Velkommen! | Om Stordal sogelag | Om Stordal | Sogelagsarbeidet | Langseterdagane | På tur | Portrettet | Bildearkiv | Kontakt |

Årsmelding for 2003

 

 
 

ÅRSMELDING FOR 2003

 
 

STORDAL

MARS 2004

 
 

 

Frå Årsmeldinga for året 2003 tek vi her med forutan Innhaldsfortegnelsen, avsnitta 4, 5, 6, 7 og del av avsnitt 8

I N N H A L D

1. Skipinga av Stordal Sogelag og vedektene for laget.
2. Organisasjonen for Stordal Sogelag i 2003.
3. Rekruttering av medlemer og medlemstalet ved utgangen av året 2003.
4. Intersogelagsarbeidet og den Store Hesteferda 2004.
5. Temahefter som er utgjevne gratis til alle medlemer av laget.
6. Andre tiltak som sogelaget har delteke i.
7. Planer for året 2004.
8. Styremøte den 8. mars og førebuing til Årsmøtet som skal haldast i Grendasalen den 20. mars 2004.
9. Informasjon frå Årsmøtet i Grendasalen den 20. mars 2004.
10. Korleis kan ein gå fram for å rekruttere nye medlemer til Stordal Sogelag.

4. Intersogelagssamarbeidet og Den Store Hesteferda 2004.

Stordal Sogelag tok i 2003 initiativ til å etablere eit samarbeid mellom fleire sogelag som låg langs leia der dei store hesteferdene gjekk frå Nordfjord til Romsdalsmarknadene.

Dette sogelagssamarbeidet har utvikla seg svært positivt. Medlemene av Stordal Sogelag er blitt haldne godt underretta om dette samarbeidet ved utgivelse av sogelagshefter den 12. oktober 2002, i mars 2003, 5. april 2003 og 11. oktober 2003. For oversikta si skuld tek vi her med at det den 14. februar 2004 blei halde eit stort møte i Stordal i regi av dette INTERSOGELAGSSAMARBEIDET.

Det blei der bestemt at det i månadsskiftet august / september 2004 skal arran-gerast ei stor hesteferd frå Nordfjord tvers over heile Sunnmøre og til den gamle marknadsstaden på Devold. NRK – fjernsynet ved Oddgeir Bruaset skal lage ein autentisk film på 45 minutt om dette som skal visast i jula 2004.
Frå møtet den 14. februar vil Stordal Sogelag sende ut eit stort hefte gratis til alle sine medlemer. Stordal og Langsæterområdet blir her ganske sentral i denne filmen, men her blir store innslag frå heile ferdaleia. Dette er eit svært spanande prosjekt som Stordal Sogelag vil informere om ved utgivelse av temahefter til alle sine medlemer.

5. Temahefter som er utgjevne gratis til alle medlemer av laget.

Eit viktig historisk dokument var temahefte nr. 5 om MISJONSFORENINGANE I STORDAL.
- Spirekraft og vokster gjennom 100 år -
På dei etterfylgjande sidene 13 og 14 er gjengjevne forsida og innhaldssida frå dette heftet.
Eit stort temahefte nr 7 om
LANGSÆTRANE
STØLANE
PUSKEN OG KVITLANE
vart sendet ut til alle medlemene av sogelaget i desember 2003. Stoffet er delt i ein TEKSTDEL og ein BILAGSDEL. På dei etterfylgjande sidene 15 og 16 viser vi forsida og innhaldssida frå TEKSTDELEN. På sidene 17 og 18 viser vi forsida og bilagsoversikta frå BILAGSDELEN.

6. Andre tiltak som sogelaget har delteke i.

KULTURMINNER I ØVRE STORDAL
Stordal Sogelag er oppteken av å ta vare på og bruke aktivt kulturminner i Øvre Stordal og Langsæterområdet. For å skaffe ei oversikt over slike kulturminner, søkte sogelaget Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i MRF - og fekk tildelt Kr. 96.000 til eit slikt formål. Som eit ledd i dette arbeidet har sogelaget bedt om og fått assistanse frå Kulturavdelinga hjå Møre- og Romsdals Fylkeskommune.
Dette gjeld dei to svært viktige kulturminna

FOKHAUGTUFTENE OG TROLLKIRKEGARDEN
Disse skal no ryddast for kratt, kjerr og skog og takast fram i lyset igjen. Dette blir eit prioritert arbeid for sogelaget framover sommaren. Vidare skal det skaffast oversikter over alle slags kulturminner både knytt til gardane / grendene i Øvre Stordal og i heile Langsæterområdet. STORDAL SOGELAG har i 2003 søkt om og fått støtte frå Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i MRF til rest-aurering av tre konkrete objekter:
- ei kolvingsbru i Røysetdalen
- ei utmarksløe på Rødsetsæter
- ei torvløe på Overøye
Disse skal ein starte å restaurere i 2004.

SAMARBEID MELLOM STORDAL SOGELAG OG STORDAL BONDELAG.

