Fjordfiske/ turer på fjorden.
Storfjorden er kjent for sitt mangfald av artar og for
å være rimelig fiskerik.
Populære fiskestader rundt Stordalen er:
-Fluda, ein undersjøisk "topp" på 50 - 60
m djupn. I farvatnet rundt og lenger inn i fjorden,
varierer djupna frå 400 til meir enn 700 m.
-Stordalsholmen og Holmeneset/Latøya, fiskerikt
-områda rundt Djupdalselva og Stamneselva,
brådjupt
Det er flere stader som er populært å
gå i land, for eksempel Holmeneset og
Latøya. Også Ytste Skotet er mykje
besøkt. Dette er eit eldre gardsbruk noen hundre
meter oppe i lia ved Skotshalsen, som er teke vel vare
på og fungerer no meir som eit museum eller
lærestad for den eldre, tradisjonsrike
gardsdrifta og viser korleis livet kunne være
inne i fjordane for 50 - 100 år sidan.
Laksefiske.
Storelva er ei av dei beste lakseelvane på
nordvestlandet. Dei siste åra har det gradvis
skjedd ei organisering av utleige/salg av fiskekort.
Dette har medført at det har blitt enklare for
folk flest å kunne kjøpe eit 8-10 timars
kort eller eit døgnkort. Det har
også blitt mogleg å leige ein full
pakke med laksefiske, overnatting og servering/guiding.
Tilrettelegginga i elva har blitt mykje meir omfattande
og ikkje minst har det vore arbeida med miljøet
og trivselfaktoren langs elva.
Fjellfiske.
Aurevatn er det mange av i Stordal kommune. På
Dyrkorn kan du kjøyre heilt til vannkanten, ved
Dyrkornsetra. Andre stader i kommunen får du fine
fjellturar før du kjem opp til fjellvatna. Mange
stader er fisketuren langs elva opp til vatnet ein like
god opplevelse som sjølve fisket på
vatnet. Langseterområdet peiker seg ut som det
kanskje mest attraktive området, med sine mange
fjellvatn og sine varierte moglegheiter for fjellturar
med fiske. Men også Seljebotnen, Jasvollbotnen,
Fjelladalen og fjellområda på vestsida av
fjorden har gode moglegheiter til turar og spesielt med
anledning til aurefiske.