I STORDAL SKJER MYKJE INTERESSANT
Dette er skreve av Einar J Hove og John
Kr Hjelle.
Nedanfor gir vi ein svært kort
presentasjon av fleire interessante tiltak
og prosjekt knytt til Stordal.
Alt det som er skreve om nedanfor kan du
lese meir om her på
Stordalsportalen.
Under kvart av nedanforståande tiltak
viser vi til kvar i Stordalsportalen dette
stoffet ligg.
Stordal Sogelag
Stordal Sogelag har vore eit aktivt lag og
gitt ut ei mengd temahefter. Sogelaget har
ellers vore initiativtakar og svært
aktiv i fleire prosjekt. Vi nevner her
Intersogelagssamarbeidet, Dei Store
Hesteferdene 2004, NRK-filmen "Vegen mot
Romsdals marked" og no sist Fjord Fjell
Friluftsparken i Møre og Romsdal.
Sjå under menyvalg "Kva skjer" og
"Prosjekter" samt Stordal Sogelag si
heimeside under Stordalsportalen (menyen
"Heimesider i portalen" til venstre).
Stordal Sogelag har hatt hovedansvaret for
restaureringa av Andersselet på
Kvitlanestølen på
Langsætrane. Utanfor dette selet var
der ei hovedscene i ovanfor nevnte
NRK-film. Sjå bilete.
Bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal
Øvre Stordal er eit unikt
område med mange kvalitetar knytt til
historie, kultur, friluftsliv og busetnad
frå langt tilbake i historia.
Folket i Stordal vil ha eit aktivt
engasjement for å ivareta disse
verdiane og det er skreve eit omfattende
dokument som klarlegg kva slags aktivitetar
ein vil sette i verk for å ta vare
på og vidareutvikle dei store verdiane
som ligg her. Ein hovedfokus vil vere
å skape grunnlag for nye aktivitetar,
næring og fast busetnad i
området.
I området er her eit stort
vassdragsystem med ei rekkje vatn og elvar.
Området er interessant så vel
frå ein geologisk, biologisk som ein
botanisk synsvinkel.
Området er eit perfekt
utfartsområde for dei tettare busette
områda vestover i
Ålesundsregionen.
Arena Overøye med nye
alpinanlegg og dei store turmuligheitane
innover i Langseterområdet er viktige
i samband med idrett og friluftsliv for ein
stor region.
Sjå meir om prosjekt Øvre Stordal
her .
Langsæterdagane
Langsætrane var i eldre tider dei
største samla sommarstølane
på Vestlandet. 40 av dei nederste
bruka i Stordal hadde seterhamner
her.
Langsætrane ligg 18 km. frå
Stordal sentrum og med bilveg opp gjennom
Stordalen heilt fram til
stølsområda.
Stordal Sogelag tok i 2004 initiativet til
å skape ein tradisjon i bygda ved
å lage til eit årvisst
arrangement på Langsætrane. Dette
var året då Den Store Hesteferda
også blei arrangert.
Denne hausten blei det då berre halde
eit arrangement over ein dag på
Puskenstølen. I 2005 blei det lagt til
rette for eit arrangement over tre heile
dagar, og dette vil bli strukturen i
Langsæterdagane som ein årviss
tradisjon vidare. Langseterdagane går
over 3 dagar og med store arrangement knytt
til 3 område; Trollkyrkjegarden,
Kvitlanestølen og Puskenstølen.
Dei vert haldne i siste halvdel av
august.
Sjå meir om Langsæterdagane
her .
Intersogelagssamarbeidet, Den Store
Hesteferda 2004, NRK-filmen "Vegen mot
Romsdals marked"
Opptakta til dette samarbeidet mellom mange
sogelag vart gjort i eit møte på
Toreselet på Langsætrane den 12.
oktober 2002. Forut for dette møtet
hadde historikaren Ragnar Standal og leiar
i Stordal sogelag Einar J. Hove sendt ut
invitasjon til mange lag og
organisasjonar.
Dette samarbeidet utvikla seg svært
positivt og disse sogelaga blei einige om
gjenskape dei historiske hesteferdene som
gjekk frå Nordfjord tvers gjennom
heile Sunnmøre og til den store
marknadsplassen på Devold i
Rauma.
