Målsettinga med dette prosjektet er i tråd
med dei grunnleggande intensjonane som Stordalsportalen
bygger på og som vi her gjengir:
Stordalsportalen skal vere ein positiv
presentasjon på internett av Stordalssamfunnet og
i prinsippet femne om alt som vi vil presentere av
positiv informasjon frå vårt
område. Med Stordalssamfunnet
meiner vi dei geografiske områda Nedre Stordal,
Dyrkorn, Øvre Stordal,
Langsæterområdet og Bortomfjorden og
herunder alt næringsliv, kultur, historie,
friluftsliv, idrett, tiltak, aktivitetar, arrangement,
oppleveingar etc. Portalen skal i stor
grad vere bygd opp basert på desentralisert
oppdaterings- og driftsopplegg gjennom flest mulige
tema og grupper som har eit klart definert
oppdaterings-og driftsansvar.
For å få dette til har vi eit sterkt
ønske om at mange deltek med eigne Heimesider og
Utvida Infosider direkte under Stordalsportalen sitt
system. Mange er allereie med, men vi ønsker
også fleire og aktive deltakarar. Vi vonar at
så mange som muleg deltek og legg inn stoff under
portalen om og frå heimbygda vår. Vi vil ha
ein mangearta, oppdatert og aktiv nettstad med
informasjon mot eigne innbyggarar, men vi vil
også at mange ute i den store verda kan få
mykje interessant stoff frå Stordal.
Sentralt i utviklingsprosjektet er å gjere det
lettast muleg for mange sjølv å legge inn
stoff. Vi har no definert og sett i gang eit omfattande
internt utviklingsprosjekt. Alt det tekniske som blir
gjort og skal gjerast kjem vi ikkje her så mykje
inn på, men vi vil heller vise til korleis dette
no etter kvart vil kome fram under Stordalsportalen.
Det vil no kvar veke og også endå mykje
oftare kome til nytt stoff på mange måtar
framover.
VER OPPDATERT OM KVA SOM SKAL SKJE OG HAR SKJEDD I
STORDAL
FØLG MED I STORDALSPORTALEN
For deg som ikkje er så kjent med
Stordalsportalen frå før, viser vi til
linken midt på startsida; "Rettleiing til
våre besøkande".
Følg også med under OPPSLAGSTAVLA til
høgre. Her vil Stordalsportalen
fortløpande orientere og henvise til nyheiter og
endringar i portalen.
Det første du vil legge merke til, er ein del
endringar på startsida. Denne sida vil også
bli forbedra vidare framover både layoutmessig og
funksjonelt.
Ut gjennom komande veke vil vi introdusere:
- STORDAL IDRETTSLAG si eiga Heimeside med undersider
for langrenn, hopp, alpint og Fjellservice
- Mot slutten av komande veke vil Stordal Sogelag si
eiga Heimeside bli presentert i ny utgåve. Her
vil det bli lagt inn mykje nytt og interessant stoff
framover.
Som aktiv besøkande til Stordalsportalen vil du
garantert få mykje interessant informasjon dei
komande vekene og månadane.
Denne informasjonen er lagt ut 10. november 2007.