I STORDAL SKJER MYKJE INTERESSANT
Dette er skreve av Einar J Hove og John Kr
Hjelle.
Nedanfor gir vi ein svært kort presentasjon av
fleire interessante tiltak og prosjekt knytt til
Stordal.
Alt det som er skreve om nedanfor kan du lese meir om
her på Stordalsportalen.
Under kvart av nedanforståande tiltak viser vi
til kvar i Stordalsportalen dette stoffet ligg.
Stordal Sogelag
Stordal Sogelag har vore eit aktivt lag og gitt ut ei
mengd temahefter. Sogelaget har ellers vore
initiativtakar og svært aktiv i fleire prosjekt.
Vi nevner her Intersogelagssamarbeidet, Dei Store
Hesteferdene 2004, NRK-filmen "Vegen mot Romsdals
marked" og no sist Fjord Fjell Friluftsparken i
Møre og Romsdal. Sjå under menyvalg "Kva
skjer" og "Prosjekter" samt Stordal Sogelag si
heimeside under Stordalsportalen (menyen "Heimesider i
portalen" til venstre). Stordal Sogelag har hatt
hovedansvaret for restaureringa av Andersselet på
Kvitlanestølen på Langsætrane.
Utanfor dette selet var der ei hovedscene i ovanfor
nevnte NRK-film. Sjå bilete.
Bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal
Øvre Stordal er eit unikt område
med mange kvalitetar knytt til historie, kultur,
friluftsliv og busetnad frå langt tilbake i
historia.
Folket i Stordal vil ha eit aktivt engasjement for
å ivareta disse verdiane og det er skreve eit
omfattende dokument som klarlegg kva slags aktivitetar
ein vil sette i verk for å ta vare på og
vidareutvikle dei store verdiane som ligg her. Ein
hovedfokus vil vere å skape grunnlag for nye
aktivitetar, næring og fast busetnad i
området.
I området er her eit stort vassdragsystem med ei
rekkje vatn og elvar. Området er interessant
så vel frå ein geologisk, biologisk som ein
botanisk synsvinkel.
Området er eit perfekt utfartsområde for
dei tettare busette områda vestover i
Ålesundsregionen.
Arena Overøye med nye
alpinanlegg og dei store turmuligheitane innover i
Langseterområdet er viktige i samband med idrett
og friluftsliv for ein stor region.
Sjå meir om prosjekt Øvre Stordal her .
Langsæterdagane
Langsætrane var i eldre tider dei største
samla sommarstølane på Vestlandet. 40 av
dei nederste bruka i Stordal hadde seterhamner
her.
Langsætrane ligg 18 km. frå Stordal sentrum
og med bilveg opp gjennom Stordalen heilt fram til
stølsområda.
Stordal Sogelag tok i 2004 initiativet til å
skape ein tradisjon i bygda ved å lage til eit
årvisst arrangement på Langsætrane.
Dette var året då Den Store Hesteferda
også blei arrangert.
Denne hausten blei det då berre halde eit
arrangement over ein dag på Puskenstølen.
I 2005 blei det lagt til rette for eit arrangement over
tre heile dagar, og dette vil bli strukturen i
Langsæterdagane som ein årviss tradisjon
vidare. Langseterdagane går over 3 dagar og med
store arrangement knytt til 3 område;
Trollkyrkjegarden, Kvitlanestølen og
Puskenstølen. Dei vert haldne i siste halvdel av
august.
Sjå meir om Langsæterdagane her .
Intersogelagssamarbeidet, Den Store Hesteferda 2004,
NRK-filmen "Vegen mot Romsdals marked"
Opptakta til dette samarbeidet mellom mange sogelag
vart gjort i eit møte på Toreselet
på Langsætrane den 12. oktober 2002. Forut
for dette møtet hadde historikaren Ragnar
Standal og leiar i Stordal sogelag Einar J. Hove sendt
ut invitasjon til mange lag og organisasjonar.
Dette samarbeidet utvikla seg svært positivt og
disse sogelaga blei einige om gjenskape dei historiske
hesteferdene som gjekk frå Nordfjord tvers
gjennom heile Sunnmøre og til den store
marknadsplassen på Devold i Rauma.