Etter invitasjon frå
INTERSOGELAGS-SAMARBEIDET takka NRK i
februar 2004 ja til å lage ein film
frå ei konkret hesteferd hausten 2004.
Denne filmen blei vist på NRK i jula
2004.
Det vart teke ei mengd med scener frå
alle bygdelaga og seterstølane som
hesteferda for gjennom. Mange scener blei
også teke frå
Stordalsområdet; frå
Stordalsholmen og Stordalsvika, opp gjennom
heile Stordalen, frå Langsætrane
og frå Trollkyrkjegarden som ligg inne
på fjellet mellom Stordal og
Innfjord.
Sjå meir om dette her .
Fjord Fjell Friluftsparken i Møre og
Romsdal
Fjord - Fjell - Friluftsparken I MRF er ein
direkte - men noko anna vinkla -
fortsettelse av Den Store Hesteferda 2004.
Dette prosjektet baserer seg på dei
same grunnleggande hensikter / intensjonar
og målsettingar som både
Bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal
og Hesteferdprosjektet.
Ein svært interessant del av dette
prosjektet er konseptet "Tur med
oppleving og læring".
Dette baserer seg på bruk av
GPS-verktøy, digitale kart og
avanserte database-løysingar.
Ein teiknar opp alle aktuelle
turmuligheiter i heile området og gir
tilleggsinformasjon av mange slag knytt til
det ein kan oppleve og lære ved kvar
enkelt tur.
Sjå meir om FFF i MRF her .
Trollkyrkjegarden
TROLLKYRKJEGARDEN EIN HISTORISK
STAD
Trollkyrkjegarden ligg inne på fjellet
mellom Langsætrane i Stordal og
Bøstølen i Innfjorden.
Trollkyrkjegarden var i gamle dagar ein
møtestad på fjellet mellom
bygdene Stordal, Valldal, Innfjorden,
Måndalen og Tresfjord.
Trollkyrkjegarden vil bli senter og
møtestaden i Fjord Fjell
Friluftsparken i Møre og
Romsdal.
Dette er ein eldgammal møtestad i
fjellheimen mellom ovannemnde bygdelag og
den kan ha si historie fleire tusen år
attende i tida.
Sjå heimesida til Stordal sogelag
under stordalsportalen (menyen "Heimesider
i portalen" til venstre), leit deg fram til
Bildearkiv og Trollkyrkjegarden i dag.
Sjå også litt meir om
Trollkyrkjegarden her .
Stordalsportalen
Stordalsportalen skal vere ein positiv
presentasjon på internett av
Stordalssamfunnet og i prinsippet femne om
alt som vi vil presentere av positiv
informasjon frå vårt
område.
Med Stordalssamfunnet meiner vi dei
geografiske områda Nedre Stordal,
Dyrkorn, Øvre Stordal,
Langsæterområdet og Bortomfjorden
og herunder alt næringsliv, kultur,
historie, friluftsliv, idrett, tiltak,
aktiviteter, arrangementer, opplevelser
etc.
Stordalsportalen er og blir utvikla for at
den skal vere for folket i
Stordalssamfunnet. Den skal også vere
av folket gjennom deltaking i infosider og
interne heimesider innan sjølve
portalen.
Men den skal også rekke langt ut i
verda, derfor:
Stordalsportalen skal bli
Stordalssamfunnet sin viktigaste
profilerings-, markedsføringsmedium og
markedsføringskanal på
internett.
Men samtidig er den jordnær og gir
informasjon til bygdefolket om det meste
som skjer på det lokale plan.
Oppfordring:
Besøk Stordalsportalen og gjer
deg kjent med Stordal og det Stordal har
å by på. Det er allereie lagt inn
ei mengd med stoff knytt til mange
temaområde og aktørar i Stordal.
Her er også fleire bildegalleri med
mange flotte bilder frå
Stordalsområdet. Disse ligg både
i sjølve Stordalsportalen og i dei
heimesidene som er lagt inn under
Stordalsportalen. På denne nettstaden
vil der ut gjennom heile 2006 komme inn
stadig nytt interessant stoff. Velkommen
til Stordalsportalen.
Les meir om Stordalsportalen her .