Stordal kommune ligg ved Storfjorden på
Sunnmøre og grensar til kommunane Vestnes,
Rauma, Ørskog, Norddal, Stranda og Sykkylven.
Kommunen ligg om lag 6 mil frå Ålesund, som
er næraste by. Stordal er kommunesenteret. Bygda
Dyrkorn høyrer med til Stordal kommune.
Stordal på austsida av Stordalsfjorden omfattar i
hovudsak Stordalselva sitt nedslagsfelt, samt eit
mindre område på vestsida av fjorden.
Stordal var 1965-77 ein del av Ørskog kommune.
Natur
Berggrunnen består hovudsakleg av gneis. Det
meste av kommunen er fjellområde med ei rekke
toppar på 1200-1500 moh., høgast er
Seljebotstinden (1531 moh.). 60% av arealet ligg over
600 moh. Mellom fjella skjer Stordalen med sidedalar
seg ned. Stordalselva er ei kjend lakseelv og varig
verna mot kraftutbygging.
Busetting
Busettinga ligg for ein stor del i sjølve
Stordalen samt på Dyrkorn 5 km lenger nord ved
fjorden. Ved utløpet av Stordalselva ligg
tettstaden og administrasjonssenteret Stordal.
Folkemengda ligg på rundt 1000.
Næringsliv
Stordalen har relativt gode jordbruksareal, og det
viktigaste inntektsgrunnlaget er husdyrhald. I Stordal
er det fleire større møbelbedrifter. Det
er stor innpendling frå andre kommunar til desse
arbeidsplassane.
Samferdsel
Rv. 650 gir Stordal vegsamband til Sjøholt (og
vidare til Ålesund, E 136), med Liabygda (ferje
vidare til Stranda) og med Valldal (og vidare til
Åndalsnes, Rv. 63).
Offentlege institusjonar
Stordal svarar til Stordal Sogn i Ørskog
Prestegjeld, Austre Sunnmøre prosti i
Møre Bispedømme, høyrer til
Ørskog lensmannsdistrikt i Sunnmøre
politidistrikt og høyrer under Nordre
Sunnmøre domssokn.
Kommunevåpenet
(godkjent 1991) har ein gull stolpe danna ved
duestjertsnitt mot ein blå bakgrunn; som
symboliserer møbelindustri.
Namnet kjem av norrønt Stóladal,
første ledd stóll er fjellnamn frå
fjellet Stolen.