Skipinga av dette laget er ei erkjenning av
behovet for å få til meir organiserte
tiltak kring det å kartlegge, beskrive og
gjere kjent det utruleg flotte turterrenget som
vi har over heile kommunen og innover mot
våre grannebygder. Dette sjølvsagt
med det siktemål å få born, unge
, eldre og alle slags brukergrupper på tur
ut i våre naturområder. Det å
halde i hevd kulturlandskapet, verne om og bruk
av naturen og kulturminner og miljøet er
også eit fokusert område. Du
behøver ikkje vere sprek og spenstig som
eit rådyr for å bli medlem, og du
oppfordres herved til å støtte disse
målsettingane ved å melde deg inn i
Stordal Turlag.
Sjå menyknappen nede til venstre: "Bli
medlem".
Bildet viser Einar Walldal og Lars Valldal.
Desse Valldalskarane gjekk opp og rydda ein
gammal sti frå Valldalssætre via
Hesteskaret og heilt fram til Seljebotn i
Stordal. Dette er eit positivt eksempel på
samarbeid om rydding og merking av stier mellom
bygdelaga i felles fjellområde.