Her er nokre hovedpunkt som bakgrunn for
skipinga av Stordal Turlag.
Bygdeutviklingsprosjektet Øvre
Stordal
Dette prosjektet har arbeidd målretta over
mange år for å utvikle verdiane som
ligg i Øvre Stordal og
Langsæterområdet.
Stordal Sogelag
Dette laget har gjennom dei siste 4 – 5
åra dokumentert ei rekke historiske og
kulturelle tema og verdiar knytt til Øvre
Stordal og Langsæterområdet så
vel som i heile Stordal Kommune. Sogelaget har
knytt gode kontakter til grannebygdene
våre også i samanheng med fjellturar.
Landbruksorganisasjonane
Disse har engasjert seg i betydeleg grad for
å rydde gamle vegar og stier i store deler
av Stordal Kommune i samarbeid med
ovanforståande. Andre lag og
organisasjoner har også teke betydeleg del
i slikt arbeid.
Samarbeidet mellom ovanståande
prosjekt, lag og organisasjoner
Det har vore eit utstrakt samarbeid som har
drege i gang prosjektet Synleg-gjering, der
Stordal Sogelag står i spissen for å
lage informasjonstavler og retningsskilt som
etter kvart skal setjast opp i heile Stordal
Kommune. Sogelaget har også allereie
nedlagt eit betydeleg innleiande arbeid i
å tegne turar inn på sine digitale
kart. Mange personar har delteke i dette
arbeidet.
Stordal Kommune
Etter initiativ frå Stordal Kommune har
det vore halde møter mellom mange
aktørar i Øvre Stordal og
Langsæterområdet for å kome fram
til omforeinte visjonar og målsettingar
for vidareutvikling av heile dette
området. Stordal Kommune har også
støtta økonomisk mange enkelttiltak i
friluftssamanheng.
Stordal Turlag
Skipinga av dette laget er ei erkjenning av
behovet for å få til meir organiserte
tiltak kring det å kartlegge, beskrive og
gjere kjent det utruleg flotte turterrenget som
vi har over heile kommunen og innover mot
våre grannebygder. Det å halde i hevd
kulturlandskapet, verne om og bruk av naturen,
kulturminner og miljøet er også eit
fokusert område. Det er etablert eit
nært samarbeid mellom Tur og Trimgruppa
under Stordal Idrettslag og Stordal Turlag
vedkomande tilrettelegging av større og
mindre turar. Disse vil utgi ei felles brosjyre
over turar for 2007 sesongen.