Nedanståande har på forskjellig vis
støtta Stordal Turlag direkte ved eige
arbeid eller pengemidler.
Utarbeiding av database over
medlemer
John Kåre Hove og Lars Jacob Hove har
gratis utarbeidd ein database over medlemene i
Stordal Turlag. Denne databasen held oversikt
over medlemene, oversikt over namn, adresser,
telefonnummer, e-postadresser, betaling av
kontingent osv. Ruth Janne Vinje fører
disse oversiktene og held dataene à jour.
Utvida Infoside og Heimeside under
Stordalsportalen
Hove Vision har dekt kostnadene med å
utarbeide disse sidene som du finn under
Stordalsportalen.
Støtte til innkjøp av eit
GPS-apparat
Det er søkt Stordal kommune om å
dekke kostnadene med innkjøp av eit
GPS-apparat. Vi vonar at søknaden blir
imøtekomen.
Arbeidet i arbeidsutvala
Sjå under hovedmenyen "Om Stordal
Turlag"og herunder "Arbeidsutval". Medlemene i
desse arbeidsutvala arbeider gratis for Stordal
Turlag. Dei er ein svært viktig ressurs
for den daglege drifta og aktivitetane i
turlaget.
Stordal Turlag er svært takksam for alt
ovanfor støttearbeid.
Direkte Pengegåver
Hittil har disse gitt direkte pengegåver
til Stordal Turlag:
- Westre Eiendomsselskap Kr. 5.000.-
Nye bidragsytarar vil bli føyd til her
etter kvart
Vil du som les dette gi ei pengegåve til
drifta og utviklinga av Stordal Turlag, så
er Stordal Turlag sin konto:
3910.30.44999.
Samstundes som pengane blir sendt, gi ei
melding til styret ved:
Formann Stig Falling
Stordal Turlag
PB. 135
6259 Stordal
Vi seier også her på førehand
takk.