Eit hovedformål for Stordal
Turlag
Under formålsparagrafen for med Stordal Turlag
står som eit viktig punkt:
VERE AKTIVT I Å KARTLEGGE OG BESKRIVE FJELLTURAR MED
ULIKE VANSKEGRADER I STORDALSFJELLA OG MOT
GRANNEBYGDENE.
Dette er også poengtert under menyvalet "Bakgrunn",
sjå under hovedmenyen "Om Stordal Turlag".
Skipinga av Stordal Turlag er ei erkjenning av behovet for
å få til meir organiserte tiltak kring det
å kartlegge, beskrive og gjere kjent det utruleg
flotte turterrenget som vi har over heile kommunen og inn
over mot våre grannebygder.
Stor oppgåve – mange må
delta
Dette er ei svært stor oppgåve om ein skal
gjere dette skikkeleg. Det inneber mykje arbeid knytt til
å rydde og merke alle stier og råser i
terrenget, registrere alle disse ved hjelp av GPS –
apparat, tegne registreringane inn på digitale kart,
produsere og distribuere slike kart, legge dette inn
på Internett, merke og skilte alle turane ute i
terrenget. I tillegg til dette sette opp informasjonstavler
ved dei mange inngangsområda til fjellheimen.
Arbeidet alt i gang
Bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal og Stordal
Sogelag har kome eit godt stykke på veg m.h.t. dette
arbeidet.
Foreløpig kartregistrering
Det er ved hjelp av mange personer både innanbygds og
frå våre nabobygder laga eit foreløpig
oversiktskart over eit stort antal turar – både
fjelltoppturar, turar i lavlandet og mellom Stordal og
nabobygder. Dette oversiktskartet skal no i 2007 brukast
til å få til ei systematisk registrering av
så mange av disse turane som er mogeleg ved hjelp av
GPS – apparat.
Invitasjon til samarbeid
For å få dette til, vonar ein på stor
oppslutnad frå ei rad medlemer frå
organisasjoner så som:
- Landbruksorganisasjonane
- Grunneigarorganisasjonane
- Jaktlaga
- Idrettsorganisasjonane
- Kulturelle organisasjonar
- Friluftsorganisassjonane
- Ungdomsorganisasjonane
- Grendelaga og Velforeningane
- Skulane
- og andre
Det er dei aktive, frilufts-og turengasjerte medlemene i
disse organisasjoner vi ønsker å få
kontakt med. Alle som vil gå på tur –
kortere eller lengre!
Felles oppgåve for 2007
- Rydde og foreløpig merke eit stort antal stier og
råser
- Gå opp så mange av disse som mogeleg med GPS
– apparat
- Tegne registreringane frå GPS – apparata inn
på digitale kart
Hardware og Software som finst
- Til sesongen 2007 vil det i Stordal truleg finnast minst
4 GPS – apparat
- Det er etablert samarbeid med alle nabobygdene i
kommunene Stranda, Norddal, Rauma, Vestnes og
Ørskog. Disse har truleg minst 12 – 14 GPS
– apparat tilsaman. Dei har også sagt at dei
gjerne vil samarbeide med Stordal om slike
registreringar.
- Stordal Sogelag har digitale kart over heile
området som det er snakk om og kan overføre
GPS – registreringane til disse karta.
Meld frå om di interesse for å
delta
Stordal Sogelag er hovedansvarleg for det totale opplegget
for kartarbeidet og GPS – registreringane.
Stordal Turlag og Tur og Trimgruppa ( Allidrettsgruppa i
SIL ) vil også engasjere seg sterkt i dette arbeidet
ut gjennom året 2007. Til deg som vil vere med
på dette interessante og viktige arbeidet, meld
frå til nokon i styra til disse laga.