Stordal kommune ligg ved Storfjorden
på Sunnmøre og grensar til
kommunane Vestnes, Rauma, Ørskog,
Norddal, Stranda og Sykkylven. Kommunen
ligg om lag 6 mil frå Ålesund,
som er næraste by. Stordal er
kommunesenteret. Bygda Dyrkorn høyrer
med til Stordal kommune.
Stordal på austsida av Stordalsfjorden
omfattar i hovudsak Stordalselva sitt
nedslagsfelt, samt eit mindre område
på vestsida av fjorden. Stordal var
1965-77 ein del av Ørskog kommune.
Natur
Berggrunnen består hovudsakleg av
gneis. Det meste av kommunen er
fjellområde med ei rekke toppar
på 1200-1500 moh., høgast er
Seljebotstinden (1531 moh.). 60% av arealet
ligg over 600 moh. Mellom fjella skjer
Stordalen med sidedalar seg ned.
Stordalselva er ei kjend lakseelv og varig
verna mot kraftutbygging.
Busetting
Busettinga ligg for ein stor del i
sjølve Stordalen samt på Dyrkorn
5 km lenger nord ved fjorden. Ved
utløpet av Stordalselva ligg
tettstaden og administrasjonssenteret
Stordal. Folkemengda ligg på rundt
1000.
Næringsliv
Stordalen har relativt gode jordbruksareal,
og det viktigaste inntektsgrunnlaget er
husdyrhald. I Stordal er det fleire
større møbelbedrifter. Det er
stor innpendling frå andre kommunar
til desse arbeidsplassane.
Samferdsel
Rv. 650 gir Stordal vegsamband til
Sjøholt (og vidare til Ålesund, E
136), med Liabygda (ferje vidare til
Stranda) og med Valldal (og vidare til
Åndalsnes, Rv. 63).
Offentlege
institusjonar
Stordal svarar til Stordal Sogn i
Ørskog Prestegjeld, Austre
Sunnmøre prosti i Møre
Bispedømme, høyrer til
Ørskog lensmannsdistrikt i
Sunnmøre politidistrikt og høyrer
under Nordre Sunnmøre domssokn.
Kommunevåpenet
(godkjent 1991) har ein gull stolpe danna
ved duestjertsnitt mot ein blå
bakgrunn; som symboliserer
møbelindustri.
Namnet kjem av norrønt Stóladal,
første ledd stóll er fjellnamn
frå fjellet Stolen.