Ole Elias-plassen på Talberg
Ole Elias Talberg vart fødd på
Gjerdsplassen på Dyrkorn i 1834. 23
år gammal gifte han seg med Sigrid
Rasmusdotter Lien frå garden Lien på
Dyrkorn. Han reiste altså ikkje langt for
å finne seg kone. Ole Elias og Sigrid budde
ei tid på heimegarden hennar, men i 1865
finn vi dei på Rødset i Brusdalen.
Folketeljinga i 1875 fortel oss at då var
dei komne til Talberg og budde på
Talbergplassen, eller Ole Elias-plassen som denne
husmannsplassen også vart kalla. Der budde
dei resten av livet. Jørgen Pedersen
Talberg, som var eigar av Framigard på
Talberg i 1875, og Sigrid var litt i slekt, og
kanskje var det grunnen til at dei slo seg ned
akkurat her.