Målsettinga med dette prosjektet er i
tråd med dei grunnleggande
intensjonane som Stordalsportalen bygger
på og som vi her gjengir:
Stordalsportalen skal vere ein
positiv presentasjon på internett av
Stordalssamfunnet og i prinsippet femne om
alt som vi vil presentere av positiv
informasjon frå vårt
område. Med
Stordalssamfunnet meiner vi dei geografiske
områda Nedre Stordal, Dyrkorn,
Øvre Stordal,
Langsæterområdet og Bortomfjorden
og herunder alt næringsliv, kultur,
historie, friluftsliv, idrett, tiltak,
aktivitetar, arrangement, oppleveingar
etc. Portalen skal i stor
grad vere bygd opp basert på
desentralisert oppdaterings- og
driftsopplegg gjennom flest mulige tema og
grupper som har eit klart definert
oppdaterings-og driftsansvar.
For å få dette til har vi eit
sterkt ønske om at mange deltek med
eigne Heimesider og Utvida Infosider
direkte under Stordalsportalen sitt system.
Mange er allereie med, men vi ønsker
også fleire og aktive deltakarar. Vi
vonar at så mange som muleg deltek og
legg inn stoff under portalen om og
frå heimbygda vår. Vi vil ha ein
mangearta, oppdatert og aktiv nettstad med
informasjon mot eigne innbyggarar, men vi
vil også at mange ute i den store
verda kan få mykje interessant stoff
frå Stordal.
Sentralt i utviklingsprosjektet er å
gjere det lettast muleg for mange
sjølv å legge inn stoff. Vi har
no definert og sett i gang eit omfattande
internt utviklingsprosjekt. Alt det
tekniske som blir gjort og skal gjerast
kjem vi ikkje her så mykje inn
på, men vi vil heller vise til korleis
dette no etter kvart vil kome fram under
Stordalsportalen. Det vil no kvar veke og
også endå mykje oftare kome til
nytt stoff på mange måtar
framover.
VER OPPDATERT OM KVA SOM SKAL SKJE OG HAR
SKJEDD I STORDAL
FØLG MED I STORDALSPORTALEN
For deg som ikkje er så kjent med
Stordalsportalen frå før, viser
vi til linken midt på startsida;
"Rettleiing til våre besøkande".
Følg også med under OPPSLAGSTAVLA
til høgre. Her vil Stordalsportalen
fortløpande orientere og henvise til
nyheiter og endringar i portalen.
Det første du vil legge merke til, er
ein del endringar på startsida. Denne
sida vil også bli forbedra vidare
framover både layoutmessig og
funksjonelt.
Ut gjennom komande veke vil vi introdusere:
- STORDAL IDRETTSLAG si eiga Heimeside
med undersider for langrenn, hopp, alpint
og Fjellservice
- Mot slutten av komande veke vil Stordal
Sogelag si eiga Heimeside bli presentert i
ny utgåve. Her vil det bli lagt inn
mykje nytt og interessant stoff framover.
Som aktiv besøkande til
Stordalsportalen vil du garantert få
mykje interessant informasjon dei komande
vekene og månadane.
Denne informasjonen er lagt ut 10. november
2007.