Etter invitasjon frå INTERSOGELAGS-SAMARBEIDET
takka NRK i februar 2004 ja til å lage ein film
frå ei konkret hesteferd hausten 2004. Denne
filmen blei vist på NRK i jula 2004.
Det vart teke ei mengd med scener frå alle
bygdelaga og seterstølane som hesteferda for
gjennom. Mange scener blei også teke frå
Stordalsområdet; frå Stordalsholmen og
Stordalsvika, opp gjennom heile Stordalen, frå
Langsætrane og frå Trollkyrkjegarden som
ligg inne på fjellet mellom Stordal og
Innfjord.
Sjå meir om dette her .
Fjord Fjell Friluftsparken i Møre og Romsdal
Fjord - Fjell - Friluftsparken I MRF er ein direkte -
men noko anna vinkla - fortsettelse av Den Store
Hesteferda 2004. Dette prosjektet baserer seg på
dei same grunnleggande hensikter / intensjonar og
målsettingar som både
Bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal og
Hesteferdprosjektet.
Ein svært interessant del av dette prosjektet er
konseptet "Tur med oppleving og
læring".
Dette baserer seg på bruk av GPS-verktøy,
digitale kart og avanserte
database-løysingar.
Ein teiknar opp alle aktuelle turmuligheiter i heile
området og gir tilleggsinformasjon av mange slag
knytt til det ein kan oppleve og lære ved kvar
enkelt tur.
Sjå meir om FFF i MRF her .
Trollkyrkjegarden
TROLLKYRKJEGARDEN EIN HISTORISK
STAD
Trollkyrkjegarden ligg inne på fjellet mellom
Langsætrane i Stordal og Bøstølen i
Innfjorden.
Trollkyrkjegarden var i gamle dagar ein møtestad
på fjellet mellom bygdene Stordal, Valldal,
Innfjorden, Måndalen og Tresfjord.
Trollkyrkjegarden vil bli senter og møtestaden i
Fjord Fjell Friluftsparken i Møre og
Romsdal.
Dette er ein eldgammal møtestad i fjellheimen
mellom ovannemnde bygdelag og den kan ha si historie
fleire tusen år attende i tida.
Sjå heimesida til Stordal sogelag under
stordalsportalen (menyen "Heimesider i portalen" til
venstre), leit deg fram til Bildearkiv og
Trollkyrkjegarden i dag. Sjå også litt meir
om Trollkyrkjegarden her .
Stordalsportalen
Stordalsportalen skal vere ein positiv presentasjon
på internett av Stordalssamfunnet og i prinsippet
femne om alt som vi vil presentere av positiv
informasjon frå vårt område.
Med Stordalssamfunnet meiner vi dei geografiske
områda Nedre Stordal, Dyrkorn, Øvre
Stordal, Langsæterområdet og Bortomfjorden
og herunder alt næringsliv, kultur, historie,
friluftsliv, idrett, tiltak, aktiviteter,
arrangementer, opplevelser etc.
Stordalsportalen er og blir utvikla for at den skal
vere for folket i Stordalssamfunnet. Den skal
også vere av folket gjennom deltaking i infosider
og interne heimesider innan sjølve
portalen.
Men den skal også rekke langt ut i verda, derfor:
Stordalsportalen skal bli Stordalssamfunnet sin
viktigaste profilerings-, markedsføringsmedium
og markedsføringskanal på
internett.
Men samtidig er den jordnær og gir informasjon
til bygdefolket om det meste som skjer på det
lokale plan.
Oppfordring: Besøk
Stordalsportalen og gjer deg kjent med Stordal og det
Stordal har å by på. Det er allereie lagt
inn ei mengd med stoff knytt til mange temaområde
og aktørar i Stordal. Her er også fleire
bildegalleri med mange flotte bilder frå
Stordalsområdet. Disse ligg både i
sjølve Stordalsportalen og i dei heimesidene som
er lagt inn under Stordalsportalen. På denne
nettstaden vil der ut gjennom heile 2006 komme inn
stadig nytt interessant stoff. Velkommen til
Stordalsportalen.
Les meir om Stordalsportalen her .