Næringsliv
Næringslivet i Stordal
Møbelindustrien er den største næringa i kommunen. Godt over 90 % av industriarbeidsplassane finn ein i dag innan møbel. Også jordbruket står sterkt i Stordal med hovudvekt på mjølkeproduksjon, men også med eit ikkje ubetydeleg innslag av småfe. Etter måten store beiteområde gir i det heile gode vilkår for husdyrhald. I kommunen finn ein elles ein del mindre mekaniske-, handverks- og snekkarverksemder, bensinstasjon, kafe, campingplass og appartementhusvære, 2 daglegvareforretningar, rekneskapskontor, frisørar, bank, post i butikk, sykkelforretning, kiropraktor, aromaterapi og fysioterapeut. I kommunen finn ein elles ein av dei største maskinentreprenørane i regionen.