Stordal Turlag

Tur 1: Stamneset

Årets første tur gjekk til den gamle forlatte gården Stamneset mellom Stordal og Dyrkorn. Startpunktet var frå Dyrkorn, gamlevegen forbi Flåen. Her var det mange av dei 16 som var med som var på gamle trakter. Stordalstunnelen opna i 1998, og dei fleste hadde ikkje vore her sidan det. Det var litt meir nedrasa steinar og litt meir overgrodd, men overbygget sto der som alltid.

Starten av råsa opp til Stamneset var ikkje vanskeleg å finne, og ikkje var det langt heller. Vi fekk oss ein rast, beundra utsikta i den lyse, fine kvelden og diskuterte litt historier om gården og folket som hadde bodd her. Husa såg ut til å vere haldne godt i hevd.

Vi gjekk same vegen tilbake.

Fakta:
Dato: onsdag 8. mai
Tidsbruk: ca. 2,5 t.
Antal deltakarar: 16

Sjå fleire bilder i bildegalleriet.