Stordal Turlag

Forslag til toppturar

1. Tur til Auskjeret (1340 m.o.h.)
2. Tur til Stolen (1393 m.o.h.)
3. Tur til Storlihornet (995 m.o.h.)
4. Tur til Storbua (1498 m.o.h.)
5. Tur til Storådalstinden (1433 m.o.h.)
6. Tur til Høghornet (1412 m.o.h.)
7. Tur til Kvitegga (1311 m.o.h.)

1. Tur til Auskjeret

Du kan ta T-trekket ved Stordal Alpinsenter opp til endestasjonen 800 m.o.h.(32 V 406492 6921050). Derifrå går du rundt 200m i nordvestleg retning, og vidare rundt 400m mot sørvest.

Derifrå er retninga vest mot Sandfjellet 1220 m.o.h (32 V 405205 6920821). Derifrå til toppen av Auskjeret 1340 m.o.h (32 V 405226 6921467 )er retninga nord. Særleg første stykket av denne oppstiginga er bratt. Det vil oftast lønne seg å gå med fellar.

Dersom du ikkje ønskjer å gå så bratt, kan du frå endestasjonen gå i sørvestleg retning mot Storsteinen 880 m.o.h. (32 V 405237 6920069). 200-300 m før du kjem dit, kan du svinge til nordvestleg retning mot Sandfjellet og vidare til toppen av Auskjeret. Auskjeret har ingen godt markert topp. Går du for langt til høgre, er faren hengeskavlar. Til venstre blir det fort bratt nedover mot Jøsvollbotnen. Frå Auskjeret har du eit flott utsyn mot fjell og fjordar. Du ser godt i retning Vestnes og Romsdalsfjorden. Nedturen kan du ta der du sjølv finn det best. God tur !

Dette bildet er tatt ved Elvabytet, og dei to høgste fjella i bakgrunnen er frå venstre Auskjeret og Stolen.

Bildet er tatt på toppen av Auskjeret mot Innfjorden. Vi ser området innover med Fokhaugen og Trollkyrkjegarden. Til venstre for Kamben ligg Litlevatnet

2. Tur til Stolen

Frå parkeringsplassen i Overøye går du i oppkøyrd løype mot Puskebrua. Etter om lag 400m kan du ta av til venstre og gå opp gjennom lia i retning Fremstebotnen til om lag 880 m.o.h. (32 V 406362 6922420). Derifrå kan du gå i nordaustleg retning og etter kvart ta retning mot toppen av Stolen 1393 m.o.h. (32 V 405925 6923442). Nedturen kan du ta der du sjølv finn det best. Frå Stolen kan du få eit praktfullt utsyn over fjell, fjordar og dalar i alle retningar. God tur !

Dette bildet er tatt i Jolbotnen, og fjelltoppen i bakgrunnen er Stolen.

3. Tur til Storlihornet

Du startar frå parkeringsplassen i Overøye og går mot Pusken. Store delar av vinteren vil det vere oppkøyrde løyper eller i det minste skispor mot Jolbotnen. Du går til brua over Dyrdalselva (32 V 408502 6923058)og vidare forbi Fellesfjøset til brua over Jolbotselva (32 V 408222 6924088). Derifrå går du på venstre side av Jolbotselva innover eit stykke til du svingar litt mot venstre og tar retning mot toppen av Storlihornet 995 m.o.h. (32 V 407535 6925846). Deler av oppstigninga er nokså bratt, og på hard snø det vere fare for å misse fotfestet. Frå Storlihornet ser du godt i retning mot Tresfjorden og Vestnes. Nedturen kan du ta der du sjølv finn det best. God tur !

I bakgrunnen og midt på bildet ser vi Storlihornet i solskin.

4. Tur til Storbua

Du startar frå parkeringsplassen i Overøye og går mot Pusken. Store delar av vinteren vil det vere oppkøyrde løyper eller i det minste skispor mot Jolbotnen. Du går til inst i Jolbotnen og startar på oppsigninga der i retning nordvest ved om lag 600 m.o.h (32 V 408206 6927062).

Etter at du har gått i denne retninga og har kome tol om lag 800m.o.h., svingar du til nordaustleg retning og kjem etter kvart inn i ein botn der det er eit lite tjern 940 m.o.h (32 V 408505 6928163). Frå dette punktet startar så den siste oppstigninga mot Storbua 1498 m.o.h. (32 V 409989 6927859). Storbua er grensefjell mellom kommunane Stordal og Rauma, og her vil du kunne få eit storslått utsyn over deler av desse kommunane og meir til. På tilbaketuren må du stort sett følgje same ruta. God tur !

