ER LANDBRUKET I STORDAL VIKTIGARE ENN DU
TRUR.
Kan du tenkje deg korleis det ville vere å kome
til Stordal landevegen eller frå sjøen
utan dei grøne lungene med landbruk?
VI FÅR NORGE TIL Å
GRO,
men samstundes er landbruket den einaste aktøren
som hindrar at Norge gror att.
Landbruket sørger for trygg matproduksjon og
gode opplevelsar for befolkningen over heile landet -
gjennom bevisst utnytting av naturressursane, i
tråd med naturgjevne og etiske
føresetnadar.
Ved hjelp av eigen næringsutvikling og aktivt
samspel med andre næringar bidreg landbruket til
å sikre buseting og sysselsetting i distrikta.
BØNDENE KAN LOVE DEG AT VI
VIL:
- Gje gode og mangfaldige matopplevingar.
- Skape grobotn for levedyktige lokalsamfunn
- Gjere landet vakkert
- Kontinuerlig fornye verdiskapinga frå garden.
BØNDENE I STORDAL PRODUSERER MAT NOK TIL
HEILE BEFOLKINGA I KOMMUNEN.
Kvar bonde skapar 1 til 2 arbeidsplassar i
tilstøytande og andre næringar.
I 2004 var det 30 gardsbruk i drift i Stordal kommune,
og eit gjennomsnittareal på 139 dekar.
Det er stor verdiskaping i Stordals landbruket med
utgangspunkt i råvarer.
11 mjelkebruk produserte 931.000 liter
mjelk.
Dette tilsvarar årsforbruket av drikkevarer, ost
og andre meieriprodukt til vel 3.100 personar.
Det vart produsert 66.000 kg kjøtt i
Stordal.
Dette tilsvarar årsforbruket av kjøtt til
heile 1.100 personar, det er fleire enn her er
innbyggarar i kommuna vår.
Jordbær levert frå Stordal til
grossist var i 2004 heile 19.800 kg.
Et kvar Stordaling meir enn 19 kg. kvar?
Det var produsert om lag 12.600 kg kålrot
for salg.
Omsettingsverdien av dei tradisjonelle
jordbruksprodukta i Stordal er om lag 8 mill.
Synes du at dei grøne areala i
landskapet er vakkert?
Det vert dyrka og holdt i hevd vel 4.000 dekar
jordbruksareal i Stordal.
Landbruket disponerar på denne måten over
16 % av kommuna sitt landareal (dyrkamarka) til
produksjonsareal, og er ein betydeleg verdiskapar i
form av mat, tømmer, kulturlandskap og
rekreasjon.
Vidare er det om lag 37.000 dekar produktivt
skogbruksareal. Her vert det produsert tømmer
til trelast, papir og ved. I tillegg er skogen
rekreasjonsområde for befolkningen i Stordal og
levestad for eit stort antal viltartar, som overvintrar
i Stordal-skogane.
Fleire gardbrukarar i kommunen har satsa på
vidareforedling og salg av gardsmat.
Og i Stordal er der også fleire bedrifter og
maskinfirma innan landbruket.
I tillegg til tradisjonelt jordbruk har landbruket
fleire bein å stå på i Stordal.
Tilleggsnæringar som er knytt
opp til ressursane på landbrukseigedomane og den
gryande interessa for utmarksnæring, er
aukande.
Laksefiske/lakseturisme aukar sterkt.
Hjortejakt og småviltjakt har ei klar auke i
antall personar som utøvar denne form for
rekreasjon. Dette er med og støttar
inntektgrunnlaget for landbruket i Stordal.
Overnatting og servise knytta til
utmarksnæringar er også sterkt
veksande.
Berekna/stipulert omsetning av jakt og fiske ligg
på om lag Kr. 600.000.-. Her er ikkje
kjøttverdien medrekna. Overnatting, mat og
servise relatert til omsetning av jakt og fiske er om
lag på Kr. 200-250.000.-. Utmarksnæringa
venter ei rimeleg stor vekst dei neste åra.
Det er få som driver skogbruk på heiltid,
men mange på deltid.
Uttak av tømmer, produksjon av
ved for salg utgjer hovedtyngda av arbeidstimane i
skogbruket. Det er liten nyplanting av gran, med
bakgrunn i den store hjortestammen.
Her er 2 store juletreplantasjer
på tilsaman om lag 110 da. og til no er det
utplanta ca. 60.000 gran. I hovudsak forskjellige
edelgran, men også ein god del vanlig gran.
Mange hyttefelt er planlagt og delvis
under utbygging. Salget av tomter er aukande i heile
kommuna.
Dei forskjellige nærings/grunneigar
organisasjonane har gått saman og danna eit
samarbeidsorgan; Stordal Landbruksråd. Dette
rådet består av leiarane for 5 org.
Landbruksrådet sitt formål
er å vere høyringsorgan i plansaker og
andre saker som er av overordna betydning for
landbruksnæringa i Stordal. Rådet skal
arbeide for ei vidareutvikling av det tradisjonelle
landbruket og utvikling av nye næringar tilknytt
landbrukseigedomar i kommunen.
Det er mange nye
tilleggsnæringar relatert til landbruket
i Stordal.
Gardsmat, lefseproduksjon, Tradisjonsmat og
matservering, naturbasert reiseliv med overnatting.
Hage/anleggs gartnar, sal av ved, sal av emner til
tredreiing/suvenirer.