Stordal Turlag

Initiativ

Initiativet til skipinga av Stordal Turlag var teke av turinteresserte. Opptakta starta eigentleg ved at Jan Helland og Einar J. Hove kom saman om å tegne turstier inn på Stordal Sogelag sine digitale kart. Dei kom på tanken om ein ikkje kunne få starta opp eit turlag for Stordal også som tilfellet var i mange bygder. Det førebuande arbeid vart gjort i regi av Stordal Sogelag ved Einar J. Hove, Jan Helland og Hildegunn Langhaug Berli.

Det blei utarbeidd forskjellige skriv som omhandla grunnlaget for dette tiltaket, om bakgrunnen, vedtekter for laget og innkalling til skipingsmøte med program for møtet. Det vart halde skipingsmøte i Stordal den 30. november 2006.

36 personar blei då registrert som skiparar og medlemer.

Stordal Turlag ynskjer mange medlemer. Det vil gå ut mange oppfordringar til å tegne seg som medlem. Både innanbygds og utanbygds personar og både enkeltpersonar og familier kan vere medlemer.

Frå undersøkingane på Trollkyrkjegarden hausten 2005.
Bildet viser representant frå Universitetet i Bergen, kulturavdelinga i MRF og interesserte Stordalingar.
Bildet er teke av Kristian Almås.