Stordalsportalen er/blir utvikla for at den
skal vere for folket i Stordalssamfunnet.
Den skal også vere av folket gjennom
deltaking i infosider og interne heimesider
innan sjølve portalen.
Men den skal også rekke langt ut i
verda, derfor:
Stordalsportalen bør bli
Stordalssamfunnet sin viktigaste
profilerings-,
markedsføringsmedium og
markedsføringskanal på
internett.
|
Men samtidig er den jordnær og gir
informasjon til bygdefolket om det meste
som skjer på det lokale plan.
Skal vi oppnå disse intensjonane, er
det svært viktig at alle verksemder -
små og store - lag, organisasjoner og
instanser tek del og blir med slik at vi
kan få vist mangfaldet av det som vi
til saman har å by på.
Her er dei mest
Grunnlegende prinsipper for
Stordalsportalen:
- Stordalsportalen skal vere ein positiv
presentasjon på internett av
Stordalssamfunnet og i prinsippet femne om
alt som vi vil presentere av positiv
informasjon frå vårt område.
- Med Stordalssamfunnet meiner vi dei
geografiske områda Nedre Stordal,
Dyrkorn, Øvre Stordal,
Langsæterområdet og Bortomfjorden
og herunder alt næringsliv, kultur,
historie, friluftsliv, idrett, tiltak,
aktiviteter, arrangementer, opplevelser
etc.
- "Stordal" skal gjennom Stordalsportalen
byggast opp som eit merkevarebegrep og
brukast aktivt ved alt som treng positiv
informasjon og markedsføring frå
dette utgangspunktet.
- Sjølve portalen skal vere
organisert som ei verksemd; bygd opp som
stiftelse, aksjeselskap eller liknande.
Dette skal vere lagt opp som eit
bygdaforetak der alle personer, verksemder,
lag og organisasjoner kan vere med som
deleigarar.
- Vi ønsker at Stordalsportalen skal
framstå som noko unikt og
interessevekkande.
- Vi ønsker å stille store
kvalitetskrav både til
videreutvikling, oppdatering og drift av
Stordalsportalen. Der skal vere prosedyrer
for kvalitetssikring i heile portalens
virkeområde.
- Stordalsportalen blir i stor grad bygd
opp basert på et desentralisert
oppdaterings- og driftsopplegg gjennom
flest mulige områder / grupper som har
eget klart definert oppdaterings- og
driftsansvar.
Stordalsportalen vil vere under
kontinuerlig videreutvikling.
Stordal, 09.08.2005
Med vennleg helsing frå
Representanter for Arbeidsgruppa og
Datagruppa
John Kr. Hjelle, Emile Van Gelderen, Ruth
Janne Vinje, Jarle Hove, Einar J. Hove