Det blei på skipingsmøte også
nedsett følgende arbeidsutval:
Arbeidsutval – Kart – GPS
– Turbeskrivelse
Arbeidsområde:
Registrere alle turstiane i heile området
på kart. Lære opp brukarar i GPS og
organisere det å gå opp turane med
GPS. Overføre turregistreringane til
Stordal Sogelag sine digitale kart. Medlemer
her er Einar J. Hove, leiar, medlemer: John Kr.
Hjelle, Trond Sørås, Pål
Bjørn Øvrebust, Odd Einar Kalvø
og gjerne mange fleire.
Arbeidsutval – Konkret
Turarrangering
Arbeidsområde:
Arrangere alle konkrete turar. Utarbeide
turprogram; lage underlag for trykking av
turprogram, lære opp og engasjere
turleiarar, annonsere turane og engasjere
interessante informanter til enkelte turar.
Dette utvalet skal også syte for å
få trykt og distribuert turprogram for
sesongen og gi tilbakemeldinger, beskrivelse av
turane med bilder for innlegging i ST si
heimeside. Medlemer her er: Jan Helland, leiar,
Hildegunn Berli, Kjell Magne Hove. Andre:
Hallgeir Øvrebust, Anna Margrethe
Drægebø Moe og gjerne andre spesielt
for rapportering frå turane.
Arbeidsutval – Databasehandtering
– Drift av Stordal Turlag si heimeside
under Stordalsportalen.
Arbeidsområde:
Database over medlemer og medlemskap.
Markedsførng og rekruttering av nye
medlemer. Ha oversikt over alle medlemer og
hovedperson for familien og kontrollere
innbetaling av kontingent. Dette arbeidsutvalet
skal også ha hovedansvaret med drifta av
Stordal Turlag si eiga heimeside under
Stordals-portalen. Disse personane er med i
dette utvalet: Ruth Janne Vinje, leiar,
medlemer: Arild Hove, Øyvind Tafjord,
Runar Helland, Morten Arnesen og andre.
Gruppe – Engasjere seg i behov for
rydding og merking av stier.
Arbeidsområde:
Gå opp stier og råser, konstatere
status og behov for rydding og merking. Skrive
rapport om dette som distribueres til styret.
Engasjere seg i kartarbeid, GPS-registreringer
og turbeskrivelser. Ta initiativ til og delta i
rydde- og merkeaksjoner saman med andre. Mange
må delta i dette arbeidet. Mange lag og
organisasjoner kan og bør delta i dette
arbeidet. Her står igjen å få
til eit koordinert samarbeid mellom mange om
disse store oppgåvene. Her er eit
initiativ som må takast.