Velkommen! | Om Stordal sogelag | Om Stordal | Sogelagsarbeidet | Langseterdagane | På tur | Portrettet | Bildearkiv | Kontakt |

Forord frå skipingsdokumentet

 

Stordal har eit rikt og svært mangearta sogemateriale. Ein god del er gått tapt, men mykje kan endå bevarast. Dette må vi no gå saman om å ta vare på, men også å gjere det kjent for både eldre og yngre.

Lokalhistorisk materiale er svært mykje knytt til gard, grend og slekt, men for berre få generasjonar sidan gjekk slektsbanda på kryss og tvers over heile bygda. Ein bør derfor i prinsippet sjå det på den måten at alt kan høyre til eit fellesskap og ein felles kulturarv.

Men det er ikkje berre viktig å samle og ta vare på dette materialet. Ein bør like mykje legge vekt på å presentere og å vise fram denne felles kulturarven til både eldre og yngre.

Det er viktig for alle å ha kjennskap til sine røter og å få oppleve tilhørigheit til ein stad, til ei slekt, ein kultur og ei soge.

Sjølv om sogelagsarbeid såleis må utførast både med eit alvor og med respekt for farne generasjonar, bør det likevel vere mykje humor, hygge og sosialt samvær knytt til sjølve arbeidet.

Sogelagsarbeidet bør engasjere flest mogeleg av folket i bygda, men det er eit frivillig arbeid og må tilpassast den tid og arbeidskapasitet som einskildpersonar har til rådvelde. Det skal ikkje vere noko stresspreg over dette arbeidet, men tvert imot vere utøvd i glede, lyst og triveleg samvær.

Ein må ta i bruk mykje av det teknologiske utstyr og dei moderne datateknologiske metodar som ein rår over i dag.
På denne måten blir arbeidet lettare og ein kan koble yngre folk inn i sogearbeidet slik at generasjonskløftene også blir mindre.

Det er også viktig at den generasjon som veks opp no kan få eit bilde av folks livsvilkår berre for eit par generasjonar sidan.

Stordal, 10. mai 2001

Slåttonna i full gang på Kirkebøen. Frå venstre Petter Kirkebø, Karoline Fremsæter, Karen Marie Kirkebø, Ludvig Kirkebø. I høyvogna Kirsten Kirkebø og Leiv Kirkebø. Bildet er teke ca. i 1950.


Stordalsportalen.no Stordal Sogelag 2014 - Alle rettigheter forbeholdt Admin

Stordal Sogelag