årsmeldinger og Skrifter / Temahefter utgitt frå 2001 til 2006

Årsmeldingar:

  • For året 2001 Datert februar 2002
  • For året 2002 Datert februar 2003
  • For året 2003 Datert mars 2004
  • For året 2004 Datert mars 2005
  • For året 2005 Datert mars 2006
  • For året 2006 Datert mars 2007

Utgjevne Temahefter:

I året 2001:

  • Temahefte om Ull, august 2001
  • Gardane og bruka i Stordal i eldre tider: Klyngetunet på Hove, oktober 2001

I året 2002:

  • Gardane og bruka i Stordal i eldre tider:
    • Klyngetunet på Vinje, mai 2002
    • Gamle stover og hus i Stordal, oktober 2002
    • Intersogelagssamarbeidet, oktober 2002
    • Stølane i Stordal, november 2002

I året 2003:

  • Intersogelagssamarbeidet, mars 2003
  • Intersogelagssamarbeidet, april 2003
  • Misjonsforeningane i Stordal, august 2003
  • Intersogelagssamarbeidet oktober 2003
  • Langsætrane, tekstdel og bilagsdel desember 2003

I året 2004:

  • Intersogelagssamarbeidet, februar 2004
  • Intersogelagssamarbeidet april 2004
  • Innspel til Stordal Kommune vedkomande
  • Delplan for 2004-07 Friluft/Idrett april 2004
  • Intersogelagssamarbeidet, juni 2004
  • Intersogelagssamarbeidet, Evalueringshefter, Tekstdel og Bilagsdel, oktober 2004
  • Gardane og bruka i Stordal i eldre tider: Klyngetunet på Jøsvoll, desember 2004, Tekstdel og Bilagsdel

I året 2005:

  • Programma for Langsæterdagane
  • Introduksjon av Fjord Fjell Friluftsparken
  • Heftet Langsæterdagane som ledd i utviklinga av Fjord Fjell Friluftsparken i MRF
  • Klyngetunet på Øvrebust, tekstdel og bilagsdel, september 2005
  • Oppsummeringshefte om Langsæterdagane m.m.
  • Matauk frå fjord, elvar og vatn, tekstdel og bilagsdel, desember 2005
  • Prosjektbeskrivelse av Fjord Fjell Friluftsparken i MRF desember 2005
  • Sogelaget sitt portrettintervju med Ruth Vinje

I året 2006:

  • Årsmeldinga for året 2005, mars 2006
  • Langsæterdagane 2006, september 2006
  • Prosjekt Synleggjering, september 2006
  • Fjelloverganger / toppturer, oktober 2006
  • Handel og Handtverk, november 2006
  • Stiftinga av Stordal Turlag, november 2006
  • Arbeidslivet på Stordalsgardar, desember 2006
  • Gardane fremst i Stordal, desember 2006


Stordalsportalen.no Stordal Sogelag 2014 - Alle rettigheter forbeholdt Admin

Stordal Sogelag