Stordalsportalen er/blir utvikla for at den skal vere
for folket i Stordalssamfunnet. Den skal også
vere av folket gjennom deltaking i infosider og interne
heimesider innan sjølve portalen.
Men den skal også rekke langt ut i verda, derfor:
Stordalsportalen bør bli
Stordalssamfunnet sin viktigaste profilerings-,
markedsføringsmedium og
markedsføringskanal på
internett.
|
Men samtidig er den jordnær og gir informasjon
til bygdefolket om det meste som skjer på det
lokale plan.
Skal vi oppnå disse intensjonane, er det
svært viktig at alle verksemder - små og
store - lag, organisasjoner og instanser tek del og
blir med slik at vi kan få vist mangfaldet av det
som vi til saman har å by på.
Her er dei mest
Grunnlegende prinsipper for
Stordalsportalen:
- Stordalsportalen skal vere ein positiv presentasjon
på internett av Stordalssamfunnet og i prinsippet
femne om alt som vi vil presentere av positiv
informasjon frå vårt område.
- Med Stordalssamfunnet meiner vi dei geografiske
områda Nedre Stordal, Dyrkorn, Øvre
Stordal, Langsæterområdet og Bortomfjorden
og herunder alt næringsliv, kultur, historie,
friluftsliv, idrett, tiltak, aktiviteter,
arrangementer, opplevelser etc.
- "Stordal" skal gjennom Stordalsportalen byggast opp
som eit merkevarebegrep og brukast aktivt ved alt som
treng positiv informasjon og markedsføring
frå dette utgangspunktet.
- Sjølve portalen skal vere organisert som ei
verksemd; bygd opp som stiftelse, aksjeselskap eller
liknande. Dette skal vere lagt opp som eit bygdaforetak
der alle personer, verksemder, lag og organisasjoner
kan vere med som deleigarar.
- Vi ønsker at Stordalsportalen skal
framstå som noko unikt og interessevekkande.
- Vi ønsker å stille store kvalitetskrav
både til videreutvikling, oppdatering og drift av
Stordalsportalen. Der skal vere prosedyrer for
kvalitetssikring i heile portalens virkeområde.
- Stordalsportalen blir i stor grad bygd opp basert
på et desentralisert oppdaterings- og
driftsopplegg gjennom flest mulige områder /
grupper som har eget klart definert oppdaterings- og
driftsansvar.
Stordalsportalen vil vere under kontinuerlig
videreutvikling.
Stordal, 09.08.2005
Med vennleg helsing frå
Representanter for Arbeidsgruppa og Datagruppa
John Kr. Hjelle, Emile Van Gelderen, Ruth Janne Vinje,
Jarle Hove, Einar J. Hove