Langsæterdagane
Stordal Sogelag tok i 2004 initiativet til å
skape ein tradisjon i bygda ved å lage til
eit årvisst arrangement på
Langsætrane. Dette var året då Den
Store Hesteferda også blei arrangert.
Denne hausten blei det då berre halde eit
arrangement over ein dag på
Puskenstølen. I 2005 blei det lagt til rette
for eit arrangement over tre heile dagar, og
dette vil truleg bli strukturen i
Langsæterdagane som ein årviss
tradisjon vidare.
I det etterfølgende kan du lese om innhaldet
av dei tre Langsæterdagane i 2005.
Planlegginga av Langsæterdagane i 2006 er no
sett i gang, og ein legg opp til omfattande og
interessante dagar i Langsæterområdet
hausten 2006.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------
LANGSÆTERDAGANE 2005
ARRANGØRER I STORDAL:
Bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal og
Stordal Sogelag i samarbeid med
landbruksorganisasjonane og andre lag og
organisasjoner. Deltaking også av lag,
organisasjoner og skular i dei andre bygdelaga.
TROLLKYRKJEGARDSDAGEN
MØTEDAGEN MELLOM NABOBYGDENE
FREDAG 26. AUGUST
TROLLKYRKJEGARDEN EIN HISTORISK
STAD
Trollkyrkjegarden ligg inne på fjellet
mellom Langsætrane og Bøstølen.
Troll-kyrkjegarden var i gamle dagar ein
møtestad på fjellet mellom bygdene
Stordal, Valldal, Innfjorden, Måndalen og
Tresfjord.
MANGE TURAR INN MOT OG STORT TREFF AV
FOLK OG DYR PÅ
TROLLKYRKJEGARDEN.
Det vil bli arrangert turar med deltaking
frå Valldal, Innfjorden, Måndalen,
Våg-stranda, Daugstad, Tresfjord, Vaksvika,
Dyrkorn og opp gjennom heile Stordalen til
Møtestaden på Trollkyrkjegarden. Som
turdeltakarar denne dagen inviterer ein ei
blanding av frilufts / turfolk, hestefolk - med
alle hesteraser - skuleklasser og andre som er
interessert i å delta på denne
historiske turen.
PROGRAM
TROLLKYRKJEGARDSDAGEN FREDAG DEN 26. AUGUST
2005
Turar frå omliggande bygder og inn til
Trollkyrkjegarden
- Heste - / friluftsgrupper og skuleklasser
møtest på Trollkyrkjegarden
- Leirslagning - Hestestell - Prøveridning
- Forteljing om Kulturminner, Fjella og Naturen
i dette området
- Uteskule ved Friluftsrådet /
Kulturavdelinga på Molde
- Bålbrenning - Grilling - Matlaging
- Historieforteljing
- Kveld ved Elvabytet og Trollkyrkjegarden
EIN TEK ATTERHALD OM MINDRE
PROGRAMENDRINGAR.
ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE TIL Å DELTA
PÅ TURANE OG MØTET PÅ
TROLLKYRKJEGARDEN.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------
LANGSÆTERDAGANE 2005
ARRANGØRER I STORDAL:
Bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal og
Stordal
Sogelag i samarbeid med landbruksorganisasjonane
og andre lag og organisasjoner. Langsætrane
er fellesnavnet på dei to stølane
Kvitlane og Pusken. Her hadde dei 40 nederste
gardane i bygda stølsdrift fram til midten
av 1950 - talet.
KVITLANEDAGEN
OPPLEVINGS - OG LÆRINGS-DAGEN
LAURDAG DEN 27. 8.
Dagen starter med TURMARSJ frå
Overøye.Det er lagt opp til mykje
læring og oppleving
denne dagen. Programmet er fordelt på to
områder; på sjølve stølen og
nede ved elva / brua
nedanfor stølen. På begge plassane
foregår mange aktiviteter frå Kl. 1030
og ut heile dagen
PROGRAMMET PÅ SJØLVE
KVITLANESTØLEN
- Visning av kva slags produkt dei laga
frå mjølka på stølane i eldre
tider
- Ysting, kjinning, koking av dravle; visning,
smaksprøver og framgangsmåter for
tillaging av mange slags produkt
- Visning og demonstrering av utstyr og
reiskapar som blei brukt
- Mange stiller ut varer for salg på
Bøndenes Torg på Langsætrane.
