ER LANDBRUKET I STORDAL VIKTIGARE
ENN DU TRUR.
Kan du tenkje deg korleis det ville vere
å kome til Stordal landevegen eller
frå sjøen utan dei grøne
lungene med landbruk?
VI FÅR NORGE TIL Å
GRO,
men samstundes er landbruket den einaste
aktøren som hindrar at Norge gror
att.
Landbruket sørger for trygg
matproduksjon og gode opplevelsar for
befolkningen over heile landet - gjennom
bevisst utnytting av naturressursane, i
tråd med naturgjevne og etiske
føresetnadar.
Ved hjelp av eigen næringsutvikling og
aktivt samspel med andre næringar
bidreg landbruket til å sikre buseting
og sysselsetting i distrikta.
BØNDENE KAN LOVE DEG AT VI
VIL:
- Gje gode og mangfaldige
matopplevingar.
- Skape grobotn for levedyktige
lokalsamfunn
- Gjere landet vakkert
- Kontinuerlig fornye verdiskapinga
frå garden.
BØNDENE I STORDAL PRODUSERER
MAT NOK TIL HEILE BEFOLKINGA I
KOMMUNEN.
Kvar bonde skapar 1 til 2 arbeidsplassar i
tilstøytande og andre
næringar.
I 2004 var det 30 gardsbruk i drift i
Stordal kommune, og eit gjennomsnittareal
på 139 dekar.
Det er stor verdiskaping i Stordals
landbruket med utgangspunkt i
råvarer.
11 mjelkebruk produserte 931.000
liter mjelk.
Dette tilsvarar årsforbruket av
drikkevarer, ost og andre meieriprodukt til
vel 3.100 personar.
Det vart produsert 66.000 kg
kjøtt i Stordal.
Dette tilsvarar årsforbruket av
kjøtt til heile 1.100 personar, det er
fleire enn her er innbyggarar i kommuna
vår.
Jordbær levert frå
Stordal til grossist var i 2004 heile
19.800 kg.
Et kvar Stordaling meir enn 19 kg.
kvar?
Det var produsert om lag 12.600 kg
kålrot for salg.
Omsettingsverdien av dei
tradisjonelle jordbruksprodukta i Stordal
er om lag 8 mill.
Synes du at dei grøne areala i
landskapet er vakkert?
Det vert dyrka og holdt i hevd vel 4.000
dekar jordbruksareal i Stordal.
Landbruket disponerar på denne
måten over 16 % av kommuna sitt
landareal (dyrkamarka) til
produksjonsareal, og er ein betydeleg
verdiskapar i form av mat, tømmer,
kulturlandskap og rekreasjon.
Vidare er det om lag 37.000 dekar
produktivt skogbruksareal. Her vert det
produsert tømmer til trelast, papir og
ved. I tillegg er skogen
rekreasjonsområde for befolkningen i
Stordal og levestad for eit stort antal
viltartar, som overvintrar i
Stordal-skogane.
Fleire gardbrukarar i kommunen har satsa
på vidareforedling og salg av
gardsmat.
Og i Stordal er der også fleire
bedrifter og maskinfirma innan
landbruket.
I tillegg til tradisjonelt jordbruk har
landbruket fleire bein å stå
på i Stordal.
Tilleggsnæringar som
er knytt opp til ressursane på
landbrukseigedomane og den gryande
interessa for utmarksnæring, er
aukande.
Laksefiske/lakseturisme
aukar sterkt. Hjortejakt og
småviltjakt har ei klar auke i antall
personar som utøvar denne form for
rekreasjon. Dette er med og støttar
inntektgrunnlaget for landbruket i
Stordal.
Overnatting og servise
knytta til utmarksnæringar er
også sterkt veksande.
Berekna/stipulert omsetning av jakt og
fiske ligg på om lag Kr. 600.000.-.
Her er ikkje kjøttverdien medrekna.
Overnatting, mat og servise relatert til
omsetning av jakt og fiske er om lag
på Kr. 200-250.000.-.
Utmarksnæringa venter ei rimeleg stor
vekst dei neste åra.
Det er få som driver skogbruk på
heiltid, men mange på deltid.
Uttak av tømmer,
produksjon av ved for salg utgjer
hovedtyngda av arbeidstimane i skogbruket.
Det er liten nyplanting av gran, med
bakgrunn i den store hjortestammen.
Her er 2 store
juletreplantasjer på tilsaman
om lag 110 da. og til no er det utplanta
ca. 60.000 gran. I hovudsak forskjellige
edelgran, men også ein god del vanlig
gran.
Mange hyttefelt er
planlagt og delvis under utbygging. Salget
av tomter er aukande i heile kommuna.
Dei forskjellige nærings/grunneigar
organisasjonane har gått saman og
danna eit samarbeidsorgan; Stordal
Landbruksråd. Dette rådet
består av leiarane for 5 org.
Landbruksrådet sitt
formål er å vere
høyringsorgan i plansaker og andre
saker som er av overordna betydning for
landbruksnæringa i Stordal. Rådet
skal arbeide for ei vidareutvikling av det
tradisjonelle landbruket og utvikling av
nye næringar tilknytt
landbrukseigedomar i kommunen.
Det er mange nye
tilleggsnæringar relatert til
landbruket i Stordal.
Gardsmat, lefseproduksjon, Tradisjonsmat og
matservering, naturbasert reiseliv med
overnatting. Hage/anleggs gartnar, sal av
ved, sal av emner til tredreiing/suvenirer.