Atter ein onsdag med lavt skydekke, men det
stoppar ikkje Stordal Turlag. Vi køyrde
til Lien på Dyrkorn, der er ein liten
parkeringsplass ved skiftet til Ysætra.
Frå Lien går det ei bratt rås
opp til ein sommarfjøs, og herifrå er
det ikkje fullt så bratt. Råsa
fortset gjennom litt skog i retning Viset(eller
Fjelle der Turlaget var for eit par år
sidan), før ein kjem over tregrensa. Her
møtte vi også skodda, så utsikta
vart temmeleg begrensa. Vi hadde ein kort pause
på toppen, 598 moh. Meininga var å
gå mot Ysætra(eller Ystesætra
som det også kallast), men sidan sikta var
så dårleg, gjekk vi ein lettere veg
nedatt. Vi kom inn på ei rås som
gjekk forbi Geiteskarvatnet ned til to hytter
som er eigd av ørskogbygdarar. Vidare kom
vi innatt på samme råsa som vi
følgde på veg opp.
Fakta:
Dato: onsdag 22. august
Tidsbruk: ca. 2 t.
Antal deltakarar: 16
Sjå fleire bilder i
bildegalleriet