Eit hovedformål for Stordal
Turlag
Under formålsparagrafen for med Stordal
Turlag står som eit viktig punkt:
VERE AKTIVT I Å KARTLEGGE OG BESKRIVE
FJELLTURAR MED ULIKE VANSKEGRADER I
STORDALSFJELLA OG MOT GRANNEBYGDENE.
Dette er også poengtert under menyvalet
"Bakgrunn", sjå under hovedmenyen "Om
Stordal Turlag".
Skipinga av Stordal Turlag er ei erkjenning av
behovet for å få til meir organiserte
tiltak kring det å kartlegge, beskrive og
gjere kjent det utruleg flotte turterrenget som
vi har over heile kommunen og inn over mot
våre grannebygder.
Stor oppgåve – mange må
delta
Dette er ei svært stor oppgåve om ein
skal gjere dette skikkeleg. Det inneber mykje
arbeid knytt til å rydde og merke alle
stier og råser i terrenget, registrere
alle disse ved hjelp av GPS – apparat,
tegne registreringane inn på digitale
kart, produsere og distribuere slike kart,
legge dette inn på Internett, merke og
skilte alle turane ute i terrenget. I tillegg
til dette sette opp informasjonstavler ved dei
mange inngangsområda til fjellheimen.
Arbeidet alt i gang
Bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal og
Stordal Sogelag har kome eit godt stykke
på veg m.h.t. dette arbeidet.
Foreløpig
kartregistrering
Det er ved hjelp av mange personer både
innanbygds og frå våre nabobygder
laga eit foreløpig oversiktskart over eit
stort antal turar – både
fjelltoppturar, turar i lavlandet og mellom
Stordal og nabobygder. Dette oversiktskartet
skal no i 2007 brukast til å få til
ei systematisk registrering av så mange av
disse turane som er mogeleg ved hjelp av GPS
– apparat.
Invitasjon til samarbeid
For å få dette til, vonar ein på
stor oppslutnad frå ei rad medlemer
frå organisasjoner så som:
- Landbruksorganisasjonane
- Grunneigarorganisasjonane
- Jaktlaga
- Idrettsorganisasjonane
- Kulturelle organisasjonar
- Friluftsorganisassjonane
- Ungdomsorganisasjonane
- Grendelaga og Velforeningane
- Skulane
- og andre
Det er dei aktive, frilufts-og turengasjerte
medlemene i disse organisasjoner vi ønsker
å få kontakt med. Alle som vil
gå på tur – kortere eller
lengre!
Felles oppgåve for
2007
- Rydde og foreløpig merke eit stort antal
stier og råser
- Gå opp så mange av disse som
mogeleg med GPS – apparat
- Tegne registreringane frå GPS –
apparata inn på digitale kart
Hardware og Software som
finst
- Til sesongen 2007 vil det i Stordal truleg
finnast minst 4 GPS – apparat
- Det er etablert samarbeid med alle
nabobygdene i kommunene Stranda, Norddal,
Rauma, Vestnes og Ørskog. Disse har truleg
minst 12 – 14 GPS – apparat
tilsaman. Dei har også sagt at dei gjerne
vil samarbeide med Stordal om slike
registreringar.
- Stordal Sogelag har digitale kart over heile
området som det er snakk om og kan
overføre GPS – registreringane til
disse karta.
Meld frå om di interesse for
å delta
Stordal Sogelag er hovedansvarleg for det
totale opplegget for kartarbeidet og GPS
– registreringane.
Stordal Turlag og Tur og Trimgruppa (
Allidrettsgruppa i SIL ) vil også
engasjere seg sterkt i dette arbeidet ut
gjennom året 2007. Til deg som vil vere
med på dette interessante og viktige
arbeidet, meld frå til nokon i styra til
disse laga.