Øvre Stordal
Utgangspunktet for dette prosjektet var Stordal
kommune sin IDÈDUGNAD i Grendasalen den 11.
oktober 2001. På dette møtet
presenterte Einar J. Hove ei idèskisse til
prosjektet ØVRE STORDAL. Denne
idèskissa blei godt motteken.
Det fyrste utkastet til prosjektutgreiing, datert
18. januar 2002, blei sendt ut i 60 eksemplar til
"høyring" og tilbakemelding og synspunkt.
Den 15. april 2002 blei utkast nummer to sendt
ut.
Dette prosjektet er ikkje avslutta. I samarbeid
med mange lag og organisasjoner i Stordal har ei
mengd tiltak blitt sett i verk og
gjennomført i regi av dette prosjektet.
Prosjektet vil bli ført vidare i år
(2005) og neste år.
PROSJEKT ØVRE STORDAL
FORORD
Folket i Stordal vil ikkje akseptere at
området ØVRE STORDAL skal bli
fråflytta og lagt øyde. Riktig nok er
her mange hytter - og fleire er planlagt - i
området. Men fast busetjing er ein
svært vesentleg faktor for å
oppretthalde aktivitet og liv i området,
bevare kulturelle og historiske verdiar, ta vare
på kulturlandslkapet generelt og gje basis
for nye næringar og utvikling.
Dessutan er dette området unikt
på svært mange
måtar:
Her var for kort tid sidan eit av dei
største felles stølsområda i Noreg
- Langsætrane.
Her har vore fast busetjing svært langt
attende i tida.
I området er her eit stort vassdragsystem
med ei rekkje vatn og elvar.
Området er interessant så vel frå
ein geologisk, biologisk som ein botanisk
synsvinkel.
Øvre Stordal er også interessant
geografisk då Langsæterområdet var
og er sentralt for kommunikasjon mellom mange
omliggjande bygdelag på indre Sunnmøre
og Romsdal.
Området er eit perfekt utfartsområde
for dei tettare busette områda vestover i
Ålesundsregionen.
Øvre Stordal kan utviklast til å bli
eit stort opplevings- og læringssenter innan
historie, kultur, idretts- og friluftsliv så
vel som innan naturfagområda.
Her er basis for studium og forsking innan
geologi, biologi, botanikk, arkeologi, historie,
kultur og andre spesielle fagområde.
I tillegg til rein oppleving kan området
utviklast til eit unikt senter for opplæring
knytte til skulesystemet, ungdom og eldre som
ynskjer grunnopplæring i ulike emne.
Området kan også gje inspirasjon til
bildande kunstnarar og andre skapande og kreative
personar.
Med innsats og engasjement trur vi at her kan
skapast fleire nye arbeidsplassar knytt så
vel til opplevingsaktivitetane som til meir
jordbruksrealaterte aktivitetar. Dette notatet er
ei prosjektutgreiing av korleis vi meiner å
få dette til.
Utgangspunktet for dette prosjektet er Stordal
Kommune sin IDÈDUGNAD i Grendasalen den 11.
oktober 2001. På dette møtet
presenterte Einar J. Hove ei ide'skisse til
prosjektet ØVRE STORDAL. Denne
idèskissa blei godt motteken.
Det første utkastet til prosjektutgreiing
blei gjort av Einar J. Hove, som i tillegg til
eigne vurderingar, hadde basert seg på
synspunkt så vel frå
landbruksnæringa sine representantar som
andre bygdefolk.
Det fyrste utkastet, datert 18.01., blei sendt ut
i 60 eksemplar til "høyring" og
tilbakemelding og synspunkt. Landbrukskontoret,
ved landbrukssjef Toralv Klokkehaug, har vore ein
engasjert medspelar når no denne utgåva
av prosjektutgreiinga, datert 15.04. blir sendt
ut.
EIT STORT OG REPRESENTATIVT TAL AV ALT FOLKET I
STORDAL KOMMUNE STØTTER NO DETTE PROSJEKTET
MED SINE UNDERSKRIFTER. DETTE ER VIST I BILAG 13.
STORDAL 15. APRIL 2002
Skriving og redigering av denne utgåva av
prosjektutgreiinga er gjort ved eit samarbeid
mellom underteikna.
Einar J. Hove - Toralv Klokkehaug
SAMANDRAG
PROSJEKT ØVRE STORDAL
HOVUDMÅLSETJING
Ta vare på eksisterande busetjing og
vidareutvikle denne gjennom auka verdiskaping
innan eksisterande næringar og gjennom
etablering av nye næringar.
KVA VIL VI OPPNÅ ?
Ei positiv framtid for alle som bur i kommunen,
med fornya tru på framtida.
Primærnæringa skal få fleire bein
å stå på gjennom tenesteyting og
vidareforedling. Vidareutvikle turisme og
opplevingsdelen, med basis i lokal kultur og
tradisjon.
FORDI:
- Stordal Kommune er ei lita kommune med
einsidig næringsliv, møbel og landbruk.
- Møbelnæringa er i ein
omstillingsprosess med nedlegging av fabrikkar og
sentralisering av produksjonen. Dette har
ført til færre arbeidsplassar i
kommunen og sterk reduksjon av høgare
fagleg, administrativ arbeidskraft.
- Talet på mjølkeprodusenter er
redusert til 12 - ein av dei største
prosentvise reduksjonane i fylket. Dette har
ført til at fagmiljøet i landbruket er
svekka.
- Kommunen har store ressursar i utmarksareal,
der vilt, fiske, natur-og turoppleving står
sentralt.
- Det er vidare utarbeidd omfattande
utbyggingsplanar for ny hyttebygging.
- Øvre del av Stordal er på mange
måtar eit unikt område, som har store
muligheiter for å utvikle arbeidsplassar
knytt til oppleving og læring.
- Kommunen står samla bak satsinga.
PROSJEKTOMRÅDE
Området frå Vad bru og oppover i begge
dalføra til kommunegrensa.
GRUNNEIGARANE
Prosjektet er forankra i grunneigarane sin
medverknad og støtte, ikkje berre innan
planområdet, men i heile kommunen.
Prosjektet skal vere styrt av grunneigarane.
På denne måten skal dei delta aktivt i
prosjektet gjennom styringsorgan, arbeids-grupper
og dugnader.
GJENNOM DENNE SATSINGA SKAL STORDAL KOMMUNE BLI
EIT REGIONALT SENTER FOR GJENREISING OG
"RESTAURERING" AV PRIMÆRNÆRINGANE OG
UTVIKLING AV NYE NÆRINGAR MED BASIS I
EKSISTERANDE AKTIVITET.
LANDBRUKET I ØVRE
STORDAL
Dei store beiteviddene øvst opp i begge
dalføra er svært gode for både sau
og ung-dyr. Dei siste åra har jerven herja
stygt i saueflokkane som går i fjellet, men
ein har sett i gang tiltak for å redusere
skadane. Frå juli og utover hausten nyttar
heile Stordalsbygda desse viddene.
Beitetilhøva lengst nede i Stordalen er
dårlege på denne tida av året.
|