Det kvasse fjellet i midten av bildet er Dyrdalstinden. Litt til venstre er Storbua med sine 1498 meter over havet. Storbua er altså ein heil del høgare enn Dyrdalstinden. Vi ser også innover Jolbotnen der ein på vinters tid må gå for å kome opp på baksida og vidare til toppen av Storbua.

5. Tur til Storådalstinden

Du startar frå parkeringsplassen i Overøye og går mot Kvitlene. Frå eit utgangspunkt der om lag 400 m.o.h (32 V 408763 6922145) går du i retning søraust til eit lite tjern i Litleådalen 850 m.o.h (32 V 409802 6921049). Derifrå går du til eit punkt på Herda 1040 m.o.h (32 V 409388 6920484). Så går du til eit punkt på vasskillet mellom Litlebotnen og Seljebotsjolbotnen. 1000 m.o.h. (32 V 409326 6919387). Derifrå startar den siste oppstigninga til Storådalstinden 1433 m.o.h. (32 V 410765 6919386). Frå Storådalstinden kan du få eit mektig utsyn over store deler av Indre Sunnmøre. På tilbaketuren må du stort sett følgje same ruta. Eit alternativ kan vere å ta seg ned til garden Seljebotn. God tur !

Dette bildet er tatt frå Jolbotnen, og ein ser toppen av Storådalstinden midt på bildet. Ruta opp til toppen går opp der det er skugge på dette bildet, så til høgre over Herda og seinare til venstre opp til toppen.

6. Tur til Høghornet

Namnet Høghornet står ikkje på dei vanlege karta, men denne fjelltoppen er grensefjell mellom kommunane Stordal og Norddal og ligg om lag 2,5 km frå toppen av Storådalstinden i søraustleg retning. Du startar turen frå garden Seljebotn og går innover botnen i søraustleg retning om lag 2,8 km til eit punkt 600 m.o.h (32 V 410898 6916421). Du går så i nordaustleg retning opp på venstre side av ei lita elv som kjem ned der til det flatar av og du kjem til eit lite tjern 1140 m.o.h. (32 V 411854 6917691). Herifrå tar du retning søraust mot toppen av Høghornet 1412 m.o.h. (32 V 412438 6917161). Frå denne fjelltoppen kan du få eit storarta utsyn. Du ser mellom anna nedover Espedalen til Storvasshytta og delar av Stordal sentrum.

Under gode forhold kan ein ta seg ned til Espedalen, men farane her er at det er bratt, og at der kan vere sprekker i breen. Tilbaketuren vil då som regel gå til utgangspunktet i Seljebotn. God tur !

Dette bildet er tatt på toppen av Høghornet. Litt til høre for varden ser ein høgste punktet på Taskedalstinden.

7. Tur til Kvitegga

Utgangspunktet for denne turen kan vere både garden Langhaug og garden Seljebotn.

Frå Langhaug går du først oppover lia i sørleg retning. Om lag 550 m.o.h. svingar du i retning sørvest og seinare mot søraust til eit punkt på Langhaughornet 1140 m.o.h (32 V 406703 6916508). Frå Seljebotn går du i retning sørvest mot Geitabotnen og går opp på høgre side av elva som kjem derifrå. Når du er komen opp til om lag 800 m.o.h., svingar du meir mot vest og kjem då opp til det same punktet på Langhaughornet som med utgangspunkt frå Langhaug. Frå Langhaughornet går du i retning sør eller litt sørvest til eit punkt om lag 1200 m.o.h (32 V 406593 6916075). Derifrå tar du den brattaste stigninga ved å gå på skrå i austleg eller litt søraustleg retning til eit punkt om lag 1260 m.o.h (32 V 406809 6916016) før du tar retning mot toppen 1130 m.o.h (32 V 406769 6915774). Frå toppen kan du få eit imponerande utsyn mellom anna vestover til Skodje og vidare utover mot kysten. Nedturen må du ta slik du sjølv finn det best. God tur !

Bildet er tatt i den oppkøyrde løypa mellom Kvitlene og Seljebotsmyrane. Toppen midt på bildet er Kvitegga. På bildet kan ein sjå korleis ein må legge ruta til toppen, enten frå Langhaug eller frå Seljebotn. Legg merke til at det i det bratte terrenget under toppen hadde gått eit ras då dette bildet vart tatt.

Til toppen

Du kan også sjå desse bilda i bildegalleriet