Skiturar i Stordalsfjella
Utover etterjulsvinteren er ver- og
førefold i Stordal ofte slik at du kan
gå på skiturar utanom dei
oppkøyrde løypene.
Vi har her sett opp forslag til sju skiturar
”Utanom allfarveg” og sju toppturar
i det store turområdet rundt Stordal
Alpinsenter. Fleire av desse rutene går
over islagde vatn, og nokre stader kan det til
tider vere rasfare. Det krevst derfor
fjellvett, kart og anna godt utstyr av dei som
vil legge ut på desse turane. Alle må
ta ansvar for eigen tryggleik.
Når det er sagt, kan det vel også
seiast at desse rutene har vore brukte av
lokalkjende folk i lange tider, og vi kjenner
ikkje til at nokon har vorte utsette for
alvorlege ulykker av den grunn. Vi vil her gi
ein kort omtale av kvar tur, slik at dei som er
ukjende, kan få litt hjelp med startpunkt
og vidare vegval.
Dersom du ønskjer meir detaljerte
opplysningar om desse turane, eller kanskje
ønskjer å gå saman med
kjentfolk, kan du ta kontakt med Hildegunn
Berli Tlf. 70278473
E-post. hildegunnberli@gmail.com
Spørsmål som gjeld kart eller bruk av
GPS, kan rettast til Kristian Almås Tlf.
70278007
E-post k-alm@online.no