Stordal Sogelag tok i 2004 initiativet til å skape ein tradisjon i bygda ved å lage til eit årvisst arrangement på Langsætrane. Dette var året då Den Store Hesteferda også blei arrangert.
Denne hausten blei det då berre halde eit arrangement over ein dag på Puskenstølen. I 2005 blei det lagt til rette for eit arrangement over tre heile dagar, og dette vil truleg bli strukturen i Langsæterdagane som ein årviss tradisjon vidare.
I det etterfølgende kan du lese om innhaldet av dei tre Langsæterdagane i 2005. Planlegginga av Langsæterdagane i 2006 er no sett i gang, og ein legg opp til omfattande og interessante dagar i Langsæterområdet hausten 2006.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------
LANGSÆTERDAGANE 2005
ARRANGØRER I STORDAL: Bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal og Stordal Sogelag i samarbeid med landbruksorganisasjonane og andre lag og organisasjoner. Deltaking også av lag, organisasjoner og skular i dei andre bygdelaga.
FREDAG 26. AUGUST
TROLLKYRKJEGARDEN EIN HISTORISK STAD
Trollkyrkjegarden ligg inne på fjellet mellom
Langsætrane og Bøstølen.
Troll-kyrkjegarden var i gamle dagar ein møtestad
på fjellet mellom bygdene Stordal, Valldal, Innfjorden,
Måndalen og Tresfjord.
MANGE TURAR INN MOT OG STORT TREFF AV FOLK OG DYR
PÅ TROLLKYRKJEGARDEN.
Det vil bli arrangert turar med deltaking frå Valldal,
Innfjorden, Måndalen, Våg-stranda, Daugstad,
Tresfjord, Vaksvika, Dyrkorn og opp gjennom heile Stordalen
til Møtestaden på Trollkyrkjegarden. Som
turdeltakarar denne dagen inviterer ein ei blanding av
frilufts / turfolk, hestefolk - med alle hesteraser -
skuleklasser og andre som er interessert i å delta
på denne historiske turen.
TROLLKYRKJEGARDSDAGEN FREDAG DEN 26. AUGUST 2005
Turar frå omliggande bygder og inn til
Trollkyrkjegarden
EIN TEK ATTERHALD OM MINDRE PROGRAMENDRINGAR.
ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE TIL Å DELTA PÅ TURANE
OG MØTET PÅ TROLLKYRKJEGARDEN.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------
LANGSÆTERDAGANE 2005
ARRANGØRER I STORDAL: Bygdeutviklingsprosjektet
Øvre Stordal og Stordal
Sogelag i samarbeid med landbruksorganisasjonane og andre lag
og organisasjoner. Langsætrane er fellesnavnet på
dei to stølane Kvitlane og Pusken. Her hadde dei 40
nederste gardane i bygda stølsdrift fram til midten av
1950 - talet.
OPPLEVINGS - OG LÆRINGS-DAGEN LAURDAG DEN 27. 8.
Dagen starter med TURMARSJ frå Overøye.Det er
lagt opp til mykje læring og oppleving
denne dagen. Programmet er fordelt på to områder;
på sjølve stølen og nede ved elva /
brua
nedanfor stølen. På begge plassane foregår
mange aktiviteter frå Kl. 1030 og ut heile dagen
PROGRAMMET PÅ SJØLVE KVITLANESTØLEN
PROGRAMMET VED ELVA / KVITLANEBRUA
EIN TEK ATTERHALD OM MINDRE PROGRAMENDRINGAR.
ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE TIL KVITLANEDAGEN. TA MED HEILE
FAMILIEN - HER ER NOKO Å LÆRE OG OPPLEVE FOR
ALLE.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------
LANGSÆTERDAGANE 2005
ARRANGØRER I STORDAL: Bygdeutviklingsprosjektet
Øvre Stordal og Stordal
Sogelag i samarbeid med landbruksorganisasjonane og andre lag
og organisasjoner. Langsætrane er fellesnavnet på
dei to stølane Kvitlane og Pusken. Her hadde dei 40
nederste gardane i bygda stølsdrift fram til midten av
1950 - talet.
GUDSTENESTE OG UNDERHALDNINGSDAGEN SUNDAG DEN 28.8.
Denne dagen starter med TURMARSJ frå Overøye som
går via Kvitlane og
vidare til Puskenstølen. Her blir det først
Gudstjeneste. Deretter eit variert program
og sal av rjomegraut, brensnut / kjøtsuppe, saft,
kaffi og tørrmat
Kl. 10.30 Turmarsj: |
PROGRAMINNSLAG
EIN TEK ATTERHALD OM MINDRE PROGRAMENDRINGAR |
ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE TIL PUSKENDAGEN 28.8.
TA MED HEILE FAMILIEN TIL EIN MINNERIK DAG PÅ DENNE
LANGSÆTERSTØLEN.