Fjordfiske/ turer på
fjorden.
Storfjorden er kjent for sitt mangfald av
artar og for å være rimelig
fiskerik.
Populære fiskestader rundt Stordalen
er:
-Fluda, ein undersjøisk "topp" på
50 - 60 m djupn. I farvatnet rundt og
lenger inn i fjorden, varierer djupna
frå 400 til meir enn 700 m.
-Stordalsholmen og Holmeneset/Latøya,
fiskerikt
-områda rundt Djupdalselva og
Stamneselva, brådjupt
Det er flere stader som er populært
å gå i land, for eksempel
Holmeneset og Latøya. Også Ytste
Skotet er mykje besøkt. Dette er eit
eldre gardsbruk noen hundre meter oppe i
lia ved Skotshalsen, som er teke vel vare
på og fungerer no meir som eit museum
eller lærestad for den eldre,
tradisjonsrike gardsdrifta og viser korleis
livet kunne være inne i fjordane for
50 - 100 år sidan.
Laksefiske.
Storelva er ei av dei beste lakseelvane
på nordvestlandet. Dei siste åra
har det gradvis skjedd ei organisering av
utleige/salg av fiskekort. Dette har
medført at det har blitt enklare for
folk flest å kunne kjøpe eit 8-10
timars kort eller eit døgnkort. Det
har også blitt mogleg å
leige ein full pakke med laksefiske,
overnatting og servering/guiding.
Tilrettelegginga i elva har blitt mykje
meir omfattande og ikkje minst har det vore
arbeida med miljøet og trivselfaktoren
langs elva.
Fjellfiske.
Aurevatn er det mange av i Stordal kommune.
På Dyrkorn kan du kjøyre heilt
til vannkanten, ved Dyrkornsetra. Andre
stader i kommunen får du fine
fjellturar før du kjem opp til
fjellvatna. Mange stader er fisketuren
langs elva opp til vatnet ein like god
opplevelse som sjølve fisket på
vatnet. Langseterområdet peiker seg ut
som det kanskje mest attraktive
området, med sine mange fjellvatn og
sine varierte moglegheiter for fjellturar
med fiske. Men også Seljebotnen,
Jasvollbotnen, Fjelladalen og
fjellområda på vestsida av
fjorden har gode moglegheiter til turar og
spesielt med anledning til aurefiske.