Forslag til skiturar

Skitur mot Kamben

Skiturar i Stordalsfjella

Utover etterjulsvinteren er ver- og førefold i Stordal ofte slik at du kan gå på skiturar utanom dei oppkøyrde løypene.

Vi har her sett opp forslag til sju skiturar ”Utanom allfarveg” og sju toppturar i det store turområdet rundt Stordal Alpinsenter. Fleire av desse rutene går over islagde vatn, og nokre stader kan det til tider vere rasfare. Det krevst derfor fjellvett, kart og anna godt utstyr av dei som vil legge ut på desse turane. Alle må ta ansvar for eigen tryggleik.

Når det er sagt, kan det vel også seiast at desse rutene har vore brukte av lokalkjende folk i lange tider, og vi kjenner ikkje til at nokon har vorte utsette for alvorlege ulykker av den grunn. Vi vil her gi ein kort omtale av kvar tur, slik at dei som er ukjende, kan få litt hjelp med startpunkt og vidare vegval.

Dersom du ønskjer meir detaljerte opplysningar om desse turane, eller kanskje ønskjer å gå saman med kjentfolk, kan du ta kontakt med Hildegunn Berli Tlf. 70278473

E-post. hildegunnberli@gmail.com

Spørsmål som gjeld kart eller bruk av GPS, kan rettast til Kristian Almås Tlf. 70278007

E-post k-alm@online.no



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as