Ole Elias-plassen på
Talberg
Ole Elias Talberg vart fødd
på Gjerdsplassen på Dyrkorn
i 1834. 23 år gammal gifte han
seg med Sigrid Rasmusdotter Lien
frå garden Lien på Dyrkorn.
Han reiste altså ikkje langt for
å finne seg kone. Ole Elias og
Sigrid budde ei tid på
heimegarden hennar, men i 1865 finn
vi dei på Rødset i
Brusdalen. Folketeljinga i 1875
fortel oss at då var dei komne
til Talberg og budde på
Talbergplassen, eller Ole
Elias-plassen som denne
husmannsplassen også vart kalla.
Der budde dei resten av livet.
Jørgen Pedersen Talberg, som var
eigar av Framigard på Talberg i
1875, og Sigrid var litt i slekt, og
kanskje var det grunnen til at dei
slo seg ned akkurat her.