Dette samarbeidet har sitt utspring i temaheftet STØLANE I STORDAL utgjeve i november 2002. I dette heftet er her eit kart der alle dei gamle stølane er tegna inn. Ta fram igjen og sjå i dette heftet. Med utgangspunkt i denne kartoversikta har ein tegna inn att alle gamle stiar og vegar i Stordal. Dette er både stiane som gjekk frå bygda og opp til disse stølane og stiane som gjekk i fjellet mellom disse stølane. Ein har samstundes på same kartet tegna inn dei vegane som blei brukt i eldre tider opp gjennom bygda, også på sydsida av elva.
Stordal Bondelag i samarbeid med Stordal Sogelag har søkt støtte til å få kalkulert kostnadene med dette rydding- og utbetringsarbeidet og det er gitt støtte til dette. Det blir no søkt om støtte til å få utført dei delane av dette arbeidet som ein treng leigd hjelp til.
VI OPPFORDRAR DEG TIL Å STILLE PÅ DETTE RYDDEARBEIDET.

På denne måten vil vi i Stordal og fjellområda rundt få til eit unikt turnett. Sogelaget vil skrive om det som du kan oppleve på dei forskjellige turane. Vi vil utvikle konseptet
TUR MED OPPLEVING OG LÆRING.

Vi inviterer alle med – ut på tur i Stordal og våre fine fjellområder.

RESTAURERING AV SEL PÅ LANGSÆTRANE.

Stordal Sogelag arbeider med å få restaurert eit gamalt sel på Langsætrane. Målsettinga er å gjenskape eit sel med fjøs under med alle sæterfunksjonar slik som dei var for 80 – 100 år sidan. Lukkast vi med dette, ønsker sogelaget å bruke eit slikt sel med fjøs som eit ”aktivt” museum.

Vi vil arrangere demonstrasjoner for skuleklasser og andre om korleis sæter-drifta foregjekk i eldre tider. Vi ønsker også å arrangere
STORDAL SOGELAG - SÆTERHELG
PÅ LANGSÆTRANE
Då vil vi legge opp til salg av sætermat på vollen utanfor selet. Vi vil også by på gamaldags underhaldning. Dette skal bli eit svært interessant opplegg.

7. Planer for året 2004

Ein del av det som Stordal Sogelag vil arbeide vidare med er allereie omtala framanfor. For oversikta si skuld tek vi opp att disse punkta.

OPPGÅVER FOR STORDAL SOGELAG I 2004

  • Aktiv deltaking i INTERSOGELAGSSAMARBEIDET
  • Rekrutteringsarbeidet for nye medlemer vil bli intensivert – målsetting for året 2004 - minst 270 medlemer
  • Ei omfattande oppgåve for sogelaget vil bli HESTEFERDA GJENNOM STORDAL HAUSTEN 2004. STORT PROGRAM
  • Sogelaget skal utgi eit temahefte før og eit temahefte etter denne hesteferda
  • Generell kartlegging av kulturminner i Øvre Stordal
  • Spesiell fokus på dei viktige kulturminna FOKHAUGTUFTENE og TROLLKIRKEGARDEN
  • Restaurering av tre konkrete objekt som sogelaget har fått støtte til
  • Samarbeid med Stordal Bondelag om rydding av stier, råser og gamle vegar i Stordal
  • Sogelaget vil skrive eit hefte om dette turnettet og legge dette inn i laget sin database og internettpresentasjon
  • Restaurering av eit gamalt sel med fjøs på Langsætrane
  • Tilskiping av SÆTERHELG PÅ LANGSÆTRANE I OG UTANFOR DETTE SELET

Alle disse tiltaka er det skreve om i det foranståande. I tillegg til dette ynskjer sogelaget å arbeide med fylgjande saker i 2004.

  • Sette stor fokus på arbeidet med Stordal Sogelag sin DATABASE OG INTERNETTLØYSING
  • Vi ynskjer å legge stort arbeid inn i eit temahefte som omhandlar:KVA SKJEDDE PÅ EIN TYPISK STORDALSGARD – ÅRET RUNDT frå januar til desember i eldre tider.
  • Frå ovanståande arbeid ynskjer vi å lage eit eige temahefte om GAMLE MATTRADISJONAR I STORDAL
  • Sogelaget ynskjer å fortsette med den serien som er starta med DEI GAMLE KLYNGETUNA I STORDAL. Her er mange fleire som står for tur så som KLYNGETUNA på:
    • Midtbust,
    • Øvrebust
    • Holt
    • StorheimMo
    • Jøsvoll ( er allereie starta opp )
    • Holmebygda er eit arbeid som allereie er starta opp av Olav Dybdal, Ivar Holmen og Atle Ringset
    • Eit anna område som Stordal Sogelag bør ta opp, er å skrive om dei forskjellige organisasjonane i bygda, så som:
      • Ungdomslaget
      • Skyttarlaget
      • Song og musikk i Stordal ( noko er allereie påbyrja av Alf Overøye )
      • Og andre lag og organisasjonar

8. Informasjon frå Årsmøtet i Grendasalen

den 20. mars 2004

For oversikta si skuld og for å oppdatere alle sogelagsmedlemene best muleg tek vi her med fylgjande frå Årsmøtet den 20. mars 2004

  • Årsmøtet vedtok samrøystes å fastsetje medlemskontingenten for 2004 slik:
    • Medlemer Kr. 200.-
    • Bedrifter / organisasjoner Kr. 260.-
  • Styreleiar gjennomgjekk utkast til Årsmelding som Årsmøtet godkjende.Til Valnemnd vart valgt: Ingrid Løset, Nelly Tøsse og Jon Helge LarsenTil nye medlemer av styret blei valgt: John Indresæter, ( Dyrkorn ) og Magda Staurset


Stordalsportalen.no Stordal Sogelag 2014 - Alle rettigheter forbeholdt Admin

Stordal Sogelag