- TINE, GILDE, MATTILSYNET OG STORDAL SOGELAG
stiller med informasjonsstand om deira produkter
og aktiviteter.
- Holt Gardsmat og Nilsgardstunet sel enkelte
spesialprodukt, tørrmat, kaffi, saft og
brensnut / kjøtsuppe
PROGRAMMET VED ELVA /
KVITLANEBRUA
- Visning av byggekonstruksjoner / bygg av
Isolaft, Grindlaft og Steinalderbolig
(Fletteverksbygg )
- Visning av produkt / konstruksjoner frå
Amdam Sag, Øvrebust Sag og Mørelaft
- Stands - og informasjon frå; DIN TUR,
Husfliden i MRF, Uteskule ved Skogselskapet i
MRF,
- Valldal Naturopplevinger, Liabygda Speidarar,
skyting med pil/boge m.m.
- Gullgravarleiren med mineralutstilling,
skjerping etter gull.
- Undervisning i mineralogi, geologi og
biologisk mangfold
- Tillaging og servering av "utemat"
EIN TEK ATTERHALD OM MINDRE
PROGRAMENDRINGAR.
ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE TIL KVITLANEDAGEN. TA
MED HEILE FAMILIEN - HER ER NOKO Å LÆRE
OG OPPLEVE FOR ALLE.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------
LANGSÆTERDAGANE 2005
ARRANGØRER I STORDAL:
Bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal og
Stordal
Sogelag i samarbeid med landbruksorganisasjonane
og andre lag og organisasjoner. Langsætrane
er fellesnavnet på dei to stølane
Kvitlane og Pusken. Her hadde dei 40 nederste
gardane i bygda stølsdrift fram til midten
av 1950 - talet.
PUSKENDAGEN
GUDSTENESTE OG UNDERHALDNINGSDAGEN SUNDAG
DEN 28.8.
Denne dagen starter med TURMARSJ frå
Overøye som går via Kvitlane og
vidare til Puskenstølen. Her blir det
først Gudstjeneste. Deretter eit variert
program
og sal av rjomegraut, brensnut / kjøtsuppe,
saft, kaffi og tørrmat
HOVEDPROGRAMOVERSIKT
Kl. 10.30 Turmarsj:
Overøye - Kvitlane - Pusken
Alle som deltek blir med i ei trekning med
mange premier. TRADISJONSSNOP blir delt ut
til borna ved Kvitlanebrua.Start på
parkeringsplassen på Overøye.
Får der utdelt nr. lodd for seinare
trekning.
Kl. 11.00 - 12.00
Rast ved Andersselet på
Kvitlane.
Litt underhaldning ved sela og sal av
lefser, kaffi, saft frå Holt
Gardsmat.
Kl. 12.30 - 13.30
Gudsteneste på Pusken:
Hornmusikken spelar til salmesongen
Kl. 13.30
Rjomegraut, Kjøtsuppe, sætermat,
lefser, kaker, kaffi, saft
v/Toreselet
Maten kjem frå Nilsgardstunet og Holt
Gardsmat
Kl. 14.00 - 16.00
Mange programinnslag
med innlagte prate og kaffipauser.
|
PROGRAMINNSLAG
MELLOM KL. 14.00 OG 16.00
- Stordal Hornmusikk
- Trekning av premiar frå turmarsjen
- Gamle instrument ved Dagfinn Nupen
- Stordals unge røyster - barnekoret
- Ferdafolk - Ingunn Linge Valldal og
Knut Ivar Bøe
- Salmer, viser og Pop ved Gruppa SMAUG,
4 musikarar med variert program
- Kanskje kjem Peer Gynt forbi - og Den
Grønkledde
EIN TEK ATTERHALD OM MINDRE
PROGRAMENDRINGAR
|
ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE TIL PUSKENDAGEN
28.8.
TA MED HEILE FAMILIEN TIL EIN MINNERIK DAG
PÅ DENNE LANGSÆTERSTØLEN.
|