Møbelindustri
Møbelindustrien i Stordal
Møbelindustrien er den største næringa i kommunen.
Seks møbelfabrikkar og godt over 90 % av industriarbeidsplassane finn ein i dag innan møbel. Produkta til møbelfabrikkane spenner frå kvilestolar og sofa til møblar til offentlege miljø og laminering. Dette styrkar inntrykket av Stordal som eit av dei leiande møbelsentra i fylket. Ca. 430 personar har no sitt levebrød frå arbeid innan møbel i kommunen, med ei samla omsetning på godt over 400 mill kroner. Møbelverksemdene i Stordal har tradisjonar tilbake til 1930-åra. Dei små kjellarverksemdene som blei starta opp av ein eller to personar har fram til i dag utvikla seg til moderne industriverksemder, som er hjørnesteinsverksemder i kommunen.