Stordal Turlag

Tur 2: Gravaneset-Ansok

Mai-veret kan vere ustabilt, og etter ein periode med fint og varmt ver, kom det ein dag med surt og vått ver, og temperaturar nedi 0. Denne dagen var samanfallande med at turlaget skulle til Liabygda å gå tur.

Sju stykker brydde seg ikkje om truande skyer, men kledde seg godt og fekk ein fin tur likevel. Turleiar Jan Helland tok oss med frå fergeleie på Gravaneset opp til garden Grova. Her sto morellebærtrea i full blomst og lova fine bær utpå sommaren. Vi fortsatte i bratt terreng til Klevberget, også det ein fråflytta gard. Namnet kom vist nok frå eit berg som dei måtte klivre forbi for å kome hei. Seinare var det mura opp ein veg. Regnet gjekk no over til sludd, så det var ikkje noko særleg å stå forlenge stille. Vi gjekk vegen til Ansok, og derifrå nedatt ei anna rås enn den vi gjekk opp.

Fakta:
Dato: onsdag 22. mai
Tidsbruk: ca. 2,5 t.
Antal deltakarar: 7

Sjå fleire bilder i bildegalleriet.